2 Nærmare om e-læringsprogrammet
Det overordna målet for programmet er å støtte og vidareutvikle ein effektiv bruk av IKT i europeiske utdannings- og opplæringssystem, for såleis å medverke til at kvaliteten på utdanninga vert betre og å fremje tilpassinga av systemet til dei krava som kunnskapssamfunnet stiller innanfor ramma av livslang læring.
Dei særskilte måla for programmet er:
å identifisere dei aktuelle aktørane og informere dei om korleis e-læring kan nyttast for å fremje digital kompetanse, og såleis medverke til å styrkje sosial utjamning og personleg utvikling, og å fremje dialogen mellom kulturar,
å utnytte potensialet til e-læring for å styrkje den europeiske dimensjonen innanfor utdanning,
å skipe ordningar for å støtte utviklinga av europeiske produkt og tenester av høg kvalitet, og for å utveksle og overføre god praksis,
å utnytte potensialet for e-læring innanfor ramma av nyskaping i undervisningsmetodar, med sikte på å betre kvaliteten til læringsprosessen og fremje sjølvstendet til dei som skal lære.