St.prp. nr. 45 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit fleirårig program for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (e-læringsprogrammet)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2318/2003/EF av 5. desember 2003 om vedtaking av eit fleirårig program (2004-2006) for ei effektiv integrering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdannings- og opplæringssystema i Europa (programmet for e-læring)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 149 nr. 4 og artikkel 150 nr. 4,

som viser til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Måla med utdannings- og opplæringsprogramma Sokrates og Leonardo da Vinci, som vart skipa ved høvesvis avgjerd nr. 253/2000/EF 4 og avgjerd nr. 1999/382/Ef 5, omfattar utvikling av open undervisning og fjernundervisning, saman med bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).

  2. I konklusjonane frå møtet til Det europeiske rådet i Lisboa 23.-24. mars 2000 vart det streka under at dei europeiske utdannings- og opplæringssystema må tilpassast slik det høver for kunnskapsøkonomien, og fremjing av nye grunnleggjande former for dugleik, særleg innanfor informasjonsteknologi, vart peikt ut som ein av dei tre hovudkomponentane i denne nye strategien.

  3. Initiativet «e-læring: utforming av morgondagens utdanning», som vart lagt fram av Kommisjonen i mai 2000 som eit svar på oppmodinga frå møtet i Det europeiske rådet i Lisboa, vart godkjent under møtet til Det europeiske rådet i Feira i juni 2000. Under møtet sitt i Stockholm i mars 2001 merkte Det europeiske rådet seg dei positive resultata frå dette initiativet.

  4. I «handlingsplanen for e-læring» vart dei fire tiltaksområda for initiativet e-læring (infrastruktur og utstyr, opplæring, europeisk kvalitetsinnhald og tenester og samarbeid på alle nivå) utvikla vidare til ti grunnleggjande tiltak som fører saman dei ulike fellesskapsprogramma og -verkemidla med sikte på at samanhengen og samverknaden mellom dei skal verte betre, og at brukarane skal få lettare tilgang til dei.

  5. Europaparlamentet vedtok 15. mai 2001 ein resolusjon 6 om begge kommisjonsmeldingane på området, der det vart slått fast at initiativet for e-læring medverkar til å styrkje ideen om eit «felles europeisk utdanningsområde», som utfyller det europeiske forskingsområdet og den europeiske felles marknaden, og oppmoda til ei frittståande utvikling av initiativet under eit nytt særprogram med eit klart rettsleg grunnlag, slik at overlapping med eksisterande program kan unngåast og fellesskapstiltaka kan verte meir synlege og få tilført ein tilleggsverdi.

  6. I resolusjonen sin av 13. juli 2001 om e-læring 7 godkjenner Rådet dette initiativet, og oppmodar Kommisjonen om å halde fram med og styrkje tiltaka sine på dette området.

  7. Kommisjonen vedtok 21. november 2001 meldinga «Verkeleggjering av eit europeisk område for livslang læring», der det vert gjort greie for kva potensial e-læring kan ha med omsyn til å gjere tilgjengeleg og handtere nye utdanningstilbod for dette føremålet.

  8. I konklusjonane frå møtet til Det europeiske rådet i Barcelona i mars 2002 vart det oppmoda til ein innsats for å skipe partnarskap mellom skolar over heile Europa, og konklusjonane vart følgde av ein rapport frå Kommisjonen om skiping av partnarskap ved hjelp av Internett, som vart lagd fram for Det europeiske rådet under møtet deira i Sevilla, og for å innføre eit sertifikat for bruk av Internett og edb for elevar i den vidaregåande skolen.

  9. Det må takast omsyn til problemet med sosial utestenging som følgje av at ein del personar ikkje fullt ut kan gjere seg nytte av dei føremonene som informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) og Internett kan gje i kunnskapssamfunnet, det såkalla «digitale skiljet», som ofte råkar unge, funksjonshemma og eldre personar i tillegg til sosiale grupper som alt er offer for andre former for utestenging.

