2 Rådsvedtak av 9. desember 1999 om skiping aveit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing (1999/847/EF)
RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 308,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1,
med tilvisning til fråsegna frå Europaparlamentet 2,
med tilvisning til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 3,
med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 4og
ut frå desse synsmåtane:
Dei fellesskapstiltaka som er gjorde på dette området sidan 1985, må halde fram med sikte på å styrkje samarbeidet mellom medlemsstatane. Dei resolusjonane som er vedtekne sidan 1987 5
, og rådsvedtak 98/22/EF av 19. desember 1997 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing 6
dannar grunnlaget for dette samarbeidet.
Dei einskilde tiltaka som Fellesskapet har gjort for å gjennomføre programmet, medverkar til å verne personar, miljø og eigedom i tilfelle naturkatastrofar og teknologiske katastrofar, og til å skape auka medvit om det innbyrdes tilhøvet mellom verksemda til menneske og naturen, noko som kan gjere det mogleg å unngå mange katastrofar, medrekna overfløymingar, i framtida.
I fellesskapsprogrammet for politikk og tiltak på området miljø og berekraftig utvikling 7
som Kommisjonen har lagt fram, er det fastsett at fellesskapsinnsatsen skal aukast, særleg på områda katastrofevernebuing og miljøkatastrofar. Det same programmet rår til at det i denne innsatsen vert teke omsyn til den vitskaplege forskinga og den teknologiske utviklinga.
Skipinga av eit fellesskapshandlingsprogram vil medverke til at samarbeidet på dette området kan utviklast endå meir effektivt. Programmet bør i stor grad byggje på røynsler som alt er gjorde på dette området.
I samsvar med nærleiksprinsippet vil fellesskapssamarbeidet støtte og utfylle den nasjonale politikken for katastrofevernebuing med sikte på å gjere han meir effektiv. Utveksling av røynsler og innbyrdes hjelp vil medverke til å redusere tap av menneskeliv, personskadar, økonomiske skadar og miljøskadar i heile Fellesskapet, og såleis gjere måla sosial utjamning og solidaritet klarare.
Visse særtrekk ved dei isolerte og mest fjerntliggjande regionane i Unionen har ein negativ innverknad på grunn av dei geografiske, topografiske, sosiale og økonomiske tilhøva deira, og gjer det vanskeleg å kome fram med hjelp og hjelpeaksjonsmiddel dersom det skulle oppstå særs farlege situasjonar.
Fellesskapshandlingsprogrammet vil skape klarleik og konsolidere og styrkje dei ulike tiltaka som er gjorde for å verkeleggjere måla i traktaten.
For å førebyggje risiko og skade, og for å opplyse og førebu dei som har ansvaret for og arbeider med katastrofevernebuing i medlemsstatane, er det viktig å betre førebuinga i samband med ulukker. Likeins er det viktig å setje i verk fellesskapstiltak for å betre teknikkane og metodane for gjennomføring av hjelpeaksjonar og yting av omgåande hjelp etter naudssituasjonar.
For å hjelpe europeiske borgarar med å verne seg sjølve på ein meir effektiv måte er det òg viktig å setje i verk tiltak som er retta mot ålmenta.
Det faste nettet av nasjonale kontaktpersonar for katastrofevernebuing vil framleis spele ei aktiv rolle i saker som gjeld katastrofevernebuing.
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, skal vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 8
.
Føresegnene i dette vedtaket kjem frå 1. januar 2000 i staden for det handlingsprogrammet som vart vedteke ved vedtak 98/22/EF, og som gjeld fram til 31. desember 1999.
I dette vedtaket er det ført opp ein finansiell referansesum, slik det er definert i punkt 34 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og budsjetthandsaming 9
, for heile det tidsrommet som programmet varer, utan at dette rører ved dei fullmaktene som budsjettstyresmakta har i medhald av traktaten.
I traktaten er det berre artikkel 308 som gjev heimel for å gjere dette vedtaket -
GJORT DETTE VEDTAKET:
Artikkel 1
1. Det vert vedteke eit fellesskapshandlingsprogram på området katastrofevernebuing (heretter kalla «programmet») for tidsrommet 1. januar 2000-31. desember 2004.
2. Føremålet med programmet er å støtte og utfylle innsatsen til medlemsstatane på nasjonalt, regionalt og lokalt plan for vern av personar, eigedom og dermed òg miljøet i tilfelle naturkatastrofar eller teknologiske katastrofar, utan at det rører ved kompetansefordelinga i medlemsstatane. Føremålet er òg å oppmuntre til samarbeid, utveksling av røynsler og innbyrdes hjelp mellom medlemsstatane på dette området.
