St.prp. nr. 17 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2004 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

8 Utviklinga i Snøhvit-prosjektet

Departementet viser til omtalen av Snøhvit-prosjektet i St.prp. nr. 1 (2004-2005). Det har ikkje komme noko nytt kostnads- og tidsoverslag i forhold til det som har vore omtala tidlegare. Operatøren, Statoil, planlegg å komme med eit oppdatert kostnadsestimat og ein oppdatert tidsplan for prosjektet innan utgangen av året.

Statoil opplyser at arbeidet med landanlegget på Melkøya ved Hammerfest går tilfredsstillande. Feltutbygginga går òg etter planen. Dei har starta legging av feltrøyra, og sidan riggstreiken no er slutt, kan boreriggen Polar Pioneer gjerast klar til mobilisering. Snøhvit-prosjektet jobbar mot utsegling av lekter med fabrikkanlegg frå Dragadosverftet i Spania til Melkøya før 1. juli 2005. Den store uvissa rundt prosjektet er knytt til kor mykje arbeid som må overførast frå Spania til Melkøya. Aktivitetar for å kartleggje omfang og førebu overføring av arbeid er satt i gang for å sikre at dei arbeida som er att når lekteren kjem til Melkøya sommaren 2005, blir gjort mest mogleg effektivt.

Ved førre rapportering for Stortinget i juni 2004, peikte ein på nokre hovudutfordringar som prosjektet da stod overfor. Situasjonen for desse er no som følgjer:

Kjølekompressorar

Testar gjort i mai 2004 viste at sentrale kjølekompressorar måtte modifiserast for å møte spesifiserte ytingskrav. Ei arbeidsgruppe med personell frå hovudkontraktøren Linde, produsenten Nuevo Pignone og operatøren Statoil har jobba med å definere og løyse problema. Nødvendige justeringar blei gjort sommaren 2004, og testane etterpå ga positivt resultat. Kompressorane med tilhøyrande generatorar er no frakta til Spania og montert på lekteren. Leveransane av kompressorane er samla tre til fire månader forseinka, og dette vil bli innarbeidd i oppdaterte tidsplanar for prosjektet.

Mobilisering av mannskap og produktivitet hos Dragados

Ein rekkje tiltak er satt inn for å betre situasjonen. Prosjektet har investert i hjelpeutstyr og hallar for å betre produktiviteten. Dei fokuserer også på planlegging av arbeid fram i tid for å sikre at ein har tilstrekkeleg og korrekt mannskap og utstyr tilgjengeleg heile tida.

Manglande og forseinka teikningar og materialar

Det er framleis fokus på leveransane frå hovudkontraktør Linde. Ein prioriterer arbeidet med teikningar og materialar slik at ein i hovudsak klarer å møte dag-til-dag-behovet på dei ulike byggestadene.

Det går for tida for seg ein uavhengig gjennomgang av kostnader og tidsplanar internt i Statoil, kor også lisenspartnarane deltek. Statoil har opplyst at dei tek sikte på å komme med oppdaterte kostnads- og tidsoverslag i løpet av desember 2004.

Departementet vil orientere Stortinget på egna måte når oppdaterte kostnadstal og tidsplanar for Snøhvit-prosjektet er tilgjengelege.