  10. Det må leggjast stor vekt på utdanning og tilleggsutdanning av lærarar, slik at dei vert i stand til å nytte Internett og IKT i klasserommet på ein kritisk og pedagogisk forsvarleg måte.

  11. Det må leggjast stor vekt på kjønnsskilnader når det gjeld bruk av e-læring, og like høve må fremjast på dette området.

  12. E-læring kan medverke til at Den europeiske unionen kan møte utfordringane frå kunnskapssamfunnet, betre kvaliteten på læringa, lette tilgangen til læringsressursar, ta omsyn til særskilte problem og innføre meir effektiv og verksam utdanning og opplæring på arbeidsplassen, særleg i små og mellomstore føretak.

  13. Trongen for ein europeisk dimensjon i høgare utdanning vart fastlagd i Bologna-fråsegna, som vart underskriven 19. juni 1999 av 29 europeiske utdanningsministrar, saman med vektlegginga av å utvikle ein e-læringsdimensjon i denne samanhengen.

  14. Den europeiske unionen bør leggje særleg stor vekt på ei effektiv fremjing av virtuelle universitet for å utfylle verksemda innanfor ramma mobilitetsprogramma i Den europeiske unionen og saman med tredjestatar.

  15. Eksisterande verkemiddel må styrkjast og utfyllast, og den rolla som e-læring spelar, må vurderast òg når ein ny generasjon av verkemiddel skal utarbeidast på området utdanning og opplæring.

  16. For å styrkje tilleggsverdien av fellesskapsinnsatsen må det sikrast at det er samanheng og komplementaritet mellom dei tiltaka som vert gjennomførde innanfor ramma av denne avgjerda og annan relevant fellesskapspolitikk og andre relevante fellesskapsverkemiddel og -tiltak, særleg når det gjeld temaområdet teknologi i informasjonssamfunnet i det sjette rammeprogrammet for forsking og utvikling, skipa ved avgjerd nr. 1513/2002/EF 8.

  17. Kandidatstatane for tilmelding til Den europeiske unionen og medlemsstatane i EØS og EFTA bør kunne ta del i programmet for e-læring. Sakkunnige og utdanningsinstitusjonar frå andre tredjestatar bør kunne ta del i utvekslinga av røynsler innanfor ramma av det samarbeidet som finst med desse tredjestatane.

  18. Programmet for e-læring bør overvakast jamleg og vurderast i samarbeid med Kommisjonen og medlemsstatane, slik at det kan justerast, særleg når det gjeld prioriteringane for gjennomføring av tiltaka. Vurderinga bør omfatte ei ekstern vurdering som skal gjennomførast av uavhengige, upartiske organ.

  19. Ettersom målet for det framlagde tiltaket, som tek sikte på å fremje det europeiske samarbeidet for å betre kvaliteten og tilgjenget av utdanning og opplæring gjennom effektiv bruk av e-læring, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane og difor, på grunn av den tverrnasjonale dimensjonen i den innsatsen og dei tiltaka som krevst, betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.

  20. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet for e-læring varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 9.

  21. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 10 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Skiping av programmet

  1. Ved denne avgjerda vert det skipa eit program for e-læring, heretter kalla «programmet», som er eit fleirårig program for å betre kvaliteten av og tilgjenget til europeiske utdannings- og opplæringssystem gjennom ein effektiv bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).

  2. Programmet skal gjennomførast i tidsrommet frå 1. januar 2004 til 31. desember 2006.

Artikkel 2

Måla for programmet

  1. Det overordna målet for programmet er å støtte og vidareutvikle ein effektiv bruk av IKT i europeiske utdannings- og opplæringssystem, for såleis å medverke til at kvaliteten på utdanninga vert betre og å fremje tilpassinga av systemet til dei krava som kunnskapssamfunnet har innanfor ramma av livslang læring.

