St.prp. nr. 24 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 mv. under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.30 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen

Post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riks­vegar m.m.

I midten av august gjekk det eit større steinras på rv 70 Oppdølsstranda i Sunndal kommune. To bilar blei trefte av steinmassane, og ein person blei sendt til sjukehus. Strekninga var stengd for trafikk i fleire dagar. Steinsprangnettet som er montert ovafor vegen, fanga opp større mengder med stein.

Førebels overslag viser at kostnadene for Statens vegvesen for opprydding og utbetring av fanggjerdet vil bli på om lag 15 mill. kr.

Realistisk budsjettering av inntekter

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., post 02 Diverse gebyr og post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald, med 176 mill. kr. Auken i løyvinga har ikkje nokon effekt på aktivitetsnivået i Statens vegvesen, jf. omtalen under kap. 4320, postane 01, 02 og 03.

Oppsummering

På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med i alt 191 mill. kr.

Post 29 Vederlag til OPS-prosjekt

Kontrakt for OPS-prosjektet E18 Grimstad – Kristiansand i Aust-Agder og Vest-Agder blei inngått i juni 2006. Delstrekningane Øygardsdalen – Tjoretjerra i Grimstad og Dyreparken – Rona i Kristiansand blei opna for trafikk i juli 2008, medan heile strekninga Øygardsdalen – Rona etter planen skal stå ferdig i august 2009.

Ut frå praksis for dei to tidlegare OPS-prosjekta har det vore lagt til grunn at all meirverdiavgift for anleggsarbeidet vil bli fakturert når heile strekninga står ferdig. Skatteetaten ved Skatt sør meiner derimot at meirverdiavgifta skal betalast kontinuerleg i anleggsperioden. Utgiftene til meirverdiavgift for prosjektet i 2008 er anslått til 175 mill. kr.

I løyvinga på post 29 for 2008 inngår ikkje utgifter til meirverdiavgift. Kontinuerleg innbetaling av meirverdiavgift vil derfor føre til høgare utgifter for Statens vegvesen enn lagt til grunn. For staten vil meirverdiavgiftsinntektene bli tilsvarande høgare. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1320, post 29 Vederlag til OPS-prosjekt, med 175 mill. kr.

Post 30 Riksveginvesteringar

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1330, post 30 Riksveginvesteringar, med 36 mill. kr. Auken i løyvinga har ikkje nokon effekt på aktivitetsnivået i Statens vegvesen, jf. omtalen under kap. 4320, post 01.

Kap. 4320 Statens vegvesen

Post 01 Salsinntekter m.m.

Statens vegvesen har inntekter frå m.a. tilbakebetaling frå bompengeselskapa av utlegg som Statens vegvesen har hatt i samband med kjøp av bom­pengebrikker, sal av kjennemerke. Det er knytt utgifter til desse inntektene. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vere vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa. Det er derfor knytt ei meirinntektsfullmakt til posten.

Rekneskapen for dei siste åra viser at inntektene har vore vesentleg høgare enn budsjettert. For 2007 viser rekneskapen inntekter på posten på nesten 313,6 mill. kr, medan det var budsjettert med 135 mill. kr i inntekter. Ut frå kravet til realistisk budsjettering må inntektene og utgiftene aukast. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., med 120 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., og post 30 Riksveginvesteringar.

Post 02 Diverse gebyr

Statens vegvesen har inntekter frå ulike gebyr som førarkortgebyr, gebyr for dagprøvekjennemerke, påskiltingsgebyr, kontrollgebyr og gebyr for myndigheitskontrollar. Det er knytt utgifter til desse inntektene. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vere vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa. Det er derfor knytt ei meirinntektsfullmakt til posten.

Rekneskapen for dei to siste åra viser at inntektene har vore høgare enn budsjettert. For 2007 viser rekneskapen inntekter på posten på 297,6 mill. kr, medan det var budsjettert med 245 mill. kr i inntekter. Ut frå kravet til realistisk budsjettering må inntektene og utgiftene aukast. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, med 44 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap

Statens vegvesen mottek innbetalingar frå for­sikringsselskap. Dette gjeld faktiske utgifter for skader som køyretøy har påført m.a. vegutstyr. Refusjonane har ei tilsvarande utgiftsside. Inntektene kan variere frå år til år, noko som gjer at det kan vere vanskeleg å fastsetje nivået ved budsjetteringa. Det er derfor knytt ei meirinntektsfullmakt til posten.

