St.prp. nr. 54 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet IDABC

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2004/387/EF av 21. april 2004 om samverkande yting av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak og borgarar (IDABC)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 156 nr. 1,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1 ,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 2 ,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3 , og

ut frå desse synsmåtane:

  1. I samsvar med artikkel 154 i traktaten medverkar Fellesskapet til skiping og utvikling av transeuropeiske nett for å medverke til å nå dei måla som er nemnde i artikkel 14 og 158 i traktaten og gjere det mogleg for borgarar i Unionen, marknadsdeltakarar og regionale og lokale administrative einingar å fullt ut dra nytte av føremonene med å skape eit område utan indre grenser.

  2. Å lette mobiliteten for føretak og borgarar på tvers av europeiske grenser medverkar direkte til å fjerne hindringar for fritt varebyte og fri rørsle for personar, tenester og kapital og for at borgarar frå ein medlemsstat fritt skal kunne etablere seg på territoriet til ein annan medlemsstat.

  3. I samsvar med artikkel 157 i traktaten skal Fellesskapet og medlemsstatane sikre at dei vilkåra som er naudsynte for konkurranseevna til Fellesskapet, er til stades.

  4. Europaparlamentet og Rådet vedtok ved vedtak nr. 1719/1999/EF 4 og avgjerd nr. 1720/1999/EF ei rekkje tiltak, tverrgåande åtgjerder og retningslinjer, medrekna fastlegging av prosjekt av felles interesse, med omsyn til transeuropeiske nett for elektronisk datautveksling mellom forvaltingar (IDA). Ettersom dette vedtaket og denne avgjerda sluttar å gjelde 31. desember 2004, er det naudsynt å fatsetje ei ramme for oppfølginga av IDA-programmet, slik det vart fastsett i vedtaket og avgjerda.

  5. IDABC-programmet vil byggje på dei gode resultata til dei føregåande IDA-programma, som har gjort samarbeidet over landegrensene mellom offentlege forvaltingar meir effektivt.

  6. Ved skipinga og gjennomføringa av IDABC-programmet, som er ei oppfølging av føregåande IDA-program, bør det takast tilbørleg omsyn til resultata av desse programma.

  7. Det arbeidet som er er gjort innanfor ramma av IDABC-programmet vil venteleg danne grunnlaget for det vidare arbeidet. Dette saman med dei raske teknologiske endringane krev at programmet må kunne tilpassast den framtidige utviklinga.

  8. På møtet til Det europeiske rådet i Lisboa i mars 2000 vart det sett som mål at Den europeiske unionen innan 2010 skal verte den mest konkurransedyktige, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomien i verda, med skaping av berekraftig økonomisk vekst, fleire og betre jobbar og større sosial utjamning.

  9. På møtet til Det europeiske rådet i Brussel i mars 2003 vart det peikt på kor viktig det er å knyte Europa saman og på den måten styrkje den indre marknaden og det vart streka under at elektronisk kommunikasjon er ei effektiv drivkraft for vekst, konkurranseevne og skaping av arbeidsplassar i Den europeiske unionen og at det må gjerast ein innsats for å sikre denne føremonen og for å medverke til å nå dei måla som vart fastsette i Lisboa. For dette føremålet bør utviklinga og skipinga av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester og dei underliggjande telematikknetta støttast og fremjast.

  10. Det at hindringane for elektronisk kommunikasjon mellom offentlege forvaltingar på alle plan og med føretak og borgarar vert fjerna, medverkar til å betre det europeiske forretningsklimaet, minske den administrative byrda og redusere byråkratiet. Det kan òg oppmuntre føretak og borgararar i Den europeiske unionen til å dra nytte av føremonene med informasjonssamfunnet og til å kommunisere elektronisk med offentlege forvaltingar.

  11. Auka yting av elektroniske offentlege tenester gjer det mogleg for føretak og borgarar å kommunisere med dei offentlege forvaltingane utan særskild dugleik innan informasjonsteknologi eller førehandskunnskap om korleis ei offentleg forvalting fungerer eller er bygd opp.

  12. Innføringa av transeuropeiske telematikknett for elektronisk informasjonsutveksling mellom offentlege forvaltingar, fellesskapsorgan og andre einingar, som til dømes europeiske kontor, tenester og organisasjonar som tek sikte på å fremje interessene til Fellesskapet, bør ikkje sjåast på som eit mål, men som eit middel for å oppnå samverkande informasjonstenester og interaktive elektroniske offentlege tenester på eit felleseuropeisk plan, slik at borgarar og føretak kan dra nytte av føremonene med eit samarbeid mellom offentlege forvaltingar over heile Europa.

  13. Kommisjonen vil gjennomføre og om naudsynt ajourføre omfattande samråd med alle aktørar med sikte på å gjennomføre ei undersøking av alle relevante sektorar, med søkjelys på kva borgarar og føretak treng og kva føremoner dei har med sikte på å førebu ei liste over naudsynte og nyttige felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester som kan verte gjennomførde i løpet av det tidsrommet som dette vedtaket gjeld.

  14. Felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester gjer det mogleg for offentlege forvaltingar, føretak og borgarar å kommunisere betre med offentlege forvaltingar over landegrensene. Ytinga av desse tenestene krev føremålstenlege, effektive og samverkande informasjons- og kommunikasjonssystem mellom offentlege forvaltingar i tillegg til samverkande forvaltingsmessig handsaming av kontorklient- og kontortenerprogram med sikte på å kunne utveksle, forstå og handsame informasjon i den offentlege sektoren på ein sikker måte i heile Europa.

  15. For yting av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester bør det takast omsyn til føresegnene særleg i europaparlaments- og rådsdirektiv 95/46/EF av 24. oktober 1995 om beskyttelse av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger og om fri utveksling av slike opplysninger 5 og europaparlaments- og rådsdirektiv nr. 2002/58/EF av 12. juli 2002 om behandling av personopplysninger og personvern i sektoren for elektronisk kommunikasjon 6 .