  2. Dei særskilte måla for programmet er:

    1. å identifisere dei aktuelle aktørane og informere dei om korleis e-læring kan nyttast for å fremje digital kompetanse, og såleis medverke til å styrkje sosial utjamning og personleg utvikling, og å fremje dialogen mellom kulturar,

    2. å utnytte potensialet til e-læring for å styrkje den europeiske dimensjonen innanfor utdanning,

    3. å skipe ordningar for å støtte utviklinga av europeiske produkt og tenester av høg kvalitet, og for å utveksle og overføre god praksis,

    4. å utnytte potensialet for e-læring innanfor ramma av nyskaping i undervisningsmetodar, med sikte på å betre kvaliteten til læringsprosessen og fremje sjølvstendet til dei som skal lære.

Artikkel 3

Innsatsområda til programmet

  1. Måla for programmet skal verkeleggjerast innanfor følgjande innsatsområde, i samsvar med dei tiltaksområda som det er gjort greie for i vedlegget:

    1. Fremjing av digital kompetanse: Tiltaka på dette område vil omfatte bruk av IKT i skolen, og i ei vidare tyding i samband med livslang læring, særleg for personar som pga. geografisk plassering, sosial situasjon eller særskilte krav ikkje på ein enkel måte har tilgang til slik teknologi. Målet er å peike på gode døme og utvikle samverknad mellom dei mange formene for nasjonal og europeisk verksemd som er retta mot desse målgruppene.

    2. Europeiske virtuelle universitet: Tiltaka på dette området tek sikte på ei betre integrering av den virtuelle dimensjonen innanfor høgare utdanning. Målet er å oppmuntre til utvikling av nye organisasjonsmodellar for høgare utdanning i Europa (virtuelle universitet) og for europeiske ordningar for utveksling og deling (virtuell mobilitet) som byggjer på eksisterande europeiske rammer for samarbeid (Erasmus-programmet, Bologna-prosessen), og som tilfører ein «e-læringsdimensjon» til dei praktiske verktøya deira (Det europeiske systemet for overføring av studiekvalifikasjonar (ECTS), europeisk mastergrad, kvalitetstrygging, mobilitet).

    3. Skiping av e-partnarskap mellom skolar i Europa, og fremjing av lærarutdanning: Tiltaka på dette området skal støtte og vidareutvikle nettverkssamarbeidet mellom skolar, slik at det vert mogleg for alle skolar i Europa å utvikle partnarskap på undervisningsområdet med skolar andre stader i Europa, for såleis å fremje nyskapande samarbeidsmetodar og overføre undervisningsmetodar av høg kvalitet, og å styrkje språkopplæringa og dialogen mellom kulturar. Tiltaka på dette området skal òg omfatte ajourføring av fagkunnskapane hjå lærarar og instruktørar når det gjeld bruk av IKT til pedagogiske og samarbeidsmessige føremål gjennom utveksling og spreiing av god praksis og skiping av tverrnasjonale og tverrfaglege samarbeidsprosjekt.

    4. Overgripande tiltak: Tiltaka på dette området skal fremje e-læring i Europa gjennom overvaking av handlingsplanen for e-læring. Måla er å spreie, fremje og overføre god og nyskapande praksis og resultata frå prosjekta og programma, og å styrkje samarbeidet mellom dei ulike aktørane som det gjeld, særleg ved å oppmuntre til partnarskap mellom den offentlege og den private sektoren.

  2. Desse tiltaka skal gjennomførast i samsvar med dei framgangsmåtane som er fastlagde i vedlegget, og ved hjelp av dei følgjande metodane, som kan kombinerast slik det høver:

    1. støtte til forsøksprosjekt som kan ha ein strategisk innverknad på praksis innanfor utdanning og opplæring, og som har klare perspektiv på langsiktig berekraft,

    2. støtte til utvikling av metodar, verkøty og praksis, og til analyse av tendensar i utforminga og bruken av «e-læringsmodellar» innanfor utdanning og opplæring,

