5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Det samla budsjettet for programmet for heile tidsrommet er 7,5 millionar euro, om lag 61 millionar kroner. Det samla tilskotet frå Noreg vil utgjere om lag 1,04 millionar kroner, med ei gjennomsnittleg årleg fordeling på om lag 260.000 kroner. Etter nærmare avtale vil kostnadene i samband med deltakinga i programmet verte fordelte med 60 % over budsjettet til Justisdepartementet via Direktoratet for sivilt beredskap, og med 40 % over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet via Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern.
Deltakinga i programmet får ingen nemnande administrative konsekvensar. Det krevst heller ingen endringar i lover eller forskrifter.