  16. Det er viktig at det i samband med den nasjonale innsatsen til støtte for elektroniske offentlege tenester vert teke tilbørleg omsyn til prioriteringane til Den europeiske unionen.

  17. Det er viktig å gjere mest mogleg bruk av standardar, offentleg tilgjengelege spesifikasjonar og opne spesifikasjonar for informasjonsutveksling for å sikre smidig samverknadsevne og dermed auke føremonene med felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester og dei underliggjande transeuropeiske telematikknetta.

  18. Skipinga av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester og dei underliggjande transeuropeiske telematikknetta som Fellesskapet nyttar eller dreg nytte av, er ei oppgåve både for Fellesskapet og for medlemsstatane.

  19. Det er viktig å sikre nært samarbeid mellom medlemsstatane og Fellesskapet, og der det er relevant, mellom fellesskapsorgana og aktørane.

  20. Tiltaka på fellesskapsplan bør stimulere ei framgangsrik utvikling av elektroniske offentlege tenester på eit felleseuropeisk plan og dei tiltaka som krevst på alle relevante nivå, samstundes som det vert teke tilbørleg omsyn til det språklege mangfaldet i Fellesskapet.

  21. Deltakinga av alle medlemsstatane i tiltak til støtte for felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester som offentlege forvaltingar yter overfor føretak og borgarar, bør fremjast, men det kan òg skipast tiltak som omfattar ein del medlemsstatar og dei medlemsstatane som ikkje tek del bør oppmodast til å ta del seinare.

  22. Overføringsverdien i høve til liknande nasjonale, regionale og lokale initiativ og yting av elektroniske offentlege tenester innanfor medlemsstatane bør sikrast.

  23. I handlingsplanen e-Europa 2005, som vart godkjend under møtet til Det europeiske rådet i Sevilla i juni 2002, særleg kapittelet om elektronisk forvalting, er det streka under kor viktig IDA-programmet er med omsyn til å fremje skipinga av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til støtte for verksemd over landegrensene som utfyllar og utgjer ei ramme for initiativ med omsyn til elektronisk forvalting på alle relevante nivå.

  24. For å gjere effektiv bruk av dei finansielle midlane til Fellesskapet må kostnadene ved felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester og dei underliggjande transeuropeiske telematikknetta fordelast på ein rimeleg måte mellom medlemsstatane og Fellesskapet.

  25. Den beste måten å skipe og drive dei felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene og dei underliggjande transeuropeiske telematikknetta på, samstundes som det vert teke omsyn til produktivitet, skjønsemd og fleksibilitet, er å nytte ein marknadsretta framgangsmåte og følgjeleg velje ut leverandørar på eit konkurransemessig grunnlag i ein situasjon med fleire tenesteytarar, samstundes som den driftsmessige og finansielle berekraften til tiltaka vert sikra dersom det trengst.

  26. Det bør utviklast felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester innanfor ramma av spesifikke prosjekt av felles interesse og spesifikke tverrgåande tiltak. Andre tverrgåande tiltak bør setjast i verk for å støtte samverkande yting av desse tenestene ved at infrastrukturtenester vert skipa eller utvikla.

  27. IDABC-programmet bør følgjeleg òg vere ope for deltaking for statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet og kandidatstatane, og det bør oppmodast til samarbeid med andre tredjestatar. Internasjonale einingar kan ta del for eiga rekning i gjennomføringa av prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak.

  28. Med sikte på å sikre ei gunstig forvalting av dei finansielle ressursane i Den europeiske unionen for å unngå unaudsynleg auke i utstyrsmengd, overflødige granskingar og bruk av ulike framgangsmåtar, bør det vere mogleg å nytte tenester som er utvikla under IDA-programmet eller IDABC-programmet innanfor ramma av den felles utanriks- og tryggleikspolitikken og politi- og justissamarbeidet i kriminalsaker, i samsvar med avsnitt V og VI i traktaten om Den europeiske unionen.

  29. Ettersom måla for skipinga av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og difor på grunn av omfanget og verknadene av det framlagde tiltaket betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.

  30. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 7 .

  31. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 8

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Verkeområde

Ved denne avgjerda vert det skipa eit program for tidsrommet 2005-2009, eit program for samverkande yting av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til europeiske offentlege forvaltingar, fellesskapsorgan og andre einingar og til europeiske føretak og borgarar (heretter kalla «IDABC-programmet»).

Artikkel 2

Mål

  1. Målet for IDABC-programmet er å identifisere, støtte og fremje utviklinga og skipinga av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester og underliggjande transeuropeiske telematikknett og hjelpe medlemsstatane og Fellesskapet på dei høvesvise ansvarsområda deira, å gjennomføre fellesskapspolitikk og ­–verksemd og oppnå vesentlege føremoner for offentlege forvaltingar, føretak og borgarar.

  2. Programmet tek òg sikte på:

    1. å gjere det mogleg å utveksle informasjon på ein fullgod, effektiv og sikker måte mellom offentlege forvaltingar på alle relevante plan, og mellom slike forvaltingar og fellesskapsorgan eller eventuelt andre einingar,

    2. å utvide føremonene med utveksling av informasjon, som nemnd i bokstav a), med sikte på å lette ytinga av tenester til føretak og borgarar med omsyn til dei krava dei har,

    3. å støtte framgangsmåten for avgjerdstaking i Fellesskapet og lette kommunikasjonen mellom fellesskapsorgana ved å utvikle ein tilsvarande strategi på felleseuropeisk plan,

    4. å oppnå samverknadsevne både innanfor og på tvers av ulike politikkområde, og eventuelt, med føretak og borgarar, særleg på grunnlag av eit europeisk rammeverk for samverknadsevne,

    5. å medverke til den innsatsen som vert gjord av dei offentlege forvaltingane i medlemsstatane og Fellesskapet med omsyn til rasjonalisering av drifta, snøggare gjennomføring, tryggleik, effektivitet, klarleik, servicekultur og skjønsemd,

    6. å fremje spreiinga av god praksis og oppmuntre til utvikling av nyskapande telematikkløysingar i offentlege forvaltingar.