    3. støtte til nyskapande tiltak gjennom europeiske nettverk og partnarskap som skal fremje nyskaping og kvalitet i utforminga og bruken av produkt og tenester som byggjer på ein relevant bruk av IKT til utdannings- og opplæringsføremål,

    4. støtte til europeiske nettverk og partnarskap som skal fremje og styrkje den pedagogiske og didaktiske bruken av Internett og IKT og utvekslinga av god praksis. Denne verksemda skal sikre at lærarar og elevar ikkje berre har dei tekniske kunnskapane som trengst for å nytte Internett og IKT, men òg kan nytte denne teknologien på ein pedagogisk, kritisk og ansvarleg måte,

    5. støtte til europeisk samarbeid, overføring av produkt innanfor e-læring og spreiing og utveksling av god praksis,

    6. teknisk og administrativ støtte.

Artikkel 4

Gjennomføring av programmet og samarbeid med medlemsstatane

  1. Kommisjonen skal:

    1. syte for at dei fellesskapstiltaka som er omfatta av dette programmet, vert gjennomførde i samsvar med vedlegget,

    2. syte for at det er samverknad med andre fellesskapsprogram og - tiltak på området utdanning, forsking, sosialpolitikk og regionutvikling,

    3. fremje og lette samarbeidet med internasjonale organisasjonar som driv verksemd på området e-læring.

  2. Medlemsstatane skal peike ut eigna kontaktpersonar som skal ha eit nært samarbeid med Kommisjonen med omsyn til relevant informasjon om bruk og praksis innanfor e-læring.

Artikkel 5

Gjennomføringstiltak

  1. Dei følgjande tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda, skal vedtakast etter den framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 6 nr. 2:

    1. den årlege arbeidsplanen, medrekna prioriteringar, og kriteria og framgangsmåtane for utveljing, saman med resultata,

    2. det årlege budsjettet og fordelinga av midlar til dei ulike tiltaka innanfor programmet, i samsvar med artikkel 9 og 10, F

    3. tiltak for overvaking og vurdering av programmet, og for spreiing og overføring av resultat.

  2. Alle andre tiltak som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda, skal vedtakast etter den framgangsmåten med rådgjevande utval som er nemnd i artikkel 6 nr. 3.

Artikkel 6

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda. Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.

  3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  4. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 7

Samanheng og komplementaritet

  1. Kommisjonen skal, i samarbeid med medlemsstatane, syte for at det er samanheng og komplementaritet mellom dette programmet og annan relevant fellesskapspolitikk og andre relevante fellesskapsverkemiddel og -tiltak, særleg programma for utdanning og opplæring - Sokrates og Leonardo da Vinci - og ungdomsprogrammet.

  2. Kommisjonen skal syte for at det finst ei verksam kopling og eventuelt ei samordning mellom dette programmet og andre program og annan innsats på området ny teknologi for utdanning og opplæring, og særleg med den relevante innsatsen innanfor forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjonsverksemd innanfor det sjette rammeprogrammet.

Artikkel 8

Finansiering

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 44 millionar euro for det tidsrommet som er fastsett i artikkel 1.

  2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 9

Budsjettfordeling

Budsjettfordelinga mellom tiltaka skal vere som følgjer:

  1. e-læring til fremjing av digital kompetanse: om lag 10% av det samla budsjettet,

  2. Europeiske virtuelle universitet: om lag 30% av det samla budsjettet,

  3. skiping av e-partnarskap mellom skolar i Europa, og fremjing av lærarutdanning: om lag 45% av det samla budsjettet,

  4. overgripande tiltak og overvaking av handlingsplanen for e-læring: høgst 7,5% av det samla budsjettet,

  5. teknisk og administrativ støtte: høgst 7,5% av det samla budsjettet.

Artikkel 10

Deltaking for kandidatstatane for tilmelding til Den europeiske unionen og EØS-EFTA-statane

Vilkåra og dei nærmare reglane for deltaking i programmet for dei statane som er kandidatar for tilmelding til Den europeiske unionen og for EØS-EFTA-statane, skal fastsetjast i samsvar med dei relevante føresegnene i dei avtalene som gjeld mellom Fellesskapet og desse statane.

