Forslag til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 2008 mv. under Samferdselsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
1313 | Luftfartstilsynet: | ||
01 | Driftsutgifter, blir auka med | 12 000 000 | |
frå kr 153 000 000 til kr 165 000 000 | |||
1320 | Statens vegvesen: | ||
23 | Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72, blir auka med | 191 000 000 | |
frå kr 7 061 500 000 til kr 7 252 500 000 | |||
29 | Vederlag for OPS-prosjekt, kan overførast, kan nyttast under post 23 og post 30, blir auka med | 175 000 000 | |
frå kr 285 000 000 til kr 460 000 000 | |||
30 | Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 29, post 31, post 60 og post 72, blir auka med | 36 000 000 | |
frå kr 5 785 300 000 til kr 5 821 300 000 | |||
1330 | Særskilde transporttiltak: | ||
70 | Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes, blir auka med | 125 000 000 | |
frå kr 287 900 000 til kr 412 900 000 | |||
1350 | Jernbaneverket: | ||
23 | Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med | 75 000 000 | |
frå kr 3 489 600 000 til kr 3 564 600 000 | |||
30 | Investeringar i lina, kan overførast, kan nyttast under post 23, blir auka med | 38 600 000 | |
frå kr 2 372 900 000 til kr 2 411 500 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
4300 | Samferdselsdepartementet: | ||
96 (NY) | Aksjar, blir løyvd med | 667 000 | |
4313 | Luftfartstilsynet: | ||
01 | Gebyrinntekter, blir auka med | 12 000 000 | |
frå kr 101 300 000 til kr 113 300 000 | |||
4320 | Statens vegvesen: | ||
01 | Salsinntekter m.m., blir auka med | 120 000 000 | |
frå kr 140 800 000 til kr 260 800 000 | |||
02 | Diverse gebyr, blir auka med | 44 0000 000 | |
frå kr 255 500 000 til kr 299 500 000 | |||
03 | Refusjonar frå forsikringsselskap, blir auka med | 48 000 000 | |
frå kr 41 700 000 til kr 89 700 000 | |||
4322 | Svinesundsforbindelsen AS: | ||
90 | Avdrag på lån, blir redusert med | 9 300 000 | |
frå kr 24 000 000 til kr 14 700 000 | |||
4350 | Jernbaneverket: | ||
01 | Køyrevegsavgift, blir redusert med | 8 200 000 | |
frå kr 21 800 000 til kr 13 600 000 | |||
02 | Sal av utstyr og tenester mv., blir auka med | 70 000 000 | |
frå kr 108 300 000 til kr 178 300 000 | |||
4380 | Post- og teletilsynet | ||
01 | Diverse gebyr, blir auka med | 4 638 000 | |
frå kr 174 500 000 til kr 179 138 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at:
Samferdselsdepartementet kan gi Luftfartstilsynet fullmakt til å inngå avtale om å leige lokale som pådrar staten forpliktingar på inntil 15 mill. kr ut over det som kan dekkjast innafor gjeldande løyvingsnivå under kap. 1313 Luftfartstilsynet, post 01 Driftsutgifter, frå og med budsjettåret 2011.
bompengeselskapet får løyve til å vidareføre dagens ordning med å krevje inn bompengar til delfinansiering av utbygging av E6 Øst på endeparsellane Nidelv bru – Grillstad i Trondheim kommune og Værnes – Kvithammar i Stjørdal kommune fram til Stortinget har behandla proposisjon om å utvide prosjektet.
bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delfinansiering av utbygginga på rv 714 Hitra – Frøya fastlandssamband i tråd med vilkåra i denne proposisjonen.
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga for utbygginga på rv 714 Hitra – Frøya fastlandssamband.
Samferdselsdepartementet i 2008 kan overføre inntil 35 mill. kr til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond.