5 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak
Kap. 1330 Særskilde transporttiltak
Post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes
Samferdselsdepartementet viser til tidlegare omtale av status for tingingane med Hurtigruten ASA om gjeldande avtale, seinast i St.prp. nr. 1 (2008-2009). I St.prp. nr. 1 (2008-2009) går det òg fram at selskapet har opplyst at det ikkje lenger kan stå ved avtaleforholdet med staten i si noverande form.
Tingingane mellom selskapet og departementet er nettopp avslutta. Ut frå ei samla vurdering blir det foreslått at Hurtigruten ASA får kompensasjon til å dekkje selskapet sine kostnader til betaling av NOx-avgifta for 2007 og innbetaling til næringslivet sitt NOx-fond i første halvår 2008. Kompensasjonsgraden er sett til 90 pst. Totalt utgjer dette 59 mill. kr. Som følgje av den vanskelege økonomiske situasjonen selskapet har kome i, finn departementet det òg nødvendig å gjere framlegg om ein generell økonomisk kompensasjon på 66 mill. kr for 2008 for å sikre at tenestetilbodet blir halde oppe på om lag same nivå som fastsett i gjeldande avtale. Departementet har òg godkjent at selskapet kan ta ut eitt skip av kystruta Bergen – Kirkenes f.o.m. november 2008 t.o.m. mars 2009. På bakgrunn av at selskapet har varsla at det ikkje kan stå ved avtalen som gjeld til utgangen av 2012, vil departementet setje i gang arbeidet med å førebu utlysing av tenestekjøp av kystruta Bergen – Kirkenes for å etablere ein ny avtale. Gjeldande avtale blir avvikla frå det tidspunkt ny avtale med valt operatør kan setjast i drift.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at kompensasjonen for innbetaling til næringslivet sitt NOx-fond blir ført vidare i resten av den reviderte avtaleperioden. Departementet finn det òg nødvendig med ein generell kompensasjon i resten av den reviderte avtaleperioden, dersom ikkje det økonomiske resultatet til selskapet knytt til det statlege tenestekjøpet, blir vesentleg betre. Godkjenning av uttak av eitt skip i vintersesongen gjeld òg for resten av avtaleperioden.
Departementet tek sikte på å implementere resultatet av tingingane i ein revidert avtale mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA.
Resultatet av tingingane vil bli lagt fram for ESA. Etter Samferdselsdepartementets vurdering er ikkje det skisserte opplegget i strid med statsstøtteregelverket. Dersom ESA likevel ikkje skulle godta løysinga, vil Hurtigruten ASA kunna bli pålagt å betale attende det som måtte bli vurdert som ulovleg støtte.
På denne bakgrunn foreslår departementet å auke løyvinga for 2008 på kap. 1330, post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes, med 125 mill kr. Departementet vil kome tilbake med framlegg om tilleggsløyving for 2009.