Artikkel 11

Samarbeid med tredjestatar

På initiativ frå Kommisjonen kan sakkunnige frå andre tredjestatar enn dei som er nemnde i artikkel 10, ta del i konferansar og møte, bortsett frå dei utvalsmøta som er nemnde i artikkel 6.

Midlane til refusjon av reise- og opphaldsutgifter i samsvar med dei gjeldande reglane til Kommisjonen skal ikkje overstige 0,5% av det samla budsjettet til programmet.

Artikkel 12

Overvaking og vurdering

  1. Kommisjonen skal jamleg overvake programmet i samarbeid med medlemsstatane. Denne overvakinga skal omfatte den rapporten som er nemnd i nr. 2, og særskild verksemd.

  2. Kommisjonen skal syte for at det vert gjort ei ekstern vurdering av programmet når det vert avslutta. I denne vurderinga skal det fastleggjast kor relevante, effektive og verksame dei ulike tiltaka er, og det skal òg vurderast kva samla verknad programmet har hatt. Det skal leggjast særleg vekt på spørsmål som gjeld sosial utjamning og like høve.

I denne vurderinga skal det òg granskast om det er komplementaritet mellom tiltaka i dette programmet og tiltak som er omfatta av annan relevant fellesskapspolitikk og andre relevante fellesskapsverkemiddel og -tiltak.

Kommisjonen skal innan utgangen av 2007 leggje fram ein sluttvurderingsrapport for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.

Artikkel 13

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 5. desember 2003.

For Europaparlamentet

For Rådet

P. COX

P. LUNARDI

President

Formann

VEDLEGG

1. TILTAKSOMRÅDE

Tiltaksområda er eit middel til å gjennomføre det overordna målet for programmet, som er å fremje utvikling og føremålstenleg bruk av e-læring i Europa, og å støtte innsatsen til medlemsstatane på dette området. Dei er fordelte i samsvar med dei fire innsatsområda til programmet.

Tiltaksområde 1: «Fremjing av digital kompetanse»

Tiltak på dette området må omfatte både teoretiske og praktiske spørsmål, frå forståing av kva digital kompetanse inneber til fastlegging av særtiltak for særlege målgrupper. Digital kompetanse er heilt grunnleggjande når det gjeld den kunnskapen og dugleiken som trengst for å ta aktivt del i kunnskapssamfunnet og den nye mediekulturen. Digital kompetanse har òg samanheng med mediekunnskap og sosial komeptanse, ettersom desse har felles mål som t.d. aktivt borgarskap og ansvarleg bruk av IKT.

  1. Identifisering og spreiing av god praksis i fremjinga av digital kompetanse. Det vil verte lagt særleg vekt på å betre tilgangen til læringsressursar for personar som har dårleg tilgang til IKT, å handsame ulike kognitive og didaktiske metodar og ulike læringsmåtar, å ta omsyn til særlege krav, t.d. hjå innvandrarar, barn som ligg på sjukehus, eller funksjonshemma brukarar, og å granske bruken av engasjerande og motiverande metodar.

  2. Medvitsaukande tiltak gjennom europeiske nettverk på dette området. Programmet vil støtte tiltak som vert gjorde av europeiske nettverk, samanslutningar, offentlege styresmakter, partnarskap mellom den offentlege og den private sektoren osv. Det vil likeins støtte kontakt og utveksling av god praksis desse imellom .

Tiltaksområde 2: «Europeiske virtuelle universitet»

Dette tiltaksområdet tek sikte på å gje ein «e-læringsdimensjon» til europeiske initiativ på området høgare utdanning, og såleis medverke til å skape eit europeisk område for høgare utdanning.

