2 Nærmare om IDABC-programmet
I IDABC-programmet vert det lagt opp til å fjerne hindringar for elektronisk kommunikasjon mellom offentlege styresmakter på alle nivå, i tillegg til mellom verksemder og borgarar. Det er venta at dette skal medverke til å betre vilkåra for næringslivet i Europa og dermed redusere dei administrative byrdene og avgrense byråkratiet. I programmet vert det lagt til grunn at betra yting av e-forvaltingstenester gjer det mogleg for verksemder og borgarar å kommunisere aktivt med offentlege styresmakter utan å ha IT-dugleik eller kunnskap om korleis offentlege styresmakter er organiserte på førehand.
IDABC er ei vidareføring av tidlegare IDA-program med prosjekt som støttar mange politikkområde i EØS-samarbeidet. Tidlegare IDA-program er vortne evaluerte og framheva som nokre av EUs mest vellykka program. Det er ønskjeleg at dei gode resultata vert vidareførde og nytta om att på nye område med IDABC. IDABC-programmet støttar utviklinga av e-forvaltingstenester og underliggjande infrastruktur på to måtar:
Programmet støttar prosjekt av felles interesse som skal gjennomførast av Fellesskapet og medlemsstatane i samarbeid. Prosjekta skal medverke til vidare utvikling av dei felleseuropeiske offentlege tenestene på ei rekkje politikkområde. Aktuelle politikkområde er førde opp i vedlegg I til rettsakta og omfattar dei fleste av saksområda som er dekte av det europeiske samarbeidet. Støtte kan òg gjevast til å fremje utveksling av informasjon mellom EUs institusjonar og til å utvide prosjekt av felles interesse til tredjestatar og internasjonale organisasjonar.
Programmet støttar opp om gjennomføring av ei rekkje tverrgåande tiltak som er nemnde i vedlegg II til rettsakta. Desse tiltaka skal støtte prosjekt av felles interesse, medrekna utvikling av spesifikasjonar for felles infrastruktur, verktøy, metodar, tilrådingar og standardar som er naudsynte for at ulike sektorprosjekt kan oppnå effektiv kommunikasjon og samhandling mellom offentleg forvalting, verksemder og enkeltpersonar.
Norsk deltaking i programmet opnar for at norske sektorstyresmakter kan utnytte felles telematikkløysingar på lik linje med EUs eigne medlemmer, utan tilleggskostnader eller meiradministrasjon. Sektorområde der Noreg i dag nyttar resultat frå tidlegare IDA-aktivitetar er m.a. statistikkområdet, miljøsektoren og overvaking av ureiningar, helseområdet med varsling av sjukdommar, lækjemiddelsamarbeid, mathelse, plantevern, dyrehelse og arbeidsmarknad.
I avgjerda er det førd opp detaljerte kriterium for kva politikkområde og horisontale tiltak som kan få støtte til utviklingsprosjekt, i tillegg til gjennomføringsprinsipp, føresegner om evaluering og nyttevurderingar for prosjekta i programmet.
Kommisjonen utarbeidar eit rullerande arbeidsprogram for prosjekta i programmet.
Representantar frå medlemsstatane hjelper Kommisjonen med styringa av programmet gjennom ein forvaltingskomité (Pan-European eGovernment Services). EØS-EFTA-statane vil få ta del som observatørar i denne komiteen.