6 Utviklinga i statsgjelda
Statens bruttogjeld var i tiårsperioden fram til utgangen av 2002 om lag uendra. Gjennom 2003 auka bruttogjelda, hovudsakleg som følgje av at ein brukte dei statlege låneinstrumenta til å trekkje inn overskotslikviditet frå pengemarknaden. Denne meiropplåninga fekk sitt motstykke i auka kontantbehaldning.
Ved utgangen av 2007 var staten si bruttogjeld vel 265 mrd. kroner. I tillegg utgjorde kontolån frå ordinære fond nær 94,9 mrd. kroner. Til samanlikning var statens fordringar på same tid om lag 2 889 mrd. kroner. Statens pensjonsfond - Utland inngår i dette talet. Statskassens netto fordringar utgjorde vel 2 492 mrd. kroner, jf. St.meld. nr. 3 (2007-2008) Statsrekneskapen for 2007.
Tabell 6.1 gir ei oversikt over utviklinga i staten si gjeld, saman med ei oversikt over utviklinga i staten si kontantbehaldning og utlån til statsbankane.
Tabell 6.1 Samansetjinga av statsgjelda. Mill. kroner
31.12.06 | 31.12.07 | 30.09.08 | |
Langsiktige lån1 | 184 640 | 179 290 | 207 007 |
Kortsiktige marknadspapir2 | 54 014 | 46 000 | 40 000 |
Andre kortsiktige lån | 30 708 | 69 168 | 74 196 |
Statsgjeld i alt | 269 362 | 294 458 | 321 203 |
Memo | |||
Kontantbehaldning | 159 681 | 142 298 | 181 361 |
1 Lån med lengre løpetid enn eitt år. Tilbakekjøpte, ikkje nedskrivne avdragsobligasjonar er trekte frå. Medrekna grunnkjøpsobligasjonar.
2 Lån med løpetid inntil eitt år. Utanom skyldnader på inneståande fondsmidlar (gruppe 81 i statsrekneskapen).
Kjelde: Finansdepartementet.
Marknadsgjelda som del av bruttonasjonalproduktet (BNP) fall fram til 2001, jf. figur 6.1B. Frå 2001 til 2003 steig denne delen noko som følgje av auke i marknadsgjelda og svak vekst i BNP. Ved utgangen av 2007 utgjorde marknadsgjelda om lag 10 pst. av BNP.
Ved utgangen av 3. kvartal 2008 var gjennomsnittleg effektiv rente på statens samla marknadsomsette gjeld 4,74 pst. Gjennomsnittleg effektiv rente i andrehandsmarknaden for statspapir var på same tidspunkt 4,51 pst.