1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 vart protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særskilde område utanfor dei fire fridommane endra til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2004/387 om samverkande yting av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak og borgarar (IDABC-programmet, Interoperable Delivery of pan-European eGovernment Services to Public Administrations, Businesses and Citizens).
IDABC-programmet er det tredje i rekkja av EUs IDA-program. Noreg har òg teke del i dei to føregåande programma. Målet for programmet er å identifisere, støtte og fremje utvikling og etablering av felleseuropeiske offentlege tenester (e-forvaltingstenester) og underliggjande infrastruktur som kan verke på tvers av landegrensene i Europa.
Ettersom norsk deltaking i IDABC-programmet medfører budsjettplikter over fleire år, er Stortinget sitt samtykke til deltaking i programmet naudsynt i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2004/387 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.