St.prp. nr. 45 (1998-99)

Om endring av løyvingar m.v. for 1999 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.1 Administrasjon m.m.

2.1 Dekking av utgifter til berging og undersøking etter helikopterhavari i Norskehavet

Samferdselsdepartementet legg med dette fram forslag om dekking av dei utgifter Havarikommisjonen for sivil luftfart (HSL) har hatt i samband med berging og undersøking etter havari med Super Puma-helikopter frå Helikopter Service AS på Nornefeltet i Norskehavet 8. september 1997.

Havariet skjedde under flyging frå Brønnøysund til Statoils installasjonar på Nornefeltet. Både mannskap og passasjerar i helikopteret - totalt 12 personar - døydde i havariet som skjedde 180 km frå kysten. Søking etter og berging av dei omkomne og helikoptervraket frå eit havdjup på om lag 380 meter gjekk føre seg i tida 8. - 21. september 1997. Statoil sette inn store ressursar i bergingsarbeidet, og medverka på det viset til rask gjennomføring av arbeidet til havs.

Arbeidet i HSL er regulert av Forskrift om offentlige undersøkelser av luftfartsulykker og luftfartshendelser som er fastsett med heimel i luftfartsloven. Av § 3 i forskrifta går det fram at føremålet med ei undersøking er å greie ut dei tilhøva som kan vere viktige for førebygging av luftfartsulykker og - hendingar. Om omfanget av ei undersøking framgår det av § 7:

«HSL avgjør selv omfanget av de undersøkelser som skal foretas, herunder vurdere undersøkelsens forventede flysikkerhetsmessige verdi i forhold til nødvendige ressurser, jf. § 3.»

Kostnader ved bruk av spesialfartøy blei i utgangspunktet dekt av Statoil etter nærare avklaring med HSL og Helikopter Service AS. Totale kostnader blei ifølgje rekneskapsopplysingar frå Statoil, 42,4 mill. kr. Statoil har gjort framlegg for Samferdselsdepartementet om at staten dekkjer 33,2 mill. kr.

HSL har i ettertid rekna ut kva kostnadene ville ha blitt dersom HSL hadde måtta starte opp og gjennomføre søk og berging åleine utan å kunne trekkje på dei ressursane Statoil hadde til rådvelde. Utrekningane byggjer på opplysingar som er henta inn om døgnprisen for eit skip med nødvendig utstyr og støtteapparat til å lokalisere objekt på havbotnen og få desse opp til overflata og ombord i skipet. Talet på denne typen skip er svært lite, og leigekostnadene følgjer av dette. HSL har fått opplyst frå Statoil at leige av eitt av dei skipa som blei nytta under operasjonen «Rockwater I» ville ha kome på 600 000 kr for eitt døgn. I tillegg må ein rekne med kostnader for eitt døgn på 50 000 kr til hjelp i søke- og bergingsfasen.

Operasjonen til havs sto på i 12 døgn. Med ein døgnpris på 650 000 kr blir kostnadene for HSL 7 800 000 kr. Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1300, post 01 med 7,8 mill. kr til delvis dekking av kostnadene Statoil har hatt til bergingsarbeidet.

2.2 Etablering av Havarikommisjonen for sivil luftfart som eige forvaltningsorgan

Innleiing

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (1998-99), jf. Budsjettinnst. S. nr. 13 (1998-99), hadde Stortinget ikkje merknader til utgreiinga frå Samferdselsdepartementet om arbeidet med å etablere Havarikommisjonen for sivil luftfart (HSL) som eige forvaltningsorgan frå 1. juli 1999. Det blir med dette gjort framlegg om etablering av HSL som eige forvaltningsorgan pr. 1. juli 1999 og om oppretting av nytt budsjettkapittel 1314 med løyving til drifta av HSL for 2. halvår 1999.

Noverande organisasjons- og tilknytingsform

HSL i si noverande form blei etablert 1. januar 1989. Organisering og tilknytingsform for den danske havarikommisjonen blei brukt som modell ved etableringa. Dette medførte at HSL i administrativ samanheng blei ei eining i Samferdselsdepartementet, medan kommisjonen i alle faglege spørsmål blei eit frittståande organ.

