3 Avgjerda i EØS-komiteen
Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 11. april 2000 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane.
Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga er det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at rådsvedtak 1999/847/EF om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing skal takast inn i protokoll 31 artikkel 10 nr. 8 som nytt strekpunkt.
Artikkel 2 seier at ordet «fellesskapshandlingsprogrammet» i nr. 5, 6, og 7 i artikkel 10 i protokoll 31 skal bytast ut med «fellesskapshandlingsprogrammene», at ordet «komiteen» i nr. 7 i artikkel 10 i protokoll 31 skal bytast ut med «komiteene», og at ordet «rettsakt» skal bytast ut med «rettsakter».
Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 1. juli 2000, på det vilkåret at EØS-komiteen har fått melding om at alle forfatningsrettslege krav for godkjenning av vedtaket er stetta i samsvar med artikkel 103 nr. 1 i avtala. Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2000.
Artikkel 4 seier at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.