St.prp. nr. 4 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 85/2003 av 20. juni 2003 om deltaking for EFTA-statane i EU-tiltaket «Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004»

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 85/2003 av 20. juni 2003 om deltaking for EFTA-statane i EU-tiltaket «Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004».

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 85/2003 av 20. juni 2003 om deltaking for EFTA-statane i EU-tiltaket «Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004», i samsvar med eit vedlagt forslag.