  1. Utvikling av eksisterande verkemiddel, særleg slike som gjeld virtuell mobilitet som ei utfylling og styrking av den fysiske mobiliteten (virtuell Erasmus), godkjennings- og valideringsordningar (som byggjer på ECTS), opplysnings- og rettleiingstenester, og eventuelle andre former for samverknad mellom virtuelle og tradisjonelle modellar. Desse prosjekta bør byggje på avtaler mellom institusjonar som, når det er mogleg, utvidar eller utfyller eksisterande samarbeidsavtaler innanfor ramma av mobilitetsprogramma i Fellesskapet.

  2. Tverrnasjonale virtuelle universitet. Programmet vil støtte strategiske prosjekt som vert lagde fram av institusjonar for høgare utdanning i minst tre medlemsstatar. Samarbeidsmodellar for e-læring bør utviklast med omsyn til utarbeiding av felles undervisningsplanar som er utvikla ved fleire universitet, medrekna avtaler om vurdering, validering og godkjenning av den kompetansen som er tileigna, med atterhald for nasjonale framgangsmåtar, omfattande forsøk med omsyn til virtuell mobilitet i tillegg til fysisk mobilitet, og utvikling av nyskapande undervisningsplanar for begge studiemetodane, som inneber både tradisjonell læring og e-læring.

  3. Europeiske modellar for e-læring i den høgare utdanninga. Innanfor desse prosjekta bør det utviklast nye modellar for samarbeid mellom europeiske institusjonar for høgare utdanning, der det særleg vert lagt vekt på tilrettelegging for vidareutdanning og fagleg utvikling, på utvikling av tenester som skal vere til støtte for læringa, og på opplæring av lærarar, instruktørar og anna undervisningspersonale i korleis e-læring best kan nyttast i undervisninga. Det bør utarbeidast nye metodar for kvalitetstrygging, og utviklast ei betre forståing av kva organisatoriske endringar og eventuelle farar som har samband med innføringa av e-læring i høgare utdanning, og det bør utarbeidast europeiske modellar for partnarskap mellom den offentlege og den private sektoren på området e-læring innanfor høgare utdanning, og dei alternativa som følgjer av dei nye partnarskapa og finansieringsmodellane, bør òg utviklast vidare.

Tiltaksområde 3: «Skiping av e-partnarskap mellom europeiske grunnskolar og vidaregåande skolar, og fremjing av lærarutdanning»

Dette tiltaksområdet tek sikte på å gjere det lettare å skipe e-partnarskap mellom skolar og å betre lærarutdanninga, samstundes som dei europeiske skolane vert oppmuntra til å utvikle partnarskap på undervisningsområdet med skolar andre stader i Europa, for såleis å fremje språkopplæringa og dialogen mellom kulturar. Dette tiltaket er retta mot grunnskolar og vidaregåande skolar.

  1. Identifisering og analyse av eksisterande initiativ. Innanfor dette tiltaket skal eksisterande praksis analyserast. Gjennom dette tiltaket vert det peikt på gode demonstrasjonsprosjekt, særleg fleirspråklege og fleirkulturelle prosjekt, for korleis pedagogiske multimedia og kommunikasjonsnett kan medverke til å støtte partnarskap mellom skolar. Tiltaket vil leggje vekt på studium av einskildtilfelle og på vurderingsmateriale og -metodar med sikte på å utnytte potensialet til IKT for nyskapande samarbeidsmetodar som t.d. virtuelle klasserom, utarbeiding av felles undervisningsplanar for tilleggsutdanning av lærarar, tverrfaglege metodar eller bruk av felles verktøy og ressursar i undervsininga.

  2. Støttenettverk for e-partnarskap. Dette nettverket skal vere samansett av lærarar eller anna undervisningspersonale med røynsle frå europeisk samarbeid. Det skal stille til rådvelde pedagogisk støtte og rettleiing, verktøy og tenester for å søkje etter partnarskolar, metodar for utveksling av røynsler, saman med ei Internett-plattform for e-partnarskapsverksemda som byggjer på eksisterande nettstader.

  3. Støtte til samarbeidsnettverk som gjeld tilleggsutdanning av lærarar og anna undervisningspersonale. Desse nettverka skal byggje på institusjonar som har ansvar for pedagogisk bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Desse nettverka skal leggje vekt på prioriterte samarbeidsområde slik det er gjort greie for i rapporten om dei konkrete framtidsmåla til utdannings- og opplæringssystema. Det skal leggjast særleg vekt på å skape gode vilkår for å utnytte potensialet til IKT i samband med nyskapande samarbeidsmetodar, utveksling av undervisningsressursar og - metodar og felles utvikling av undervisningsmateriell.

  4. Fremjings- og kommunikasjonstiltak. Framgangen til initiativet er avhengig av ein dynamisk kommunikasjonsinnsats som tek utgangspunkt i nettstaden, og som m.a. omfattar utforming av ei tiltalande visuell framstilling, publikasjonar, pressemeldingar, utarbeiding av opplysningsdokument om skoleprosjekt, tilstelningar i samband med lansering og avslutning, konkurransar og prisutdelingar.

Tiltaksområde 4: Overgripande tiltak og overvaking av handlingsplanen for e-læring

I tillegg skal det ytast finansiell støtte til overgripande tiltak som t.d.:

  1. Støtte til aktiv overvaking av handlingsplanen for e-læring. Føremålet med dette tiltaket er å gjere EU-tiltaka innanfor e-læring meir samanhengande og synlege gjennom spreiing av relevant materiell som t.d. rapportar og granskingar, samling av prosjekt som har same mål eller nyttar liknande metodar, og støtte til utveklsing av røynsler, nettverksarbeid og eventuelle andre former for samverknad innanfor ramma av handlingsplanen.

  2. Vedlikehald ein portal for e-læring som skal gje enkel og direkte tilgang til europeisk verksemd innanfor e-læring og til eksisterande informasjonskjelder, adresselister, databasar eller kunnskapsbasar, og som kan leggje til rette for ein brukarvennleg tilgang til fellesskapsprogram, -prosjekt, -granskingar, -rapportar og -arbeidsgrupper.

  3. Medvitsaukande tiltak og informasjon gjennom europeiske nettverk. Dette tiltaket tek sikte på å støtte europeiske nettverk på området e-læring og verksemd i tilknyting til dette, t.d. målretta konferansar, seminar eller arbeidsgrupper om viktige emne innanfor e-læring, t.d. kvalitetstrygging, og å fremje drøfting på europeisk plan og utveksling av god praksis på området.

  4. Utforming og utvikling av verktøy for overvaking, analysar og prognosar for e-læring i Europa, i samarbeid med Eurostat og Den europeiske investeringsbanken.

Dette programmet kan òg medverke i felles tiltak i samverknad med internasjonale prosjekt for god og effektiv bruk av IKT innanfor utdanning og opplæring, t.d. prosjekt som vert drivne av OECD eller Unesco.

Tiltak for teknisk støtte

Gjennomføringa av programmet skal òg støttast gjennom tiltak for spreiing av resultat (t.d. publikasjonar, tilvisingar til Internett, demonstrasjonsprosjekt og -tilskipingar), og dersom det er naudsynt, gjennom overføringar av strategiske granskingar som drøftar nye problem eller bruksområde, eller andre spørsmål som er viktige for utviklinga av e-læring i Europa. Programmet vil òg gje støtte til ordningar for kontinuerleg tilbakemelding frå brukarar og deltakarar, og til den eksterne sluttvurderinga.

2. NÆRMARE REGLAR FOR GJENNOMFØRINGA OG FOR FINANSIERING OVER FELLESSKAPSBUDSJETTET

Midlar vil verte tildelte som følgje av innbydingar til tilbod og framlegg.

Kjøp av tenester (t.d. studium av einskildtilfelle, eller sakkunnige) vil verte finansierte med 100%, og det same kan òg gjelde for skipinga eit framtidig forvaltingskontor , noko som er under vurdering.

Tiltaka skal finansierast gjennom:

  1. tilskot som dekkjer høgst 80% av dei kostnadene som gjev rett til støtte, saman med andre kjelder i den offentlege og/eller private sektoren, til samarbeidsprosjekt som t.d. nyskapande prosjekt av strukturell art (alle tiltaksområde),

  2. tilskot som dekkjer høgst 80% av dei kostnadene som gjev rett til støtte, til partnarskap innanfor e-læring under leiing av utdanningsinstitusjonar, som tek sikte på å innføre ein «e-læringsdimensjon» og nye modellar for høgare utdanning i Europa (tiltaksområde 2),

  3. 100% finansiering av ordningar for skiping av e-partnarskap mellom skolar, medrekna ei Internett-plattform, av eit europeisk nettverk for pedagogisk støtte i samarbeid med medlemsstatane, og eventuelle andre støttetiltak som t.d. gransking av eksisterande partnarskapsordningar mellom skolar eller utarbeiding av særskilte verktøy til søking etter partnarar. Tilskot på 50-80% kan gjevast til medlemsstatane som støtte til fremjings- og spreiingstiltak (tiltaksområde 3),

  4. tilskot på 50-80% av kostnadene i samband med informasjons- og kommunikasjonstiltak, t.d. seminar, vitjingar, felles rapportar, fagfellevurderingar og liknande tiltak for spreiing og kunnskapsdeling (alle tiltaksområde).

Gjennomføringsordningane som er fastsette i framlegget, følgjer i store trekk dei vanlege fellesskapsmetodane med omsyn til tilskot og samfinansiering på grunnlag av utførlege søknader om midlar. Delar av programmet vil òg verte finansierte fullt ut av Fellesskapet, t.d. støttenettverket og den sentrale nettstaden for skiping av etnarskap mellom skolar. Midlar vil verte tildelte som følgje av innbydingar til tilbod og framlegg.

Programmet skal forvaltast av Kommisjonen, eventuelt med støtte frå eit framtidig forvaltingskontor, som kan verte skipa etter nærmare vurdering.

Løyvingane skal dekkje utgifter til granskingar, møte mellom sakkunnige, informasjon, konferansar og publikasjonar som er knytte direkte til målet for programmet, saman med andre utgifter til teknisk og administrativ støtte som ikkje høyrer inn under ansvarsområdet til offentlege styresmakter.

Fotnotar

1.

TEU C 133 av 6.6.2003, s. 33.

2.

TEU C 244 av 10.10.2003, s. 42.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 8. april 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU), felles haldning frå Rådet av 16. juni 2003 (TEU C 233 E av 30.9.2003, s. 24) og haldning frå Europaparlamentet av 21. oktober 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

4.

Europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 253/2000/EF av 24. januar 2000 om iverksetting av annen fase av Fellesskapets handlingsprogram for allmennutdanning «Sokrates» (TEF L 28 av 3.2.2000, s. 1). Avgjerda endra ved avgjerd nr. 451/2003/EF (TEF L 69 av 13.3.2003, s. 6).

5.

Rådsbeslutning 1999/382/EF av 26. april 1999 om iverksetting av annen fase av Fellesskapets handlingsprogram «Leonardo da Vinci» for yrkesrettet opplæring (TEF L 146 av 11.6.1999, s. 33).

6.

TEF C 34 E av 7.2.2002, s. 153.

7.

TEF C 204 av 20.7.2001, s. 3.

8.

Europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 2002/1513/EF av 27. juni 2002 om Det europeiske fellesskaps sjette rammeprogram for forskning, teknologisk utvikling og demonstrasjon som bidrag til opprettelsen av det europeiske forskningsområde og til nyskaping (2002-2006) (EFT L 232 av 29.8.2002, s. 1).

9.

TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1. Avtala endra ved europaparlaments- og rådsavgjerd 2003/429/EF (TEU L 147 av 14.6.2003, s. 25).

10.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.