St.prp. nr. 45 (1998-99)

Om endring av løyvingar m.v. for 1999 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 1999

I.

Utgifter:

Kap.PostFormålKronerKroner
1300Samferdselsdepartementet (jf. kap. 4300)
01Driftsutgifter, blir auka med4 800 000
frå kr 84 700 000 til kr 89 500 000
1312Oslo Lufthavn AS
90Lån til Oslo Lufthavn AS, blir auka med311 000 000
frå kr 490 000 000 til kr 801 000 000
1314Havarikommisjonen for sivil luftfart
01 (ny)Driftsutgifter3 000 000
1380Post- og teletilsynet (jf. kap. 4380)
01Driftsutgifter, blir auka med4 000 000
frå kr 126 800 000 til kr 130 800 000
45Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast,blir auka med2 000 000
frå kr 17 300 000 til kr 19 300 000
70Refusjon til Telenor AS, blir redusert med6 000 000
frå kr 10 000 000 til kr 4 000 000
2450Luftfartsverket (jf. kap. 5450, 5491 og 5603)
24.1Driftsinntekter- 4 162 170 000
24.2Inntekter regionale flyplassar- 208 400 000
24.3Frå reguleringsfondet- 198 450 000
24.4Driftsutgifter, overslagsløyving1 377 500 000
24.5Driftsutgifter regionale flyplassar, overslagsløyving187 100 000
24.6Avskrivingar2 595 600 000
24.7Renter av statens kapital41 100 000
24.8Til investeringsformål323 720 000
24Driftsresultat- 44 000 000
30Flyplassanlegg, blir redusert med30 000 000
frå kr 648 200 000 til kr 618 200 000

Inntekter:

Kap.PostFormålKroner
5450Luftfartsverket (jf. kap 2450)
35Til investeringsformål (overført frå kap 2450, post 24 Driftsresultat) blir redusert med30 000 000
frå kr 353 720 000 til kr 323 720 000

II.

Stortinget samtykkjer i at:

  1. Vegdirektoratet får fullmakt til å gjere endringar i gjeldande bompengeavtale for bomringen i Bergen, slik at bompengeselskapet får rett til å auke takstane til 10 kr for liten bil og 20 kr for stor bil. Andre vilkår går fram av denne proposisjonen.

  2. Vegdirektoratet får fullmakt til å inngå avtale for 2001 med bompengeselskapet og fastsette nærare reglar for finansieringsordninga. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

  3. Vegdirektoratet får i 1999 fullmakt til å forplikte seg for framtidige budsjetterminar for opptil 650 mill. kr utover gitte løyvingar på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, for investeringsprosjekt som ikkje er omtalte med kostnadsoverslag for Stortinget.

  4. Jernbaneverket får i 1999 fullmakt til å forplikte seg for framtidige budsjetterminar for opptil 50 mill. kr utover gitte løyvingar på kap. 1350, post 30 Investeringar i lina, for investeringsprosjekt som ikkje er omtalte med kostnadsoverslag for Stortinget.

  5. Jernbaneverket kan i 1999 inngå avtale om leige av fiberkabelkapasitet mellom Stavanger og Bergen, avgrensa til 6 mill. kr det første året og deretter avgrensa til 3 mill. kr pr. år i dei neste 14 åra.