8 Kredittavtale mellom Sedlabanki Islands og Noregs Bank
Etter § 26 i sentralbankloven kan Noregs Bank inngå kredittavtalar med utanlandske sentralbankar. Det blir lagt til grunn at lånet er betryggande sikra. Finansdepartementet er delegert fullmakt til å godkjenne slike avtalar.
Norges Bank underteikna 16. mai 2008 ein kredittavtale med Islands sentralbank, Sedlabanki Islands. Sentralbankane i Danmark og Sverige underteikna samtidig tilsvarande avtalar.
Avtalen med Noregs Bank gjev Sedlabanki Islands rett til låne opp til 500 million euro mot trygd i islandske kroner. Kredittavtalen er en swap-fasilitet som Sedlabanki Islands kan trekkje på når det er trong for det. Formålet med avtalen er å støtte dei islandske styresmaktene i arbeidet med å stabilisere den økonomiske utviklinga på Island.
Den 15. oktober 2008 trekte Sedlabanki Islands 200 mill. euro på denne kredittfasiliteten etter avtale med Noregs Bank. Sedlabanki trekte samtidig 200 mill. euro under avtalen med Danmarks sentralbank.
Noregs Bank la både spørsmålet om å inngå kredittavtalen og spørsmålet om å etterkomme Sedlabanki Islands ønskje om å trekke på avtalen fram for Finansdepartementet. Finansdepartementet godkjente kredittavtalen, og hadde ikkje innvendingar til at trekkadgangen vart nytta.