6 Programkategori 22.1 Telekommunikasjonar
6.1 Overføring av Radiostøykontrollen frå Telenor AS til Post- og teletilsynet
Bakgrunn
I St.prp. nr. 1 (1998-99) blei det vist til at departementet ville vurdere å føre Radiostøykontrollen ut av Telenor AS. Departementet foreslår med dette at eininga blir plassert i Post- og teletilsynet.
Innføring av allmenn konkurranse i telesektoren, omdanninga av Televerket til aksjeselskap, utviklinga i kringkastingssektoren med fleire landsdekkjande kanalar og framveksten av lokalradio/-TV fører til at den type oppgåver som Radiostøykontrollen har, bør utførast av eit forvaltningsorgan. Plassering av kontrollen i Post- og teletilsynet vil vere eit godt alternativ, særleg fordi det er nært fagleg slektskap mellom dei oppgåver som Radiostøykontrollen utfører og dei oppgåver som blir utførte av tilsynet si eining for frekvenskontroll.
Radiostøykontrollens oppgåver
Radiostøykontrollen utfører følgjande oppgåver:
Støyklagehandsaming. Identifisere årsaken til støy ved mottak av radio- og TV-signal.
Rådgiving. Informere publikum og signalleverandørar om kringkastingmottak og antenner. Dette omfattar òg EMC-relaterte (elektromagnetisk kompabilitet) spørsmål.
Tilstandsmålingar. Utføre målingar av elektromagnetisk utstråling frå m.a. industrianlegg, kjøretøy, radiosendarar og omformarar. Resultata blir evaluerte og samanhaldne med gjeldande standardar og retningsliner.
EMC. Rådgiving og målingar i samband med fellesføring av kablar, nærleik til elektriske anlegg og vern mot elektromagnetiske pulsar.
Kabel-TV-nett. Kontrollmålingar og rådgiving ved prosjektering og anlegg.
Standardisering og statistikk. Deltaking i nasjonalt og internasjonalt arbeid for standardisering av målemetodar, instrumentering og prosedyrar innan radiostøy og EMC-relaterte spørsmål. Produksjon av statistikk som kan danne grunnlag for norm- og standardiseringarbeidet.
Overføring av Radiostøykontrollen vil kunne føre til at Post- og teletilsynet får nye ansvarsoppgåver på EMC-området. Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har på denne bakgrunn bedt Post- og teletilsynet og Produkt-og elektrisitetstilsynet, som er nasjonalt koordinerande tilsynsorgan på EMC-området, å avklare ansvarsfordelinga innan EMC-området seg i mellom.
Organisering av Radiostøykontrollens oppgåver i Post- og teletilsynet
Radiostøykontrollen vil bli ein del av Post- og teletilsynets kontrollavdeling og samlokalisert med utekontora til avdelinga si eining for frekvenskontroll. Dette vil berre medføre mindre lokaliseringsmessige endringar, sidan det er stor grad av samsvar mellom utekontora til Post- og teletilsynet og noverande lokalisering av Radiostøykontrollen.
Personalmessige tilhøve
Radiostøykontrollen har i dag 12 stillingar som det blir gjort framlegg om å overføre til Post- og teletilsynet. Overføringa vil skje innanfor dei lønns- og arbeidsvilkår som gjeld for liknande grupper i etaten og i samsvar med gjeldande avtalar og ordningar for tilsette i etaten. Det blir gjort framlegg om at overføringa får verknad frå 1. juni 1999.
Finansiering av Radiostøykontrollen
Post- og teletilsynets verksemd er basert på sjølvfinansiering, dvs. at utgifter og inntekter det enkelte år i utgangspunktet skal vere i balanse. Finansieringa av Radiostøykontrollen er eit unntak frå dette. I dei siste åra er det løyvd 10 mill. kr pr. år over Post- og teletilsynets kap. 1380, post 70, Refusjon til Telenor AS, for å finansiere Radiostøykontrollen.
Samferdselsdepartementet tilrår at gjeldande finansieringsordning for Radiostøykontrollen blir vidareført. Det vil vere mogleg å krevje gebyr for visse enkeltoppdrag, men dei fleste kontrolloppgåvene som Radiostøykontrollen utfører, er ei samfunnsmessig fellesoppgåve som det vil vere vanskeleg å krevje at privatpersonar/verksemder skal finansiere. Det er i stor grad allmenta generelt som har nytte av at det blir utført radiostøykontroll. Potensialet for oppdrags-/gebyrfinansiering vil likevel bli nærare vurdert og eventuelt lagt fram i budsjettsamanheng seinare.
Konsekvensar for budsjettet
Radiostøykontrolltenesta vil i størst mogleg grad bli samordna med frekvenskontrolltenesta i Post- og teletilsynet. Driftsutgiftene pr. årsverk vil likevel vere relativt store ettersom tenesta er fordelt på små einingar på ei rekkje stader i landet. Tall frå rekneskapen til Telenor AS viser at direkte driftsutgifter for 1998 ligg på nærare 600 000 kr pr. årsverk. I tillegg kjem indirekte utgifter til administrasjon o.l. Totale driftsutgifter blir etter dette rekna til om lag 700 000 kr pr. årsverk.
For å sikre ei fullverdig kontrollteneste i åra framover vil der vere behov for å fornye det utstyr som Radiostøykontrollen i dag har. Det årlege behovet for investeringar i instrument og kontrollbilar er rekna til om lag 200 000 kr pr. årsverk.
Dei totale utgiftene ved overtaking av 12 stillingar, blir etter dette rekna til 10 - 11 mill. kr pr. år. På grunn av at det ikkje er grunnlag for å gi eit meir nøyaktig overslag, foreslår departementet at løyvinga for 1999 på 10 mill. kr til radiostøykontrolltenesta blir vidareført, og at løyvinga blir delt mellom Post- og teletilsynet og Telenor AS i samsvar med tidspunktet for overføringa 1. juni 1999. Dette inneber at kap. 1380, postane 01 og 45 blir foreslåtte auka med i alt 6 mill. kr og post 70 redusert tilsvarande.
6.2 Nedlegging av den manuelle mobiltelefontenesta
I samband med nedlegginga av den manuelle mobiltelefontenesta - OLT, blei Televerket i si tid, jf. St.meld. nr. 49 (1989-90), pålagt å oppretthalde ei viss dekning i fjellområda fram til alternative løysingar for radiokommunikasjon var etablerte.
I samband med etableringa av eit eige landsdekkjande samband for helsestellet, har helsenettet etter kvart teke over mesteparten av nettet med dei pålegg som høyrer til. For tida opprettheld Telenor berre to basestasjonar, på Tyin og Finse.
Trafikken over det manuelle mobiltelefon-nettet tyder på at behovet for å oppretthalde tenesta i dag er liten. Bruken har stadig minka, og dei siste åra er det ikkje registrert trafikk i det heile. Samtidig er det etablert alternative samband. Det gjeld særleg etableringa av helsenettet, og den vidare utbygginga av NMT 450. I tillegg er det no mogleg å oppnå radiodekning av fjellheimen via satellitt.
Vilkåra Stortinget sette for å avvikle den manuelle mobiltelefontenesta er med dette oppfylte.
Etter å ha lagt fram saka for Justisdepartementet, har Samferdsledepartementet slutta seg til at resten av det manuelle mobiltelefonnettet blir lagt ned. Telenor AS legg opp til at dette skal skje i år.