6 Konklusjon og tilråding
Justisdepartementet meiner at Noreg bør ta del i handlingsprogrammet fordi det er føremålstenleg med internasjonalt samarbeid på dette området, og fordi programmet er i tråd med norske interesser og prioriteringar. Justisdepartementet, med tilslutning frå Kommunal- og regionaldepartementet, rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om deltaking i handlingsprogrammet for katastrofevernebuing. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.