Lov om luftfart av 11.06.1993 nr. 101 (luftfartsloven) kapittel XII, avsnitt C Undersøkelse av luftfartsulykker m.m. § 12-4 flg. gir det rettslege grunnlaget for å etablere ein kommisjon. Med heimel i lova er det gitt forskrift av 18.06.1993 nr. 539 om offentlege undersøkingar av luftfartsulykker og luftfartshendingar innan sivil luftfart. Rådsdirektiv 94/56/EF av 21.11.1994 om fastsetjing av dei grunnleggjande prinsipp for undersøking av ulykker og hendingar innan sivil luftfart utgjer også ein del av regelverket.

Evaluering av noverande organisasjons- og tilnytingsform

Samferdselsdepartementet gjennomførte våren 1998 ei vurdering av eksisterande organisasjons- og tilknytingsform med tanke på eventuelle endringar. Arbeidet omfatta ei evaluering av tilhøvet mellom Samferdselsdepartementet og HSL og ei undersøking av korleis havarikommisjonar er organiserte i andre nordiske land og kva for tilknyting dei har til overordna styresmakt. I den samanhengen blei to organisasjonsmodellar undersøkte nærare:

  • eit eige forvaltingsorgan skilt ut frå overordna departement

  • noverande organisering, men med tilknyting til eit anna departement

Den svenske havarikommisjonen er organisert som eit eige forvaltingsorgan, medan den finske kommisjonen er etablert som ei særskilt administrativ eining innanfor det finske justisdepartementet.

Kommisjonane både i Sverige og Finland undersøkjer havari også innanfor andre transportgreiner enn luftfart, og nyttar i stor grad innleigd personell. HSL på si side gjer mesteparten av undersøkingsarbeidet med eigne tilsette, og gjer svært avgrensa bruk av innleigd personell.

Ved vurdering av framtidig organisering og tilknytingsform for HSL har Samferdselsdepartementet lagt vekt på at det bør vere mest mogleg ryddige skiljeliner og klar avgrensing av fullmakter mellom departement og undersøkingsorgan. Det er grunn til å streke under at eksisterande organisasjon ikkje på nokon avgjerande måte har vore til hinder for ei slik avgrensing. Likevel bør HSL bli organisert slik at det blir enda klårare at HSL har ei sjølvstendig rolle innanfor ramma av stortingsvedtak m.v.

Saka har vore lagt fram for berørte departement, andre statlege styresmakter og sentrale aktørar innan luftfarten. Dei høyringsinstansar som har kome med fråsegn, har vore positive til dei foreslåtte endringane.

Forslag til ny organisasjons- og tilknytingsform

Samferdselsdepartementet har på bakgrunn av det som er nemnd ovanfor, kome til at det vil vere mest føremålstenleg å etablere HSL som eit eige forvaltingsorgan under Samferdselsdepartementet. Departementet kan i denne samanhengen ikkje sjå at plassering administrativt under eit anna departement vil føre til endringar som på nokon betre måte tek vare på ei klarare administrativ og organisatorisk avgrensing mellom departement og undersøkingsorgan.

Konsekvensar for budsjettet

HSL er i dag ein del av Samferdselsdepartementets administrasjonsbudsjett; kap. 1300 Samferdselsdepartementet, post 01 Driftsutgifter.

For 2. halvår 1999 blir det gjort framlegg om å løyve 3 mill. kr på eit nytt kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande reduksjon på kap. 1300 Samferdselsdepartementet.

Av post 01 vil 1,8 mill. kr utgjere løn og godtgjeringar, 0,8 mill. kr varer og tenester og 0,4 mill. kr havariundersøkingar.

Den foreslåtte reduksjonen vil saman med framlegget om å auke løyvinga med 7,8 mill. kr, jf. pkt. 2.1, gi ein netto auke på kap. 1300, post 01, med 4,8 mill. kr. Dessutan er det i St.prp. nr. 42 (1998-99) gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1300, post 01, med 18 mill. kr til dekking av konsulentutgifter i samband med samanslåinga av Telia AB og Telenor AS og førebuing til sal av staten sine aksjer.