5 Programkategori 21.5 Jernbaneformål
5.1 Fullmakt til å forplikte seg utover budsjettåret for Jernbaneverket og Statens vegvesen
Jernbaneverket og Vegdirektoratet har på visse vilkår og under ei beløpsgrense fullmakt til å iverksetje enkelttiltak på investeringsbudsjettet som ikkje blir lagte fram for Stortinget. Grensa for å spesifisere og leggje fram enkelttiltak for Stortinget er for Jernbaneverket 50 mill. kr og for Statens vegvesen 100 mill. kr. Det er m.a. ein føresetnad at saker av politisk og prinsipiell interesse under denne beløpsgrensa blir omtalte for Stortinget.
I § 9 i løyvingsreglementet går det fram at vedtak om startløyving til eit anlegg, bygg m.v. gir fullmakt til å inngå kontraktar utover gitte løyvingar i budsjettåret innanfor ramma av det oppgitte kostnadsoverslaget. På grunn av at det normalt ikkje blir gjort vedtak om startløyving for dei prosjekta som er under beløpsgrensene nemnde ovanfor, kan det sjå ut som om Jernbaneverket og Statens vegvesen for slike prosjekt ikkje har fullmakt til å forplikte seg utover budsjettåret. Også for slike prosjekt vil det kunne vere nødvendig å forplikte seg for framtidige budsjetterminar.
Luftfartsverket har alt ei fullmakt for prosjekt som ikkje blir omtalte for Stortinget, jf. St.prp. nr. 1 (1998-99), III Luftfartsformål, nr. 4. Det har vist seg at både Jernbaneverket og Statens vegvesen har behov for ei fullmakt til å kunne forplikte seg utover budsjettåret for dei investeringsprosjekt som er under fullmaktsgrensa for framlegg av enkelttiltak for Stortinget, dvs. dei investeringsprosjekta som ikkje blir omtalte med kostnadsoverslag for Stortinget. Samferdselsdepartementet gjer derfor framlegg om at Jernbaneverket i 1999 får fullmakt til å forplikte seg for framtidige budsjetterminar for opptil 50 mill. kr utover gitte løyvingar på kap. 1350, post 30 Investeringar i lina, for investeringsprosjekt som ikkje er omtalte med kostnadsoverslag for Stortinget og at Vegdirektoratet får same fullmakt for opptil 650 mill. kr utover gitte løyvingar på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar.
5.2 Leigeavtale mellom Jernbaneverket og ElTele Vest
Grunna opninga av telemarknaden frå og med 1. januar 1998 og den foreståande avviklinga av fiberkabelavtalen mellom Telenor AS og Jernbaneverket, ga Samferdselsdepartementet i februar 1998 Jernbaneverket høve til å leige ut overskottskapasiteten i sitt fiberoptiske telenett. Departementet bad i den samanheng Jernbaneverket klarleggje inntektspotensialet som ligg i det fiberoptiske nettet. Vi viser til omtale i St.prp. nr. 27/Innst. S. nr. 58 (1998-99).
Fiberkabelnettet til Jernbaneverket utgjer eit transmisjonsnett av høg kvalitet. For å vidareutvikle dette nettet ønskjer Jernbaneverket å inngå ein leigeavtale med ElTele Vest for bruk av fiberkabelen til selskapet på strekninga mellom Stavanger og Bergen. Leigeavtalen vil gi disposisjonsrett til seks fibre i 20 år. Leigebeløpet vil vere 6 mill. kr for det første året, deretter 3 mill. kr pr. år i 14 år. For dei 5 siste åra vil leigebeløpet vere kr 0,-.
Gjennom ei slik fiberkabelsamanbinding mellom Stavanger og Bergen får ein eit samanhengande transmisjonsnett mellom Sørlandsbanen og Bergensbanen. Ved at det finst alternative val ved transmisjonsbrot på ein av dei to jernbanestrekningane vil samanbindinga gi auka driftsstabilitet og betre kvalitet på dei to banestrekningane. Leigeavtalen vil dessutan gjere fiberkabelnettet til Jernbaneverket meir attraktivt for utleige av overskottskapasitet og på den måten gi Jernbaneverket potensial for større årlege nettoinntekter.
