4 Vurderingar
Samarbeidet innanfor handlingsprogrammet skapar ein viktig arena blant deltakarstatane i programmet når det gjeld utveksling av sakkunnige, røynsler og informasjon om katastrofevernebuing på tvers av landegrensene. Ut frå varierande føresetnader vil ulike statar ha røynsler rundt særskilte krisescenario som er av interesse for andre statar. For Noreg er det t.d. av interesse at Storbritannia og Tyskland for kort tid sidan har hatt røynsler med større togulykker, Austerrike med snøskred, Nederland og Tyskland med flaum og Frankrike med omfattande skadar etter orkan. Gjennom prosjekt kan sakkunnige på alle nivå ta del i internasjonalt samarbeid innanfor fagfelta sine.
Støtte gjennom handlingsprogrammet inneber at organisatoren av eit prosjekt i hovudsak finansierer deltakinga til sakkunnige frå andre statar. Dette prinsippet vart innført ved handlingsprogrammet for 1998-1999 og vidareført til det nye femårige programmet. Til no har dette prinsippet ført til at fleire norske fagstyresmakter har teke del i aktivitetar som seminar og øvingar, i tillegg til å hjelpe andre EU/EØS-statar med å organisere prosjekt. Gjennom det nye programmet vil ein betre kunne halde ved lag dei samarbeidsmønstra som er skipa for informasjonsutveksling, og dessutan ha eit godt høve til å skape nye. Deltaking i programmet inneber vidare at relevante fagmiljø i Noreg får høve til å utarbeide kompetansehevande aktivitetar i regi av programmet.
Målet i programmet om å medverke til å redusere risiko og skade for menneske, miljø og eigedom både på lokalt, regionalt og sentralt nivå, er i tråd med dei satsingsområda for den norske katastrofevernebuinga som vart lagde fram i St.meld. nr. 25 (1997-1998). Etter stortingsmeldinga skal det for tidsrommet 1999-2002 gjevast særleg prioritet til tiltak som kan gjere samfunnet mindre sårbart på lokalt, regionalt og sentralt nivå, og til å styrkje den generelle kompetansen for krisehandtering. Av St.prp. nr. 1 (1999-2000) går det òg fram at eit av hovudmåla for katastrofevernebuinga i 2000 er å satse på internasjonalt samarbeid. Deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing vil såleis vere i tråd med norske interesser og ha grunnlag i nasjonale prioriteringar.