1 Bakgrunn
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 85/2003 av 20. juni 2003 gjeld deltaking for EFTA-statane i EU-tiltaket «Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004» («The European Year of Education through Sport 2004»; «EYES 2004»). Tiltaket vart vedteke i EU ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 291/2003/EF av 6. februar 2003. I og med at norsk deltaking i tiltaket inneber økonomiske plikter, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, jf. Grl. § 26 andre leddet og artikkel 103 i EØS-avtala. Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsavgjerda følgjer i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til denne proposisjonen.