1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.1 Administrasjon m.m., 21.2 Luftfartsformål, 21.3 Vegformål, 21.5 Jernbaneformål og 22.2 Telekommunikasjonar.
Sakene fordeler seg som følgjer:
Under 21.1 Administrasjon m.m.:
For delvis å dekkje dei utgifter som Statoil hadde ved bergingsarbeidet etter helikopterhavari på Nornefeltet i 1997 blir det gjort framlegg om å auke løyvinga til departementet med 7,8 mill. kr.
Det blir tilrådd å opprette Havarikommisjonen for sivil luftfart som eit eige forvaltningsorgan med ei løyving for 2. halvår 1999 på 3 mill. kr. Løyvinga blir dekt inn ved tilsvarande reduksjon av departementets budsjett.
Under 21.1 Luftfartsformål:
Departementet tilrår å auke løyvinga til Oslo Lufthavn AS med 311 mill. kr på bakgrunn av eit tilsvarande redusert lånebehov i 1998.
Det blir gjort greie for at overføring av eigedelar frå Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS vil skje til bokført verdi.
Departementet gjer framlegg om ompostering på Luftfartsverkets budsjett av overføringa på 30 mill. kr til Statsbygg for opprydding av forureina grunn på Fornebu og overføringa på 88 mill. kr til Luftfartsverket på kap. 1311, post 70.
Andre byggjetrinn av anlegget for avising på Stavanger lufthavn, Sola, er utsett. Det blir orientert om at dette gir rom for einskilde nye, mindre investeringstiltak i 1999.
Under 21.3 Vegformål:
Departementet går inn for at bompengeselskapet får løyve til å auke bompengetakstane i Bergen og at bompengeperioden blir forlengt med eitt år ved at det blir inngått ein ny bompengeavtale for 2001. Det blir vidare gjort greie for kva meirinntektene frå takstauken og statlege tilskott er tenkt nytta til.
Det blir orientert om kostnadsauken for prosjekt i vegpakke Drammen.
Departementet gjer greie for at ei framskunding av Ev 39/rv 542 (trekantsambandet) vil kunne gi innsparingar for staten. Framskundinga vil innebere at Stordabrua kan opne i desember 2000 og Bømlabrua tidleg i april 2001 i staden for 1. juli 2001.
Det blir orientert om Statens vegvesens arbeid med å kartleggje og løyse eventuelle IT-problem i samband med overgangen til 2000.
Under 21.5 Jernbaneformål:
Departementet tilrår at Jernbaneverket og Statens vegvesen innanfor fastsette beløpsgrenser i 1999 får fullmakt til å forplikte seg for framtidige budsjetterminar ut over gitte løyvingar for investeringsprosjekt som ikkje blir omtalte for Stortinget.
Det blir gjort framlegg om at Jernbaneverket får fullmakt til å inngå avtale med ElTele Vest om leige av fiberkabelkapasitet mellom Bergen og Stavanger.
Departementet gir ei orientering om status for utgreiinga om tunnel gjennom Gamlebyen.
Under 22.2 Telekommunikasjonar:
Departementet gjer framlegg om å flytte Radiostøykontrollen frå Telenor AS til Post- og teletilsynet. Overføringa medfører visse budsjettmessige omdisponeringar.
Det blir orientert om at vilkåra for å avvikle den manuelle moblitelefontenesta er oppfylte og at tenesta blir lagt ned i 1999.