7 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar
Kap. 4380 Post- og teletilsynet
Post 01 Diverse gebyr
I samband med lønsoppgjeret for 2008 er Post- og teletilsynet tildelt 4 638 000 kr i lønskompensasjon på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, med 4 638 000 kr.
Post- og teletilsynets reguleringsfond
Post- og teletilsynet er sjølvfinansierende. Det blir kravd inn gebyr som blir inntektsført på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr. Inntektene skal dekkje utgiftene på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrskjøp, med unntak av 10 mill. kr til finansiering av Radiostøykontrollen. Post 22 Flyttekostnader og post 71 Tilskot til teletryggleik og beredskap, inngår ikkje i sjølvfinansieringa.
I 1993 blei det etablert ei ordning med reguleringsfond. Fondet er eit hjelpemiddel for å kompensere for tilfeldige variasjonar i inntektene, slik at kravet til Post- og teletilsynets sjølvfinansiering kan tilfredsstillast utan store gebyrendringar i det einskilde år. Gebyra blir fastsett med heimel i ei eiga gebyrforskrift. Det einskilde gebyr skal vere kostnadsbasert.
Før flyttinga av tilsynet til Lillesand i mai 2007 blei ein del større utstyrskjøp utsett. Det var òg lenge uvisse om kor store kostnadene i samband med flyttinga og etableringa i Lillesand ville bli. Flytteprosessen er no gjennomført, og tilsynet er kome inn i ein «normal driftssituasjon».
Nivået for forbruket på kap. 1380, postane 01 og 45, i 2008 ser ut til å vere det riktige nivået også for dei komande åra. Forbruket for 2008 vil vere lågare enn den disponible løyvinga på kap. 1380, postane 01 og 45. Mindreforbruket vil bli på om lag 34 mill. kr. Det vil ikkje vere behov for å be om å få overført dei unytta midlane til 2009.
Sidan Post- og teletilsynet er finansiert med gebyr frå brukarane vil det vere urimeleg og i strid med prinsippa bak sjølvfinansieringa å ikkje la dette mindreforbruket kome brukarane til gode. Departementet foreslår at dei unytta løyvingane blir overførte til reguleringsfondet. Dei vil bli tilbakeført til brukarane ved at gebyra i dei nærmaste åra blir lågare enn det som er nødvendig for å dekkje utgiftene. Differansen mellom utgiftene og gebyrinntektene vil bli dekt ved ta midlar frå reguleringsfondet. Dette inneber ei gradvis nedtrapping av reguleringsfondet. Vidare inneber dette at ein unngår for store svingingar i storleiken på gebyra frå eitt år til eit anna. Storleiken på fondet bør spegle av formålet med fondet. Etter nedtrappinga vil storleiken på fondet vere på om lag 8-10 mill. kr.
Pr. 01.01.2008 er saldoen på reguleringsfondet på 28,5 mill. kr. Ei overføring til fondet på om lag 34 mill. kr pr. 31.12.2008 vil bringe fondet opp i om lag 63 mill kr.
Samferdselsdepartementet har i 2008 fullmakt til å overføre inntil 10 mill. kr til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond. Departementet foreslår på denne bakgrunn å auke fullmakta for 2008 for å føre til eller frå reguleringsfondet til 35 mill. kr.