4 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking frå EØS/EFTA-statane i e-læringsprogrammet vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsvedtak 2318/2003/EF skal innlemmast som eit nytt punkt nr. 2 i protokoll 31 artikkel 4.
Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala. Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2004.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.