Artikkel 3

Definisjonar

I denne avgjerda tyder

  1. «telematikknett» eit omfattande datakommunikasjonssystem som femner om fysisk infrastruktur og koplingar og om dei tilhøyrande tenestene og brukarprogramma, og såleis gjer det mogleg med elektronisk informasjonsutveksling mellom og innanfor offentlege forvaltingar og mellom offentlege forvaltingar og føretak og borgarar,

  2. «felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester» grensekryssande informasjon og interaktive tenester i offentleg sektor, anten sektorvise eller tverrgåande, dvs. på tvers av sektorane, som vert ytt av europeiske offentlege forvaltingar til europeiske offentlege forvaltingar, føretak og interesseorganisasjonane deira og borgarar og interesseorganisasjonane deira, ved hjelp av samverkande transeuropeiske telematikknett,

  3. «prosjekt av felles interesse» prosjekt på dei politikkområda som er fastsette i vedlegg I, som er sette i verk eller vidareførde i medhald av denne avgjerda og som gjeld skiping eller betring av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester,

  4. «infrastrukturtenester » tenester som vert ytt for å stette allmenne krav som omfattar teknologi– og programvareløysingar, medrekna eit rammeverk for europeisk samverknad, tryggleik, mellomvare og nettenester. Infrastrukturtenester støttar ytinga av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester,

  5. «tverrgåande tiltak» eit tiltak som fastsett i vedlegg II, som er sett i verk eller vidareførd i medhald av denne avgjerda, og som gjeld skiping eller betring av tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester, infrastrukturtenester eller strategi- og støtteverksemd,

  6. «samverknadsevne» den evna system innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og dei forretningsverksemdene som dei støtter, har til å utveksle data og gjere det mogleg å dele informasjon og kunnskap.

Artikkel 4

Prosjekt av felles interesse

Med sikte på å nå dei måla som er fastsette i artikkel 2, skal Fellesskapet, i samarbeid med medlemsstatane, gjennomføre prosjekt av felles interesse som er definerte i det igangverande arbeidsprogrammet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1, i samsvar med dei prinsippa som er fastsette i artikkel 6 og 7.

Prosjekt av felles interesse skal dersom det er mogleg nytte dei tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene og infrastrukturtenestene og medverke til den vidare utviklinga av desse tenestene.

Artikkel 5

Tverrgåande tiltak

  1. Med sikte på å nå dei måla som er fastsette i artikkel 2 og for å støtte prosjekt av felles interesse, skal Fellesskapet i samarbeid med medlemsstatane gjennomføre dei tverrgåande tiltaka som er nemnde i vedlegg II og definerte i det igangverande arbeidsprogrammet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1, i samsvar med dei prinsippa som er fastsette i artikkel 6 og 7.

  2. Tverrgåande tiltak skal gå ut på å yte, halde ved lag og fremje infrastrukturtenester for offentlege forvaltingar i Fellesskapet på grunnlag av den vedlikehalds- og tilgangspolitikken som er definert i rammeverket til IDABC-programmet. Dei skal òg sikre forvaltinga av tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester i tillegg til å skipe strategi- og støtteverksemder for å fremje felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester, utarbeide strategiske analysar av relevant utvikling i Fellesskapet og medlemsstatane og sikre forvaltinga av programmet og spreiinga av god praksis.

  3. For å kunne fastsetje kva tverrgåande tiltak som skal vedtakast, skal Fellesskapet utarbeide ei utgreiing av dei tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene og infrastrukturtenestene. Utgreiinga skal omfatte aspekt som til dømes den forvaltinga, organiseringa, det tilhøyrande ansvaret og kostnadsdelinga som er naudsynt, og den strategien som skal nyttast i utviklinga og gjennomføringa av dei felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene og infrastrukturtenestene. Strategien skal byggje på ei vurdering av prosjektkrava. Utgreiinga skal vurderast på nytt kvart år.

Artikkel 6

Gjennomføringsprinsipp

  1. Gjennomføringa av prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak skal skje i henhold til dei prinsippa som er fastsette i nr. 2 til 10.

  2. Denne avgjerda er det rettslege grunnlaget for gjennomføringa av tverrgåande tiltak.

  3. Gjennomføringa av eit prosjekt krev eit sektorspesifikt rettsleg grunnlag. For føremålet med denne avgjerda skal eit prosjekt reknast for å ha stetta dette kravet når det støttar ytinga av tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester til offentlege forvaltingar, føretak eller borgarar innanfor ramma av gjennomføringa av eit sektorspesifikt rettsleg grunnlag eller alle andre relevante rettslege grunnlag.

    Dette nummeret skal ikkje nyttast på prosjekt av felles interesse som støttar ytinga av elektroniske offentlege tenester mellom fellesskapsorgan og europeiske kontor.

  4. Det skal oppmuntrast til at så mange som mogleg av medlemsstatane tek del i prosjekt til støtte for felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester som vert ytte av europeiske offentlege forvaltingar, til europeiske offentlege forvaltingar, føretak og interesseorganisasjonane deira og borgarar og interesseorganisasjonane deira.

  5. Prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak skal omfatte alle tiltak som er naudsynte for skiping eller betring av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester.

  6. Prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak skal om naudsynt omfatte ein innleiande fase. Dei skal omfatte ein føregranskingsfase, ein utviklings- og valideringsfase og ein gjennomføringsfase som skal gjennomførast i samsvar med artikkel 7.

    Dette nummeret skal ikkje nyttast på strategi- og støtteverksemder som definert i del C i vedlegg II.

  7. Det skal om naudsynt takast omsyn til resultat som er oppnådde ved andre fellesskaps– og medlemsstatsverksemder, særleg fellesskapsprogramma for forsking og teknologisk utvikling og andre fellesskapsprogram og –strategiar, som til dømes eTEN 9 , e-innhald 10 , e-integrasjon, e-læring 11 og MODINIS 12 i definisjonen av prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak, med sikte på å unngå overlapping og for å auke framdrifta i utviklinga av elektroniske offentlege tenester. Det skal òg takast omsyn til prosjekt i planleggings- eller utviklingsfasen.

  8. For prosjekt av felles interesse eller tverrgåande tiltak skal det utarbeidast tekniske spesifikasjonar med tilvising til høvesvis europeiske standardar eller offentleg tilgjengelege spesifikasjonar eller opne spesifikasjonar for informasjonsutveksling og integrering av tenester, og dei skal eventuelt vere i samsvar med infrastrukturtenester med sikte på å sikre samverknadsevnen og tilgjenget mellom nasjonale system og fellesskapssystem innanfor og mellom forvaltingssektorar og med føretak og borgarar.

  9. Prosjekt av felles interesse eller tverrgåande tiltak skal om naudsynt ta tilbørleg omsyn til rammeverk for europeisk samverknad som vert ytt, haldt ved lag og fremja av IDABC- programmet.

  10. Alle prosjekt av felles interesse eller tverrgåande tiltak skal gjennomgå ei sluttvurdering innan eitt år etter at gjennomføringsfasen er slutt.

Vurderinga skal omfatte ein nytte- og kostnadsanalyse.

Med omsyn til prosjekt av felles interesse skal vurderinga utførast i samarbeid med medlemsstatane i samsvar med dei reglane som gjeld for sektorpolitikken, og ho skal leggjast fram for det relevante sektorutvalet.

Konklusjonane og tilrådingane i vurderinga av prosjekta av felles interesse skal leggjast fram for det utvalet som er nemnt i artikkel 11 nr. 1, til orientering.

Med omsyn til tverrgåande tiltak skal vurderinga gjennomførast innanfor ramma av det utvalet som er nemnt i artikkel 11 nr. 1.

Artikkel 7

Ytterlegare prinsipp

  1. I tillegg til dei prinsippa som er fastsette i artikkel 6, skal dei prinsippa som er fastsette i nr. 2 til 8, nyttast.

  2. Under den innleiande fasen skal det utarbeidast ein innleiande rapport om måla, verkeområdet og grunngjevinga for prosjektet av felles interesse eller det tverrgåande tiltaket, og særleg om forventa kostnader og nytte, i tillegg til at det skal arbeidast for å sikre at deltakarane etter tilbørleg samråd får den naudsynte forståinga og interessa for prosjektet, medrekna opplysningar om kva utval som er det rette til å følgje opp gjennomføringa av prosjektet eller tiltaket.

  3. Under føregranskingsfasen skal det utarbeidast ein overordna gjennomføringsplan som skal omfatte utviklings– og gjennomføringsfasen og innehalde informasjonen i den innleiande rapporten, i tillegg til:

    1. ei utgreiing om den planlagde organisatoriske utviklinga og eventuelt omlegginga av arbeidsmetodar,

    2. mål, funksjonar, deltakarar og teknisk metode,

    3. tiltak for å lette fleirspråkleg kommunikasjon,

    4. tiltak for å sikre trygging og vern av opplysningar,

    5. tildeling av roller til Fellesskapet og medlemsstatane,

    6. fordeling av dei forventa kostnadene og ei utgreiing om dei forventa føremonene, medrekna kriteria for å vurdere desse føremonene etter gjennomføringsfasen og ein detaljert analyse av kapitalforrentinga i tillegg til dei delmåla som skal nåast,

    7. eit skjema der det er fastlagd ei rimeleg fordeling mellom Fellesskapet og medlemsstatane og eventuelt andre einingar, av drifts- og vedlikehaldskostnadene for dei tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene og infrastrukturtenestene etter at gjennomføringsfasen er over.

  4. Under utviklings- og valideringsfasen kan den løysinga som er lagd fram, eventuelt utarbeidast, prøvast, vurderast og overvakast i ein mindre målestokk og resultata nyttast til å tilpasse den overordna gjennomføringsplanen tilsvarande.

  5. Under gjennomføringsfasen skal dei aktuelle tenestene skipast og kome i full drift i samsvar med den overordna gjennomføringsplanen.

  6. Den innleiande rapporten og den overordna gjennomføringsplanen skal skipast ved å nytte metodar som er utarbeidde som støtteverksemd innanfor ramma av IDABC-programmet.

  7. Igangsetjinga og gjennomføringa av eit prosjekt av felles interesse, fastlegginga av fasane og utarbeiding av innleiande rapportar og overordna gjennomføringsplanar skal gjerast og kontrollerast av Kommisjonen, som handlar i i samsvar med den relevante framgangsmåten for sektorutval.

    Dersom det ikkje finst nokon framgangsmåte for sektorutval, skal Fellesskapet og medlemsstatane oppnemne sektorgrupper av sakkunnige som skal vurdere alle relevante spørsmål.

    Kommisjonen skal sende konklusjonane frå sektorutvala og eventuelt gruppene av sakkunnige til det utvalet som er nemnt i artikkel  11 nr. 1.

  8. Igangsetjinga og gjennomføringa av eit tverrgåande prosjekt, fastlegginga av fasane og utarbeiding av innleiande rapportar og overordna gjennomføringsplanar skal gjerast og kontrollerast av Kommisjonen, som handlar i i samsvar med den relevante framgangsmåten som er nemnd i artikkel 11 nr. 2.

Artikkel 8

Framgangsmåte for gjennomføring

  1. Kommisjonen skal skipe eit arbeidsprogram som skal vere i gang i heile det tidsrommet som denne avgjerda gjeld, for gjennomføring av prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak. Kommisjonen skal godkjenne arbeidsprogrammet og minst éin gong i året eventuelle endringar av det, og om naudsynt ta omsyn til fordelinga av budsjettet per prosjekt av felles interesse og per tverrgåande tiltak.

    Den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 11 nr. 2, skal nyttast når det gjeld godkjenninga til Kommisjonen av det igangverande arbeidsprogrammet og alle endringar av dette.

  2. For kvart prosjekt av felles interesse og kvart tverrgåande tiltak skal det arbeidprogrammet som er nemnt i det første nummeret, eventuelt omfatte:

    1. ei utgreiing av måla, verkeområda, grunngjevinga og dei moglege deltakarane, funksjonane og den tekniske metoden,

    2. ei fordeling av tidlegare utgifter og delmål som er nådde, i tillegg til forventa kostnader og nytte og delmål som skal nåast,

    3. ein spesifikasjon av dei tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene og infrastrukturtenestene som skal nyttast.

Artikkel 9

Budsjettføresegner

  1. Utan at det rører ved artikkel 8 skal den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 11 nr. 2, nyttast på godkjenninga til Kommisjonen av budsjettet per prosjekt av felles interesse eller eventuelt tverrgåande tiltak, slik at det med atterhald for gjeldande budsjettreglar, dekkjer det igangverande arbeidsprogrammet og eventuelle endringar av dette, i samsvar med artikkel 8 nr. 1.

  2. Midlane skal tildelast når spesifikke delmål er nådde i samsvar med den framgangsmåten som skal nyttast på det relevante sektorutvalet for prosjekt av felles interesse, og på det utvalet som er nemnt i artikkel 11 nr. 1, med omsyn til tverrgåande tiltak. For igangsetjinga av den innleiande fasen skal delmålet vere at prosjektet av felles interesse eller det tverrgåande tiltaket vert innlemma i det igangverande arbeidsprogrammet. For innleiinga av føregranskingsfasen skal delmålet vere den innleiande rapporten. For innleiinga av den påfølgjande utviklings- og valideringsfasen skal delmålet vere den overordna gjennomføringsplanen. Delmål som skal nåast under utviklings-, validerings– og gjennomføringsfasen skal innlemmast i det igangverande arbeidsprogrammet i samsvar med artikkel 8.

  3. Framgangsmåten som er nemnd i artikkel 11 nr. 2, skal òg nyttast på eventuelle framlegg om budsjettauke på meir enn 100 000 euro per prosjekt av felles interesse eller tverrgåande tiltak gjennom eit år.

  4. Programmet skal gjennomførast på grunnlag av reglane om offentleg innkjøp. Dei tekniske spesifikasjonane for tilbodsinnbydingar skal fastleggjast i samordning med medlemsstatane dersom kontrakten er verd meir enn 500 000 euro, innanfor ramma av det relevante sektorutvalet eller det utvalet som er nemnt i artikkel 11 nr. 1.

Artikkel 10

Finansielt tilskot frå Fellesskapet

  1. Ved gjennomføringa av prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak skal Fellesskapet bere kostnader i høve til sine eigne interesser i prosjekta.

  2. Det finansielle tilskotet frå Fellesskapet skal fastsetjast for kvart av prosjekt av felles interesse og kvart tverrgåande tiltak i samsvar med nr. 3-7.

  3. For at eit prosjekt av felles interesse eller eit tverrgåande tiltak skal kunne motta eit finansielt tilskot frå Fellesskapet, skal det leggjast fram konkrete planar for finansiering av vedlikehalds– og driftskostnadene etter gjennomføringsfasen, der det tydeleg går fram kva roller Fellesskapet og medlemsstane eller andre einingar skal ha.

  4. Under den innleiande fasen og føregranskingsfasen kan tilskotet frå Fellesskapet dekkje alle kostnader til dei naudsynte granskingane.

  5. Under utviklings- og valideringsfasen og gjennomføringsfasen skal Fellesskapet bere kostnadene i samband med dei oppgåvene som det har fått tildelt innanfor ramma av den overordna gjennomføringsplanen for prosjektet av felles interesse eller det tverrgåande tiltaket.

  6. Fellesskapsfinansiering av eit prosjekt av felles interesse eller eit tverrgåande tiltak med omsyn til yting og vedlikehald av infrastrukturtenester, skal i prinsippet falle bort etter eit tidsrom på høgst fire år frå starten av den innleiande fasen.

  7. Dei finansielle midlane som er fastsette i medhald av denne avgjerda, kan ikkje tildelast prosjekt av felles interesse eller tverrgåande tiltak eller fasar av prosjekt av felles interesse eller tverrgåande tiltak som mottek andre fellesskapstilskot.

  8. Innan 31. desember 2006 skal ordningar som sikrar den finansielle og driftsmessige berekraften til infrastrukturtenestene, dersom det er naudsynt, definerast og fastsetjast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 11 nr. 2.

Artikkel 11

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval kalla Utvalet for felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester (PEGSCO).

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i rådsavgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

    Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

  3. PEGSCO fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 12

Årsrapport

Kommisjonen skal kvart år leggje fram for PEGSCO ein rapport om gjennomføringa av denne avgjerda.

Artikkel 13

Vurdering

  1. Når programmet er avslutta skal Kommisjonen i samordning med medlemsstatane gjere ei sluttvurdering av gjennomføringa av denne avgjerda.

  2. Dessutan skal Kommisjonen innan midten av 2006 og i samordning med medlemsstatane, gjere ei vurdering av gjennomføringa av denne avgjerda. I denne vurderinga skal det mellom anna òg sjåast på kor berekraftige og verknadsfulle IDABC-verksemdene er, i tillegg til at det skal gjerast ei kvalitativ og kvantitativ vurdering av resultata sett i høve til arbeidsprogrammet. I samband med denne vurderinga skal Kommisjonen rapportere om summen for 2007-2009 er i samsvar med dei nye finansielle overslaga. Kommisjonen skal eventuelt gjere dei tiltaka som er naudsynte innanfor ramma av budsjetthandsaminga for 2007-2009, for å sikre at dei årlege løyvingane er i samsvar med dei finansielle overslaga.

  3. Vurderinga skal slå fast kva framsteg som er gjorde med omsyn til dei prosjekta av felles interesse og dei tverrgåande tiltaka som er oppførde i høvesvis vedlegg I og II, og særleg korleis dei planlagde felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene vert utvikla, gjennomførde og nytta.

    I lys av dei utgiftene som Fellesskapet har hatt, skal vurderinga òg omfatte ei gransking av dei føremonene som dei felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene og infrastrukturtenestene har tilført Fellesskapet, offentlege forvaltingar, føretak og borgar med omsyn til utvikling av ein felles politikk og institusjonelt samarbeid, i tillegg til ei fastlegging av område der det kan gjerast betringar og ei vurdering av overføringsverdien i høve til fellesskapsverksemd på området felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester og infrastrukturtenester.

  4. Kommisjonen skal sende over til Europaparlamentet og Rådet konklusjonane frå den kvalitative og kvantitative vurderinga saman med eventuelle høvelege framlegg til endring av denne avgjerda. Konklusjonane skal sendast over før utkastet til det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen for høvesvis 2007 og 2010 vert lagt fram.

Artikkel 14

Internasjonalt samarbeid

  1. Innanfor ramma av dei avtalene som dei har med Det europeiske fellesskapet, kan statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet og kandidatstatane ta del i IDABC-programmet.

  2. Det skal oppmuntrast til samarbeid med andre tredjestatar med omsyn til gjennomføring av prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak, særleg med offentlege forvaltingar i middelhavsstatane og i statane på Balkan og i Aust-Europa. Det skal òg leggjast særleg vekt på internasjonalt samarbeid til støtte for utvikling og økonomisk samarbeid. Kostnadene til dette skal ikkje dekkjast av IDABC-programmet.

  3. Internasjonale organisasjonar eller andre internasjonale einingar kan ta del for eiga rekning i gjennomføringa av prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak.

Artikkel 15

Andre nett

  1. Med omsyn til skiping eller betring av andre nett som ikkje er prosjekt av felles interesse eller tverrgåande tiltak (heretter kalla «andre nett»), skal medlemsstatane og Fellesskapet, i samsvar med dei relevante føresegnene i regelverket til Fellesskapet om skipinga av desse netta, syte for at nr. 2–5 vert stetta.

  2. Med atterhald for nr. 3 kan dei tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene og infrastrukturtenestene som vert ytt av Fellesskapet innanfor ramma av denne avgjerda, verte nytta av andre nett.

  3. For kvart av dei andre netta skal det utarbeidast tekniske spesifikasjonar med tilvising til høvesvis europeiske standardar eller offentleg tilgjengelege spesifikasjonar eller opne spesifikasjonar for informasjonsutveksling og integrering av tenester, med sikte på å sikre samverknadsevnen og tilgjenget mellom nasjonale system og fellesskapssystem innanfor og mellom forvaltingssektorar og med føretak og borgarar.

  4. Innan 31. oktober 2005 og deretter kvart år skal Kommisjonen leggje fram for PEGSCO ein rapport om gjennomføringa av nr. 1–5. I denne rapporten skal Kommisjonen opplyse om alle relevante brukarkrav eller alle andre grunnar som hindrar andre nett i å dra nytte av dei tenestene som er nemnde i nr. 2, og drøfte om det er mogleg å tilpasse desse tenestene slik at bruken av dei kan utvidast.

  5. Dei felleseuropeiske elektroniske offentlege tenestene og infrastrukturtenestene som er utvikla innanfor ramma av Fellesskapet i samband med IDA– eller IDABC-programmet, kan nyttast av Rådet med omsyn til skipinga eller utviklinga av verksemd innanfor ramma av den felles utanriks- og tryggleikspolitikken og politi- og justissamarbeidet i kriminalsaker, i samsvar med avsnitt V og VI i traktaten om Den europeiske unionen.

Bruken av slike tenester skal avgjerast og finansierast i samsvar med avsnitt V og VI i den nemnde traktaten.

Artikkel 16

Finansiell ramme

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av fellesskapstiltaket i medhald av denne avgjerda for tidsrommet 1. januar 2005-31. desember 2009 vert med dette fastsett til 148,7 millionar euro, der 59,1 millionar euro skal dekkje tidsrommet fram til 31. desember 2006.

    For tidsrommet etter 31. desember 2006 skal denne summen reknast som stadfesta dersom han for denne fasen stemmer overeins med dei finansielle overslaga som gjeld for det tidsrommet som tek til i 2007.

  2. Dei årlege løyvingane for tidsrommet 2005-2009 skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 17

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde tjuande dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Ho skal gjelde frå 1. januar 2005 til 31. desember 2009.

Utferda i Strasbourg, 21. april 2004.

