5 Konklusjon og tilråding
EU-programmet IDABC vil vere eit sentralt verkemiddel for realisering av handlingsplanen i 2010 og andre informasjonssamfunnsspørsmål. Noreg tek del i EUs målsettingar for IT-politiske aktivitetar og difor er det Fornyings- og administrasjonsdepartementet si oppfatning at Noreg vil kunne ha stor nytte av å ta del i programmet. Noreg vil difor ha mykje å vinne gjennom eit tettare europeisk samarbeid.
Deltaking i IDABC vil lette den nasjonale koordineringsrolla til Fornyings- og administrasjondepartementet ved å gje norsk forvalting tilgang til felles verktøy, metodar, tekniske tilrådingar og kravspesifikasjonar som vert utvikla felles i EU, og som kan nyttast om att nasjonalt og på tvers av sektorar. Vidare er programmet ein innfallsport til arbeidsgrupper under Europakommisjonen der ein kan spille inn arbeidsmodellar og løysingseksempel på område der Noreg ligg langt framme. Eit eksempel i denne samanhengen er utvikling av regelverk for offentlege innkjøp som legg til rette for meir effektiv bruk av ny teknologi, og der Noreg medverkar aktivt. For Noregs del handlar deltaking i programmet òg om å kome i inngrep med dei utviklings- og fornyingsprosessane som EU gjennomfører på områda elektronisk forvalting og utnytting av IT.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet tilrår at Noreg tek del i avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltakinga til EFTA-EØS-statane i EU-programmet IDABC. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.