1 Bakgrunn
EU sitt program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet), vart formelt vedteke i EU 5. desember 2003 ved europaparlaments- og rådsavgjerd 2318/2003/EF. Programmet skal vare i tidsrommet 2004-2006. Programmet er ei vidareføring og oppgradering av handlingsplanen for e-læring frå 2001 under eEuropa-paraplyen, som Noreg tok del i. Noreg har gjennom EFTA kome med innspel til utforminga av programmet.
Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med eit budsjettvedtak for treårsperioden, og i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala må difor Stortinget gi sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, vert det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.
Europaparlaments- og rådsavgjerda og utkastet til avgjerd i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.