For EuropaparlamentetFor Rådet
P. COXD.ROCHE
PresidentFormann

Vedlegg I

Politikkområde for prosjekt av felles interesse

Prosjekt av felles interesse innanfor ramma av IDABC-programmet er prosjekt som er skipa særleg på følgjande område:

A. Generelt

  1. Fellesskapspolitikk og –verksemd (i samsvar med avsnitt B), informasjonsutveksling mellom organa (i samsvar med avsnitt C), internasjonalt samarbeid (i samsvar med avsnitt D) og andre nett (i samsvar med avsnitt E).

  2. Tiltak som krevst for at europeiske kontor og institusjonar skal fungere, og som er til støtte for den rettslege ramma for skipinga av desse europeiske kontora.

  3. Politikk i samband med fri rørsle for personar, særleg til støtte for yting av jamgode tenester til borgarar og føretak i dei ulike medlemsstatane.

  4. 4 Tiltak som innanfor ramma av fellesskaps­politikken og –verksemdene, og under uventa omstende, er tvingande naudsynte for å støtte tiltaka til Fellesskapet og medlemsstatane.

B. Fellesskapspolitikk og –verksemd

  1. Økonomisk og monetær politikk.

  2. Konsolidering av «den gjeldande fellesskapsretten» etter utvidinga av Den europeiske unionen.

  3. Regions- og utjamningspolitikk, særleg for å lette innsamlinga, forvaltinga og spreiinga av opplysningar om gjennomføringa av region- og utjamningspolitikken på sentralt og regionalt offentleg forvaltingsplan.

  4. Fellesskapsfinansiering, særleg for å skape eit grensesnitt til eksisterande databasar i Kommisjonen med sikte på å lette tilgangen for europeiske organisasjonar, særleg små og mellomstore føretak, til finansieringskjelder i Fellesskapet.

  5. Statistikk, særleg innsamling og spreiing av statistiske opplysningar, i tillegg til statistikk til støtte for elektronisk offentleg forvalting med sikte på å vurdere samverknadsevnen mellom system og effektiviteten deira, og dermed måle kor vellukka dei er.

  6. Offentleggjering av offisielle dokument og forvalting av offisielle informasjonstenester.

  7. Politikk innan landbruks- og fiskerisektoren, særleg med omsyn til forvalting av marknader for landbruksvarer og landbruksstrukturar, meir effektiv økonomistyring, utveksling av rekneskapsdata for driftseiningar i landbruket (RICA) mellom nasjonale organ og Kommisjonen, og kamp mot svik.

  8. Politikk innan industri– og tenestesektoren, særleg med omsyn til informasjonsutveksling mellom offentlege forvaltingar som handsamar konkurransesaker mellom føretak, og mellom slike offentlege forvaltingar og samanslutningar av føretak.

  9. Konkurransepolitikk, særleg med omsyn til gjennomføring av betre elektronisk datautveksling med dei nasjonale forvaltingane for å lette informasjons- og samrådsordningane.

  10. Politikk innan utdanning, kultur og det audiovisuelle området, særleg med omsyn til informasjonsutveksling som gjeld innhald på opne nett, for å fremje utvikling og fri omsetnad av nye audiovisuelle tenester og informasjonstenester.

  11. Politikk innan transportsektoren, særleg til støtte for datautveksling med omsyn til førarar, køyretøy og transportørar.

  12. Politikk innan turisme, miljø, forbrukarvern, vern av folkehelsa og offentleg innkjøp.

  13. Forskingspolitikk, særleg for å lette innsamlinga, forvaltinga og spreiinga av opplysningar om gjennomføringa av samordna forskingspolitikk på nasjonalt plan innan offentleg forvalting.

  14. Medverking til å nå målet med e-Europa-initiativet og den tilhøyrande handlingsplanen, særleg kapitlet om elektronisk offentleg forvalting og tryggleik, som tek sikte på å tene føretak og borgarar.

  15. Innvandringspolitikk, særleg med omsyn til gjennomføring av betre elektronisk datautveksling med dei nasjonale forvaltingane for å lette informasjons- og samrådsordningane.

  16. Samarbeid mellom rettsstyresmaktene.

  17. Informasjonssystem som gjer det mogleg for nasjonale parlament og det sivile samfunnet og ta del i lovgjevingsprosessen.

  18. Oppfølging av gjennomføringa av fellesskapslovgjeving i medlemsstatane og utveksling av informasjon mellom medlemsstatar og fellesskapsorgan.

C. informasjonsutveksling mellom organa

Utveksling av informasjon mellom organa, særleg:

  1. til støtte for framgangsmåten for avgjerdstaking i Fellesskapet og spørsmål frå Parlamentet,

  2. for å innføre det telematikksambandet som er naudsynt mellom Kommisjonen, Europaparlamentet, Rådet (medrekna nettstaden til det sitjande formannskapet i Den europeiske unionen, dei faste representasjonane til medlemsstatane og samarbeidande nasjonale ministerier) og andre fellesskapsorgan,

  3. for å fremje fleirspråksbruken i informasjonsutvekslinga mellom organa, betre styring av omsetjingsprosessen og bruk av støtteverktøy for omsetjing, felles handtering/utveksling av fleirspråklege ressursar og tilrettelegging av felles tilgang til slike kjelder,

  4. felles handtering av dokument mellom europeiske kontor og organ og fellesskapsorgana.

D. Internasjonalt samarbeid

Utviding av prosjekt av felles interesse til tredjestatar, medrekna kandidatstatar, og internasjonale organisasjonar, med særleg vekt på initiativ for utvikling og økonomisk samarbeid.

E. Andre nett

Prosjekt av felles interesse som før vart finansierte gjennom IDA-programmet, og som no har si eiga fellesskapsfinansiering, kjem inn under gruppa «andre nett», som er nemnde i artikkel 14 i denne avgjerda.

