3 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltakinga for EFTA-statane i EU-tiltaket Det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004 vedtok EØS-komiteen på møtet sitt 20. juni 2003 ei tilføying til protokoll 31 artikkel 4 i EØS-avtala.
Artikkel 1 i avgjerda i EØS-komiteen inneber ei tilføying til protokoll 31 om at samarbeidet vert utvida til òg å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 291/2003/EF av 6. februar 2003. I innleiinga til avgjerda i EØS-komiteen vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala som grunnlag for å gjere endringane.
Artikkel 2 i avgjerda føreset at europaparlaments- og rådsavgjerda tek til å gjelde 1. januar 2003, på det vilkåret at EØS- komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
I medhald av artikkel 3 skal avgjerda kunngjerast i EØS-delen av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Deltaking i tiltaket har som føresetnad at det vert løyvt midlar over fleire år (2003-2004), og difor er det naudsynt med Stortingets samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Difor tok Noreg, under avgjerda i EØS-komiteen, atterhald overfor dei andre avtalepartane for at dei forfatningsrettslege krava må vere stetta før avgjerda kan bli folkerettsleg bindande for Noreg. For å framskunde iversetjinga vil avgjerda ta til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga.