5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EFTA/EØS-statane til framleis å ta del i finansieringa av programmet.
Den finansielle ramma er på 44 millionar euro for hele treårsperioden. Løyvinga frå EFTA vil på dagens nivå (2,19%) vere 0,9636 millionar euro over tre år. Noreg sin del (94,94%) vil vere 914 842 euro. Med ein eurokurs på 8,6 vil dette utgjere om lag 7,8 mill. kr. over tre år. I tillegg til dette vil Noreg vere plikta til å betale 292 500 euro i administrasjonsutgifter til EU, noko som vil svare til om lag 2,5 mill. kr. Totalt blir dette om lag 10,3 mill. kr., noko som vil seie ei løyving per år i snitt på om lag 3,4 mill. kr. frå Noreg.
I tillegg til den økonomiske løyvinga til fellesskapsprogrammet for e-læring, må dei statane som sluttar seg til programmet skipa ei nasjonal eining som skal administrere programmet. Eininga kan om mogeleg knytast til eksisterande nasjonale strukturar som arbeid er med utdanningsprogram. Eininga skal syte for nasjonal gjennomføring, informasjon om programmet og rapportering til Fellesskapet. Utdannings- og forskingsdepartementet ser det naturleg at administrasjonen av e-læringsprogrammet vert lagd til det nyskipa nasjonale organet Senter for internasjonalisering av høgare utdanning som ligg i Bergen. Dette organet vil òg administrere andre program som til dømes Sokrates og Erasmus Mundus. Det er venta at om lag kr. 500 000 vil gå med til administrasjonen av e-læringsprogrammet. Medrekna desse midlane vil programmet i snitt koste Noreg om lag 3,9 mill. kr. kvart år i tre år. Regjeringa vil kome tilbake til budsjettkonsekvensane av saka i samanheng med revidert nasjonal budsjett for 2004. Utgiftene vil verte dekte over budsjettet til Utdannings- og forskningsdepartementet, kap. 248.
Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.