Rekneskapen for dei to åra posten har vore i bruk, viser at inntektene har vore vesentleg høgare enn budsjettert. For 2007 viser rekneskapen inntekter på posten på 84,9 mill. kr, medan det var budsjettert med 40 mill. kr i inntekter. Ut frå kravet til realistisk budsjettering må inntektene og utgiftene aukast. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 03 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 48 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Kap. 4322 Svinesundsforbindelsen AS

Post 90 Avdrag på lån

Det er i 2008 behov for 9,3 mill. kr til grunnerverv, etterarbeid og sluttoppgjer for den norske delen av prosjektet Svinesundsforbindelsen. I staden for å løyve nye midlar til lån meiner Samferdselsdepartementet det vil vere mest praktisk å dekkje utgiftene til etterarbeid mv. ved å nytte bompengar. Dette vil medføre at avdraget på det statlege lånet i 2008 vil bli tilsvarande lågare, og at løyvinga på kap. 4322, post 90 Avdrag på lån, må reduserast. Ein reduksjon av avdraget vil ikkje endre dei budsjetterte renteinntektene i 2008 for lånet. På denne bakgrunn foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 4322, post 90 Avdrag på lån, med 9,3 mill. kr.

E6 Trondheim – Stjørdal – vidareføring av ­innkrevjingsordninga

Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2008-2009), er det lokalpolitisk tilslutning til å utvide bompengeprosjektet E6 Trondheim – Stjørdal til også å omfatte endeparsellane Nidelv bru – Grillstad i Trondheim kommune og Værnes – Kvithammar i Stjørdal kommune. Prosjektet er kvalitetssikra eksternt (KS2). Kommunane og fylkeskommunane har slutta seg til forslag til finansieringsplan. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 24 (2007-2008) og St.prp. nr. 45 (2007-2008) har Stortinget slutta seg til å utvide eksisterande innkrevjingsordning for å finansiere prosjektering, grunnundersøkingar og innløysing av bustader i samband med prosjektet.

Eksisterande bompengelån vil vere nedbetalt rundt årsskiftet 2008/2009. Statens vegvesen har derfor, i forståing med den politiske samarbeidsgruppa for prosjektet, foreslått å vidareføre innkrevjinga av bompengar på E6 mellom Trondheim og Stjørdal fram til Stortinget har behandla forslaget om å utvide prosjektet. Ei slik vidareføring vil innebere at bompengeselskapet slepp å permittere dei som arbeider på bomstasjonane. Vidare vil det sikre midlar til prosjektering og utarbeiding av konkurransegrunnlag, slik at dette arbeidet kan gå som planlagt. Midlane kan òg gå til innløysing av bustader m.m.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til det foreslåtte opplegget med å vidareføre innkrevjinga fram til Stortinget har behandla forslaget om å utvide prosjektet. Regjeringa legg opp til å fremje ein proposisjon om utvidinga før årsskiftet 2008/2009, med sikte på anleggsstart i 2009.

Utviding av bompengeinnkrevjinga på rv 714 Hitra – Frøya fastlandssamband i Sør-Trøndelag

Innleiing

Prosjektet Hitra – Frøya fastlandssamband er delfinansiert med bompengar, jf. St.prp. nr. 97/Innst. S. nr. 246 (1989-90). Prosjektet er no nedbetalt etter ei samla innkrevjingstid, inkludert førehandsinnkrevjing, på 17 år. Dette er litt meir enn eit år tidlegare enn det som var føresett etter at innkrevjingsordninga for prosjektet blei endra, jf. St.prp. nr. 29 (2002-2003). Innkrevjinga av bompengar er no avslutta. Hitra, Frøya og Snillfjord kommunar har gått inn for å vidareføre innkrevjinga av bompengar i sambandet i 14 månader, frå 1. november 2008 og ut 2009, for å finansiere ny vegløysing over Dolmøya.

Ny bru over Dolmsundet og vegløysing over Dolmøya var ein del av prosjektet Hitra – Frøya fastlandssamband. Hitra kommune la inn motsegn mot planane om ny bru over Dolmsundet. Miljøverndepartementet gav kommunen medhald i saka. Planane om ny bru over Dolmsundet og vegløysing over Dolmøya blei derfor tekne ut av prosjektet, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001) og St.prp. nr. 76 (2000-2001). Riksvegen over Dolmøya blei som ei mellombels løysing, lagt langs den gamle fylkesvegen. Det blei lagt til grunn at bygging av ny bru over Vettastraumen skulle ta til i siste del av handlingsprogramperioden 2002-2005, jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002).

Kommunane er no samde om eit forslag om ny veg over Dolmøya og ønskjer å bruke bompengar frå eksisterande ordning til å delfinansiere og forskottere bygginga av vegen. Prosjektet kan med ei slik løysing opnast for trafikk i 2010 noko som er 4-5 år tidlegare enn det som er lagt til grunn i forslaget til handlingsprogram 2006-2015 for øvrige riksvegar i Sør-Trøndelag.

Lokalpolitisk behandling

Det er fatta likelydande vedtak om utviding av innkrevjingsperioden i kommunestyra i Hitra, Frøya og Snillfjord kommunar. Alle kommunane fatta vedtaket 28. august 2008. I vedtaket står det m.a.:

  1. «Hitra/Frøya/Snillfjord kommunestyre aksepterer at omlegging av Rv. 714 over Dolmøya (strekningen Vikansvingen – Stråmyra) følger traseen som er vedtatt av Hitra kommunestyre, og at forskottering/delfinansiering skjer gjennom utvidelse.