Vedlegg II

Tverrgåande tiltak

Tverrgåande tiltak innanfor ramma av IDABC-programmet er særleg:

A. Tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester

Tverrgåande tiltak som er sette i verk for å innleie, mogleggjere og forvalte ytinga av tverrgåande felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester, medrekna organisasjon og samarbeid, som til dømes:

  1. ein portal for å gje føretak og borgarar tilgang til felleseuropeisk, fleirspråkleg direktekopla informasjon og interaktive tenester,

  2. eitt einskilt tilgangspunkt til t.d. direktekopla rettslege informasjontenester i medlemsstatar,

  3. eit interaktivt program for innsamling av synspunkta og røynslene til aktørar med omsyn til spørsmål av allmenn interesse og om korleis fellesskapspolitikken verkar.

B. Infrastrkturtenester

Horisontale tiltak som er sette i verk for å yte og halde ved lag teknologi– og programvareløysingar med funksjonar som er særleg knytte til IKT, frå kommunikasjon til definerte standardar. Teknologi– og programvareløysingar omfattar nettenester, mellomvare, tryggleik og retningslinjer, som t.d.:

  1. ein sikker og påliteleg kommunikasjonsplattform for utveksling av data mellom offentlege forvaltingar,

  2. eit sikkert og påliteleg system for forvalting av datastrømmar som er samankopla med ulike arbeidsprosessar,

  3. eit felles verktøysett til forvalting av fleirspråklege samarbeidande nettstader og portalar,

  4. akkreditering av plattformar med sikte på å handsame fortrulege opplysningar,

  5. skiping og gjennomføring av ein autentiseringspolitikk for nett og prosjekt av felles interesse,

  6. undersøkingar av tryggleiken og risikoanalysar til støtte for nett eller andre infrastrukturtenester,

  7. ordningar for å skape tillit mellom klassifiseringsstyresmakter for å tillate bruk av elektroniske sertifikat i felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester,

  8. tenester med omsyn til identifisering, godkjenning, autentisering og ikkje-nekting i samband med prosjekt av felles interesse,

  9. eit felles rammeverk for deling og utveksling av informasjon og kunnskap mellom europeiske offentlege forvaltingar og med føretak og borgarar, medrekna retningslinjer for arkitektur,

  10. spesifikasjon av XML-vokabular, XML-skjema og XML-produkt til støtte for utveksling av data i nett,

  11. funksjonelle og ikkje-funksjonelle standardkrav med omsyn til forvaltinga av elektroniske register i offentlege forvaltingar,

  12. eit metadata-rammeverk for informasjon frå offentleg sektor i felleseuropeiske program,

  13. samanlikning av standardar for open utveksling med sikte på å fastsetje ein politikk for opne format,

  14. felles spesifikasjonar og infrastrukturtenester for å lette elektronisk handel i heile Europa,

  15. maskinomsetjingssystem og andre fleirspråklege verktøy, medrekna ordbøker, tesaurus og klassifiseringssystem til støtte for fleirspråksbruk,

  16. program til støtte for samarbeid mellom offentlege forvaltingar,

  17. program til støtte for tilgang til tenester gjennom fleire kanalar,

  18. programvareverktøy med open kjeldekode og tiltak for å lette utvekslinga av røynsler mellom offentlege forvaltingar og bruken deira av løysingar.

C. Strategi- og støtteverksemder

  1. Strategiverksemd til støtte for vurderinga og fremjinga av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester, som til dømes:

    1. analyse av strategiar for elektronisk offentleg forvalting og informasjonsstyring i heile Europa,

    2. tilskiping av medvitsaukande arrangement der dei aktørane som det gjeld, tek del,

    3. fremjing av skiping av felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester med særleg vekt på tenester til føretak og borgarar.

  2. Støtteverksemder for programforvalting med sikte på å overvake og betre effektiviteten til og verknadene av programmet, som til dømes:

    1. kvalitetssikring og –kontroll for å betre fastsetjinga av måla med og gjennomføringa og resultata av prosjektet,

    2. programvurdering og ein nytte- og kostnadsanalyse av særkilde prosjekt av felles interesse og tverrgåande tiltak.

  3. Støtteverksemder for å spreie god praksis til offentlege forvaltingar med omsyn til bruk av informasjonsteknologi, som til dømes:

    1. rapportar, nettstader, konferansar og generelt initiativ som er retta mot ålmenta,

    2. overvaking, analyse og spreiing gjennom nettstader av initiativ og god praksis med omsyn til tiltak innan elektronisk offentleg forvalting på medlemsstatsplan, fellesskapsplan og internasjonalt plan,

    3. fremjing av spreiing av god praksis i bruken av t.d. programvare med open kjeldekode i offentlege forvaltingar.

Fotnotar

1.

TEU C 80 av 30.3.2004, s. 83.

2.

TEU C 73 av 23.3.2004, s. 72.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 18. november 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU). Felles haldning frå Rådet av 18. desember 2003 (TEU C 66 E av 16.3.2004, s. 22) og haldning frå Europaparlamentet av 11. mars 2004 (enno ikkje offentleggjord i TEU). Rådsavgjerd av 30. mars 2004.

4.

TEF L 203 av 3.8.1999, s. 1. Avgjerda endra ved avgjerd nr. 2046/2002/EF (TEF L 316 av 20.11.2002, s. 4).

5.

TEF L 281 av 23.11.1995, s. 31. Direktivet sist endra ved forordning (EF) nr. 1882/2003 (TEF L 284 av 31.10.2003, s. 1).

6.

TEF L 201 av 31.7.2002, s. 37.

7.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

8.

TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1. Avtala endra ved europaparlaments- og rådsavgjerd 2003/429/EF (TEU L 147 av 14.6.2003, s. 25).

9.

TEF L 183 av 11.7.1997, s. 12.

10.

TEF L 14 av 18.1.2001, s. 32.

11.

TEU L 345 av 31.12.2003, s. 9.

12.

TEU L 336 av 23.12.2003, s. 1.