3. Dette programmet omfattar ikkje tiltak som tek sikte på å harmonisere lovene og forskriftene i medlemsstatane, eller organiseringa av førebuing på nasjonalt plan i medlemsstatane.
Artikkel 2
1. Kommisjonen skal gjennomføre dei tiltaka som er fastsette innan ramma av dette programmet.
2. For å gjennomføre dette programmet skal det i samsvar med den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 4, vedtakast ein rullerande plan som skal gjelde i tre år og vurderast på nytt kvart år.
3. Den finansielle referansesummen for gjennomføringa av dette programmet er 7,5 millionar euro.
Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innan ramma av dei finansielle overslaga.
4. Dei tiltaka som er fastsette innan ramma av dette programmet, og finansieringsordningane for fellesskapstilskotet, er oppførde i vedlegget.
Artikkel 3
Den rullerande planen for gjennomføring av dette programmet skal innehalde dei særskilde tiltaka som skal gjerast.
Dei særskilde tiltaka skal hovudsakleg veljast ut på grunnlag av følgjande kriterium:
Medverknad til å hindre risikoen for og skadane på personar, eigedom og dermed òg miljøet i tilfelle naturkatastrofar eller teknologiske katastrofar,
medverknad til å betre førebuinga hjå dei som arbeider med katastrofevernebuing i medlemsstatane, med sikte på å betre evna deira til å gripe inn i tilfelle naudssituasjonar,
medverknad til å oppdage og granske årsakene til katastrofar,
medverknad til å betre midla og metodane for varsling, teknikkane og metodane for gjennomføring av hjelpeaksjonar og yting av omgåande hjelp etter naudssituasjonar,
medverknad til å gje borgarane opplysning, utdanning og auka medvit med sikte på å betre evna deira til å verne seg sjølve.
Kvart særskilt tiltak skal gjennomførast i nært samarbeid med medlemsstatane.
Der det er relevant, bør dei tiltaka som vert gjorde i medhald av dette programmet, medverke til
å integrere måla med katastrofevernebuing i den andre politikken og dei andre tiltaka til Fellesskapet og medlemsstatane, særleg medrekna risikovurdering i samband med vurdering av verknaden av anlegg og innsats,
å sikre at det er samanheng mellom dette programmet og andre fellesskapstiltak.
Kvart tiltak skal ta omsyn til resultata frå forsking innanfor dei aktuelle områda på fellesskapsplan og på nasjonalt plan.
Artikkel 4
1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.
2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde.
Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.
3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.
Artikkel 5
Kommisjonen skal vurdere gjennomføringa av dette programmet halvvegs og før det vert avslutta, og leggje fram ein rapport om dette for Europaparlamentet og Rådet høvesvis 30. september 2002 og 31. mars 2004.
Artikkel 6
Dette vedtaket skal nyttast frå 1. januar 2000.
Artikkel 7
Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 9. desember 1999.
For Rådet
F. BODEN
Formann
Vedlegg
Tiltak1 | Finansieringsordning |
A. Større prosjekt av allmenn interesse | |
Større prosjekt som er av allmenn interesse for alle medlemsstatane eller for nokre av dei, og som gjer det mogleg å betre visse viktige sider ved katastrofevernebuinga, som t.d. | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: opptil 75 % av dei samla kostnadane til tiltaket. |
- førebygging | |
- førebuing | |
- hjelpeaksjonar | |
- omgåande hjelp | |
- oppdaging og gransking av årsakene til katastrofar (analyse av risiko og skadefare) | |
- analyse av sosio-økonomiske følgjer av katastrofar | |
- betring av midla og metodane for varsling. | |
B. Opplæring | |
1. Arbeidsgrupper og kurs2 | |
Organisering av arbeidsgrupper og opplæringskurs som samlar sakkunnige, fagfolk og teknikarar frå medlemsstatane, slik at dei innanfor kvart fagområde kan utveksle røynsler gjennom djuptgåande drøftingar om metodar, teknikkar og framgangsmåtar med sikte på | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: opptil 75 % av dei samla kostnadane til tiltaket, med ei øvre grense på 75 000 euro per tiltak. |
- å betre førebuinga | |
- å skape vilkår for skiping av eit nett av personar som gjer det mogleg med eit meir effektivt samarbeid mellom medlemsstatane i tilfelle naudssituasjonar. | |
2. Utveksling av sakkunnige og teknikarar | |
Utplassering av sakkunnige ved katastrofevernebuingstenestene eller andre relevante organ i ein annan medlemsstat for at sakkunnige kan få høve til å skaffe seg røynsle frå eller studere dei metodane som vert nytta av andre katastrofevernebuingstenester eller relevante organ. | Opptil 75 % av reise- og opphaldsutgiftene for dei sakkunnige, og 100 % av utgiftene til samordning av ordninga. |
