3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Kap. 1313 Luftfartstilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Aktiviteten i luftfartssektoren er i 2008 høgare enn venta. Den auka aktiviteten har m.a. ført til ein auke i utferding av flygedyktigheitsbevis og årsgebyr, auke i dokumentutsteding av sertifikat og vandelskontroll. For Luftfartstilsynet har dette ført til at tilsynsverksemda har auka. Utgiftene til tilsynsverksemda har dermed blitt høgare. Samstundes har inntektene frå denne verksemda auka. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1313, post 01 Driftsutgifter, med 12 mill. kr. Inntektene blir auka tilsvarande, jf. kap. 4313, post 01.
Kap. 4313 Luftfartstilsynet
Post 01 Gebyrinntekter
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4313, post 01 Gebyrinntekter, med 12 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1313, post 01 Driftsutgifter.
Nye lokale for Luftfartstilsynet
Stortinget vedtok i 2003 at Luftfartstilsynet skulle flytte frå Oslo til Bodø, jf. St.meld. nr. 17/Innst. S. nr. 22 (2002-2003). Fram til i dag har Luftfartstilsynet leigd lokale av Avinor AS på Bodø lufthamn. Luftfartstilsynet i Bodø har no blitt så stort at lokala er for små. Ytterlegare utviding av lokala er ikkje mogleg. Luftfartstilsynet arbeider derfor no med å skaffe nye lokale til verksemda i Bodø.
Leige av lokale som blir bygd med utleige som føremål, er omfatta av lov og forskrift om offentlege anskaffingar. I samsvar med regelverket har Luftfartstilsynet henta inn tilbod på nye lokale i Bodø.
Kravspesifikasjon for anbodsutlysinga er tilpassa normal standard når det gjeld denne type verksemd med cellekontor, møterom mv. Statsbygg har hjelpt til med utforminga av funksjonskrav og vil også bli trekt inn i samband med inngåing av kontrakt.
Det kom inn ni tilbod. Alle tilboda gjeld nybygg i nærleiken av Bodø lufthamn. Pris varierer betydeleg. Tilbydd leigepris varierer både frå tilbod til tilbod og for ulike leigeperiodar. Det vil vere mest aktuelt å inngå leigekontrakt for ein periode på 20 år. Tilboda gjeld fram til 15. januar 2009.
For Luftfartstilsynet vil den totale leigekostnaden for nye lokale bli minst om lag 15 mill. kr pr. år og med ein tilhøyrande driftskostnad på minst 3,5 mill. kr, dvs. ein årleg kostnad på i alt minst 19 mill. kr. Tilsynet har i dag ein leigekostnad på 4,53 mill. kr og ein driftskostnad på 1,37 mill. kr, dvs. 5,9 mill. kr i året. Samanlikna med i dag legg departementet til grunn ei auka årleg driftsutgift for leige av lokale på 12-15 mill. kr frå og med budsjettåret 2011.
Ein auka driftskostnad på 12-15 mill. kr kan ikkje dekkjast innanfor gjeldande løyvingsnivå på kap. 1313, post 01 Driftsutgifter, utan at dette vil gå vesentleg ut over tilsynet si evne til å utføre sine oppgåver. Husleigekostnader inngår frå 2009 i kostnadsbasen for tilsynsverksemda til Luftfartstilsynet. Dei auka kostnadene vil derfor i stor grad bli dekt inn gjennom auka gebyrinntekter på kap. 4313, post 01 Gebyrinntekter.
Luftfartstilsynet har ikkje fullmakt til å pådra staten forpliktingar som går ut over gjeldande løyvingsnivå for seinare budsjettår. På denne bakgrunn ber Samferdselsdepartementet om at departementet kan gi Luftfartstilsynet fullmakt til å inngå avtale om leige av lokale som pådrar staten forpliktingar på inntil 15 mill. kr ut over det som kan dekkjast innafor gjeldande løyvingsnivå under kap. 1313, post 01 Driftsutgifter, frå og med budsjettåret 2011.