Med bakgrunn i ovanståande gjer Samferdselsdepartementet framlegg om at Jernbaneverket får fullmakt til å inngå avtale med ElTele Vest for leige av fiberkabelkapasitet på strekninga mellom Stavanger og Bergen.
Samferdselsdepartementet set som vilkår at leigeutgifta blir dekt innanfor ramma av det årlege statsbudsjettet.
5.3 Utgreiing om tunnel gjennom Gamlebyen i Oslo - orientering
Utgreiing om tunnel gjennom Gamlebyen i Oslo er seinast omtalt i St. prp. nr. 1. (1998-99).
Konsekvensutgreiingane er gjennomførte i samsvar med godkjent konsekvensutgreiingsprogram (datert 22. april 1998) og omfattar i alt 6 alternativ (4 under Minneparken og 2 inn mot Ekebergåsen over Loenga). Utgreiingsarbeidet viser at alle alternativ er svært komplekse og kostnadskrevjande med eit investeringsbehov som varierer mellom 3,3 og 5,2 mrd. kr.
I tråd med Stortingets føresetnader er Jernbaneverkets konsekvensutgreiing om tunnel i Gamlebyen samordna med kommunedelplanen for Bjørvika/Gamlebyen/Bryn. Utgreiingane låg samstundes ute til høyring og offentleg ettersyn i perioden 30. september -1. desember 1998.
Høyringa med offentleg ettersyn viser at ein må få fram ytterlegare variantar før saka kan leggjast fram for Stortinget. Riksantikvaren har m.a. i si utsegn til kommunedelplanen varsla motsegn mot alle løysingar der jernbanetunnelen (alle 4 dobbeltspor, samt 2 driftsspor til Lodalen) blir lagt under Minneparken og grunngir dette med stor risiko for å påføre Ladegården og Bispegården skadar. Jernbaneverket har også fremma motsegn til alle løysingar foreslått i kommunedelplanen m.a. ut i frå drifts- og kostnadsmessige omsyn. Vidare ber lokale interesser medrekna Oslo kommune om at nye variantar av løysingar blir utgreidde før saka blir lagt fram for Stortinget.
I høyringsprosessen er det vidare uttrykt ønske om å klargjere samanhengen mellom Gamlebyprosjektet, «Folloporten» (nytt dobbeltspor Oslo S - Hauketo) og nytt godsspor i Ekebergåsen. For å greie ut dette nærare har Jernbaneverket foreslått å gjere ei utgreiing der løysingar for traséen Folloporten/godssporet blir skilen frå Hoved-/Gjøvikbanen/Romeriksporten (Gamlebyprosjektet) på ein slik måte at den eine togtraséen blir lagt under Minneparken og den andre via Klypen/Loenga. I alle alternativa i konsekvensutgreiinga er desse to prosjekta lagt i samme trasé/kulvert i Gamlebyen.
Samferdselsdepartementet legg på denne bakgrunn opp til at det blir gjennomført ei tilleggsutgreiing for 1-2 variantar. Ei slik tilleggsutgreiing er i tråd med mottekne innspel i høyringsrunden. Tilleggsutgreiinga skal etter planen gjennomførast innan utgangen av august 1999, noko som inneber at ein stortingsproposisjon om tunnel i Gamlebyen tidlegast kan leggjast fram for Stortinget seinhaustes 1999. Samferdselsdepartementet ser det som nødvendig å gjennomføre desse tilleggsutgreiingane for å kunne fremme eit konkret forslag om ein tunnel i Gamlebyen, og samstundes få avklara traséføringa for nytt dobbeltspor Oslo S - Hauketo gjennom området.