Utveksling mellom medlemsstatane av sakkunnige, fagfolk og teknikarar som såleis får høve til å følgje korte opplæringskurs. | |
3. Øvingar2 | |
Føremålet med desse øvingane er å jamføre metodar, fremje samarbeidet mellom medlemsstatane og støtte framdrifta med omsyn til samordning av dei nasjonale ordningane for katastrofevernebuing med sikte på m.a. å gjere hjelpeaksjonane betre og snøggare i tilfelle naudssituasjonar. | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: opptil 50 % av kostnadene til deltakande observatørar frå andre medlemsstatar, og til organisering av tilhøyrande arbeidsgrupper, førebuing av øvinga, utarbeiding av sluttrapporten osv. |
C. Andre tiltak | |
1. Forsøksprosjekt2 | |
Prosjekt som har til føremål å betre kapasiteten til hjelpeaksjonane og syte for ei snøggare gjennomføring av dei på eit tidleg stadium i naudssituasjonar som oppstår i ulike regionar i medlemsstatane. Desse prosjekta tek hovudsakleg sikte på å betre midla, teknikkane og framgangsmåtane, òg i dei isolerte og mest fjerntliggjande regionane eller på øyane. Dei må ha eit slikt verkeområde og omfang at dei er av interesse for alle eller for fleire av medlemsstatane, og dei bør på best mogleg måte spreiast og gjerast kjende i heile Unionen. | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: opptil 50 % av dei samla kostnadane til kvart forsøksprosjekt, med ei øvre grense på 200 000 euro per prosjekt. |
Fleirnasjonale prosjekt bør oppmuntrast i størst mogleg grad. | |
2. Støttetiltak2 | |
Støttetiltak som t.d. førebuande arbeid i samband med nye område, eller einskilde tiltak til oppfølging av andre prosjekt, arbeidsgrupper eller øvingar. | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: opptil 50 % av dei samla kostnadane til kvart tiltak, med ei øvre grense på 30 000 euro per tiltak. |
3. Konferansar og arrangement | |
Konferansar og andre arrangement i samband med katastrofevernebuing, der fleire medlemsstatar tek del. | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: opptil 30 % av dei samla kostnadane til kvart arrangement, med ei øvre grense på 50 000 euro per tiltak. |
4. Opplysning | |
- Tiltak som kan gje borgarane betre opplysning og utdanning og auka medvit med sikte på å betre evna deira til å verne seg sjølve på ein meir effektiv måte, same kvar i Fellesskapet dei er, og som kan medverke til å betre tryggleiken til borgarane i Fellesskapet | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: opptil 75 % av dei samla kostnadene til tiltaket. |
- Spreiing av opplysningar og publikasjonar, og framstilling av utstillingsmateriell om fellesskapssamarbeidet på området katastrofevernebuing. | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: 100 % av kostnadene. |
5. Andre tiltak | |
- Andre tiltak som tek sikte på å gjere bruk av resultata av innsats på området katastrofevernebuing, t.d. statistikkar og økonomiske analysar | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: 100 % av kostnadene. |
- Vurdering av programmet | |
- Spreiing av opplysningar om dei tiltaka som er vedtekne, på språka i dei medlemsstatane som er omfatta av tiltaka. | |
D. Mobilisering av sakkunnige | |
Mobilisering av sakkunnige som kan setjast inn i tilfelle naudssituasjonar, for å styrkje den ordninga som er innførd av styresmaktene i ein medlemsstat eller tredjestat som står overfor naturkatastrofar eller teknologiske katastrofar. | Finansieringstilskot frå Fellesskapet: 100 % av kostnadene i samband med oppdraga til dei sakkunnige. |
1 Støtte kan berre gjevast til tiltak som er i samsvar med dei prioriteringane som kvart år vert fastlagde av forvaltingsutvalet.
Særlege tiltak som kan få støtte i medhald av andre fellesskapsordningar, vert ikkje finansierte innan ramma av dette programmet. Når det gjeld del D, tyder dette at tiltak som kan få støtte m.a. i medhald av ECHO, ikkje kan finansierast innan ramma av dette programmet.
2 Støtte kan berre gjevast til tiltak som er av interesse for alle eller for svært mange av medlemsstatane.
Fotnotar
TEF C 28 av 3.2.1999, s. 29.
TEF C 279 av 1.10.1999, s. 210.
TEF C 169 av 16.6.1999, s. 14.
TEF C 293 av 13.10.1999, s. 53.
TEF C 176 av 4.7.1987, s. 1, TEF C 44 av 23.2.1989, s. 3, TEF C 315 av 14.12.1990, s. 1, og TEF C 313 av 10.11.1994, s. 1.
TEF L 8 av 14.1.1998, s. 20.
TEF C 138 av 17.5.1993, s. 5.
TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.
TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1.