  2. Forlengelse av bompengeperioden forutsetter fortsatt fri passering for pendlere bosatt i Snillfjord. For perioden 01.11.08 – 31.12.09 dekkes disse kostnadene med 50 % av Hitra kommune, og 50 % av Frøya kommune/Frøya Nye Næringsforening. I tillegg forutsettes at Frøya kommune/Frøya Nye Næringsforening dekker 100 % av kostnadene med fri passering for «øvrige snillfjordinger», i perioden 01.11.08 – 31.12.09. Det skal opprettes egen avtale som regulerer partenes rettigheter og forpliktelser knyttet til slik fri passering og betaling.»

Sør-Trøndelag fylkeskommune har slutta seg til opplegget gjennom vedtak i fylkesutvalet 2. september 2008:

«Fylkesutvalget viser til vedtak 137/2008 vedrørende omlegging av Rv 714 over Dolmøya (strekningen Vikansvingen – Stråmyra) og aksepterer at forskottering/delfinansiering skjer gjennom utvidelse av bompengeperioden (ved Sandstad-bommen) til 31.12.2009.

Forlengelse av bompengeperioden forutsetter fortsatt fri passering for pendlere bosatt i Snillfjord. For perioden 01.11.08 – 31.12.09 dekkes disse kostnadene med 50 % av Hitra kommune, og 50 % av Frøya kommune/Frøya Nye Næringsforening. I tillegg forutsettes at Frøya kommune/Frøya Nye Næringsforening dekker 100 % av kostnadene med fri passering for «øvrige snillfjordinger», i perioden 01.11.08 – 31.12.09. Det skal opprettes egen avtale som regulerer partenes rettigheter og forpliktelser knyttet til slik fri passering og betaling.

Fylkesrådmannen anbefaler at avtalen med gratis passering av «Snillfjordinger» holdes utenfor selve bompengesøknaden og ordnes gjennom et lokalt avtaleverk.»

Kommunane har i vedtaket føresett at pendlarar som er busette i Snillfjord, får passere bomstasjonen gratis i perioden. Fylkeskommunen har i sitt vedtak lagt til grunn at dette blir ordna gjennom eit lokalt avtaleverk. Departementet støttar fylkeskommunen si vurdering.

I saksframlegget som låg til grunn for fylkesutvalet si behandling av saka, går det fram at fylkeskommunen er klar over at dei statlege midlane som er føresett prioriterte i 2013 og 2014, vil påføre fylkeskommunen økonomiske bindingar som følgje av forvaltningsreforma. Fylkeskommunen har orientert Statens vegvesen om at vedtaket inneber at dei har forplikta seg til å følgje opp prosjektet med fylkeskommunale midlar seinast i åra 2013 og 2014.

Omtale av utbygginga

Utbygginga omfattar bygging av ny rv 714 mellom Vikstrøm og Stråmyra over Vettastraumen. Prosjektet vil avløyse ein veg med dårleg standard. Vegen er smal med dårleg kurvatur og dårlege kryssløysingar. Det har vore alvorlege trafikkulykker på strekninga. Prosjektet inkluderer bygging av ny bru over Vettastraumen. Byggekostnadene for prosjektet er kostnadsrekna til om lag 100 mill. kr.

Figur 1.1 Kartskisse

Figur 1.1 Kartskisse

Bompengeordning og finansieringsplan

Det er lagt opp til å vidareføre innkrevjingsordninga i 14 månader. Det er rekna med at dette vil gi ei nettoinntekt på om lag 35 mill. kr. I tillegg er det rekna med innkrevjingkostnader på om lag 4,5 mill. kr. Det er ikkje foreslått å endre takst- og rabattsystemet.

Det er lagt opp til at bompengeselskapet forskotterer dei offentlege løyvingane mot refusjon i 2013 og 2014. Opplegget inneber at bompengeselskapet også må dekkje renter på lån av dei forskotterte midlane. Desse er vurdert til å utgjere om lag 20 mill. kr. Det er da lagt til grunn at 35 mill. 2008-kr i offentlege midlar blir refundert i 2013 og 50 mill. 2008-kr i 2014. Dette gir denne finansieringsplanen for prosjektet:

  Mill. kr
Bompengar15
Offentlege midlar85
Sum100

Samferdselsdepartementets vurdering

Samferdselsdepartementet er samd med lokale styresmakter i at det er viktig å få bygd om denne vegstrekninga så snart som råd. Utvidinga av ordninga skal finansiere eit tiltak som var ein del av det opphavlege prosjektet som skulle bompengefinansierast. Departementet tilrår derfor at bompengeselskapet får løyve til å forlengje bompengeinnkrevjinga i tråd med omtalen ovafor.