5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Avgjerda i EØS- komiteen om deltaking i tiltaket vil innebere ei folkerettsleg plikt for Noreg til å medverke økonomisk. Året er lansert som eit toårig program for 2003-2004, og det samla budsjettet til tiltaket er på 11,5 millionar euro. Kontingenten for Noreg for 2003 og 2004 utgjer i alt om lag 2, 0 % av totalramma, dvs. om lag 1,7 millionar kroner. Av dette er det for 2003 venta ei utbetaling på om lag 290 000 kroner. I tillegg til kontingenten er det naudsynt med om lag 500 000 kroner i nasjonale midlar i 2003 og ein sum som er minst like stor i 2004. Utgiftene til deltaking i tiltaket vert dekte over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet innanfor eksisterande budsjettrammer.