2 Nærmare om «Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004»
Føremålet med Det europeiske året for utdanning gjennom idrett er å fremje europeisk samarbeid om ei heilskapleg tilnærming til å utforske utdanningspotensialet og den europeiske dimensjonen i idretten, og fremje frivillig idrettsaktivitet. Det er fastsett sju mål for Året:
å medverke til å auke medvitet hjå utdanningsinstitusjonar og idrettsorganisasjonar om trongen for å samarbeide om utdanning gjennom idrett og om den europeisk dimensjonen i dette, med tanke på den store interessa unge menneske har for alle typar idrett,
å kaste lys over den innverknaden som idretten har for fysisk helse og sosiale eigenskapar så som lagånd, solidaritet, toleranse og ærleg spel, innanfor ei fleirkulturell ramme,
å tydeleggjere den positive verknaden av frivillig idrettsaktivitet for ikkje-formell utdanning, særleg for unge,
å fremje utdanningsverdien av elevmobilitet og elevutveksling, særleg i fleirkulturelle omgjevnader, gjennom organisering av idretts- og kulturkontaktar i regi av skulen,
å oppmuntre til utveksling av røynsler med god praksis for sosial integrering av vanskelegstilte grupper gjennom idrett i utdanning,
å skape betre balanse mellom intellektuell og fysisk aktivitet i skulekvardagen ved å oppmuntre til at idrett vert nytta i skuleaktivitetane,
å vurdere problem i samband med at unge idrettsutøvarar tek del i konkurranseidrett.
Måla skal nåast gjennom møte, idrettsarrangement, frivillig verksemd i samband med Dei olympiske leikane og Dei paralympiske leikane, informasjonskampanjar, samarbeid med media om å fremje forståing av kor viktig idretten er, tilskipingar som skal vise god praksis, saman med finansiell støtte til lokale, regionale og nasjonale initiativ for å fremje målet med Året, medrekna initiativ som går over landegrensene.
Gjennomføringa av Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004 skal skje gjennom ei eining eller ein organisasjon med driftsansvar, som er peikt ut av kvar medlemsstat, som kan syte for ei brei deltaking i Året, og som skal samordne og gjennomføre dei tiltaka som er nemnde ovanfor. Desse tiltaka kan etter søknad få støtte frå EU på inntil 50 % av dei samla kostnadene.