St.prp. nr. 54 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet IDABC

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR – med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeids­området, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 107/2005 av 8. juli 2005 1 .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europa­parlaments- og rådsavgjerd nr. 2004/387/EF av 21. april 2004 om samverkande yting av felles­europeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak og borgarar (IDABC) 2 , retta ved TEU L 181 av 18.5.2004, s. 25.

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2006 –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Protokoll 31 til avtala endrast som fastsett i vedlegget til denne avgjerda.

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3 .

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2006.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen .

Utferda i Brussel, 10. mars 2006.

For EØS-komiteen  
   
Formann
R. Wright
Sekretærar for EØS-komiteen
Ø. HovdkinnM. Brinkmann

Vedlegg til avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006

I protokoll 31 artikkel 17 (Telematisk datautveksling mellom administrasjoner (IDA)) vert det gjort følgjande endringar:

  1. Overskrifta vert som følgjer:

    «Telematisk datautveksling»

  2. Teksta i nr. 1 vert som følgjer:

    «EFTA-statene skal fra 1. januar 1997 delta i de av Fellesskapets prosjekter og tiltak som er nevnt i nr. 5 bokstav a), i samsvar med arbeids­programmet i tillegg 3 til denne protokoll, og fra 1. januar 2006 delta i de av Fellesskapets prosjekter og tiltak som er nevnt i nr. 5 bokstav b), i den grad disse prosjektene og tiltakene støtter andre programmer, tiltak o.l. som avtalepartene deltar i i henhold til denne protokoll.»

  3. I nr. 2 vert «programmet» bytt ut med «programmene», og «nr. 4» vert bytt ut med «nr. 5».

  4. I nr. 3 vert «nr. 4» bytt ut med «nr. 5 bokstav a)».

  5. Etter nr. 3 skal nytt nr. 4 lyde:

    «4. EFTA-statene skal fra starten av samarbeidet innenfor rammen av programmet nevnt i nr. 5 bokstav b), delta fullt ut, uten stemmerett, i de EØS-relevante delene av arbeidet til komiteen for felleseuropeiske elektroniske offentlige tjenester (Pan-European eGovernment Services Committee, PEGSO), som bistår Kommisjonen for De europeiske felleskap i gjennomføringen, styringen og utviklingen av programmet, når de EØS-relevante delene av programmet er berørt.»

  6. Nr. 4 vert nr. 5.

  7. Etter nr. 5 før strekpunkta skal ny bokstav a) lyde:

    «a)med henblikk på deltakelse fra 1. januar 1997:»

  8. På slutten av nr. 5 skal ny bokstav b) lyde:

    «b)med henblikk på deltakelse fra 1. januar 2005:

    • 32004 D 0387: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2004/387/EF av 21. april 2004 om samverkande yting av felles­europeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak og borgarar (IDABC), rettet ved EUT L 181 av 18.5.2004, s. 25.»

Fotnotar

1.

TEU L 306 av 24.11.2005, s. 45, og EØS-tillegget til TEU nr. 60 av 24.11.2005, s 28.

2.

TEU L 144 av 30.4.2004, s. 65, retta ved TEU L 181 av 18.5.2005, s. 25.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.