St.prp. nr. 56 (2008-2009)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av tiltaksområde 1 og 3 i Erasmus Mundus II-programmet (2009-2013)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1298/2008/EF av 16. desember 2008 om skiping av handlingsprogrammet Erasmus Mundus 2009-2013 for å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning og å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 149 nr. 4,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1,

etter samråd med Regionutvalet,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 2, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2317/2003/EF 3 vart det sett i verk eit program for å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning og å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar (Erasmus Mundus) (2004-2008).

  2. Ved rådsforordning (EF) nr. 1085/2006 4 vart det skipa ei ordning for hjelp før tilmelding, ved europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1638/2006 5 vart det skipa ei ordning for europeisk naboskap og partnarskap, ved europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1905/2006 6 vart det skipa ei finansieringsordning for utviklingssamarbeid, ved rådsforordning (EF) nr. 1934/2006 7 vart det skipa ei finansieringsordning for samarbeid med industristatar og andre høginntektsstatar og -territorium og partnarskapsavtala mellom medlemmene i gruppa av statar i Afrika, Vestindia og Stillehavet på den eine sida og Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane på den andre, underskriven i Cotonou 23. juni 2000 8, (heretter kalla «partnarskapsavtala ACP-EF»), medan Det europeiske utviklingsfondet er underlagt den interne avtala om finansiering av fellesskapsstøtte i medhald av den fleirårige finansielle ramma for tidsrommet 2008-2013 i samsvar med partnarskapsavtala ACP-EF og tildeling av finansiell støtte til oversjøiske statar og territorium som del fire i EF-traktaten gjeld for 9, (heretter kalla «den interne ACP-EF-avtala»).

  3. Det nye Erasmus Mundus-programmet stemmer overeins med dei kvalitetsmåla som er fastsette i programmet for 2004-2008. Ut frå kvaliteten på dei studia som kan veljast, gode mottaksordningar og ei stipendordning som er konkurransedyktig på verdsplan, medverkar programmet til å tiltrekkje dei beste studentane frå tredjestatar.

  4. Under tingingane om ordningane for ekstern støtte og den tverrinstitusjonelle avtala om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 10 kom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen fram til semje om demokratisk kontroll og samanheng når det gjeld eksterne tiltak, slik det er fastsett i fråsegn 4 til den tverrinstitusjonelle avtala.

  5. Gjennom Bologna-fråsegna, som vart underskriven 19. juni 1999av utdanningsministrane frå 29 europeiske statar, vart det sett i verk ein mellomstatleg prosess som tek sikte på å innføre eit «europeisk område for høgare utdanning» innan 2010, noko som får aktiv støtte på fellesskapsplan. Under møtet sitt i London 17.-18. mai 2007 vart strategien «Europeisk høgare utdanning i eit globalt perspektiv»vedteken av dei 45 ministrane for høgare utdanning frå dei statane som tek del i Bologna-prosessen, som i denne samanhengen òg fastsette at betre informasjon om det europeiske området for høgare utdanning og betre godkjenningsordningar for kvalifikasjonar innanfor høgare utdanning jamført med andre delar av verda, skulle vere prioriterte mål for 2009.

  6. Under det ekstraordinære møtet til Det europeiske rådet i Lisboa 23.-24. mars 2000 vart det sett som eit strategisk mål at Den europeiske unionen skal verte den mest konkurransedyktige og dynamiske kunnskapsbaserte økonomien i verda, og Rådet for utdanning, ungdom og kultur vart oppmoda om å drøfte på allment grunnlag dei konkrete måla for utdanningssystema med hovudvekt på felles interesser og prioriteringar, samstundes som det vert teke omsyn til det nasjonale mangfaldet. Rådet vedtok 12. februar 2001 ein rapport om konkrete framtidsmål for utdannings- og opplæringssystema. Vidare vedtok Rådet 14. juni 2002 eit detaljert arbeidsprogram for oppfølging av desse måla, noko som krev støtte på fellesskapsplan. Under møtet til Det europeiske rådet i Barcelona 15.-16. mars 2002 vart det sett som mål at innan 2010 skal utdannings- og opplæringssystema i Den europeiske unionen verte ein referanse for kvalitet på verdsplan.

  7. I kommisjonsmeldingane av 20. april 2005 og 10. mai 2006 med titlane «Mobilisering av hjernekraft i Europa: korleis universiteta best mogleg kan medverke til nå måla for Lisboa-strategien» og «Verkeleggjering av dagsordenen for modernisering av universiteta: utdanning, forsking og nyskaping», i rådsresolusjon av 23. november 2007 om modernisering av universiteta for å betre konkurranseevna til Europa i ein verdsomfattande kunnskapsøkonomi og i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 294/2008/EF av 11. mars 2008 om opprettelse av Det europeiske institutt for innovasjon og teknologi 11 vert det lagt vekt på at europeiske institusjonar for høgare utdanning bør unngå oppsplitting og sameine kreftene sine for å oppnå betre kvalitet i undervisninga og forskinga si, og sikre eit betre samsvar med dei skiftande behova på arbeidsmarknaden. Under møtet sitt i Brussel 15.-16. juni 2006 gav Det europeiske rådet si tilslutning til at den høgare utdanninga i Europa må moderniserast.

  8. I den mellombels rapporten om vurdering av det eksisterande Erasmus Mundus-programmet og den opne offentlege høyringa om framtida for programmet vart det streka under kor relevante måla og tiltaksområda innanfor det gjeldande programmet er, og det vart uttrykt eit ønske om vidareføring, med visse tilpassingar som t.d. å utvide programmet til å gjelde for doktorgradsnivå, å integrere institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar og behova deira på ein betre måte i programmet og å syte for at europeiske deltakarar i programmet får fleire midlar.

  9. Dei viktigaste måla for eit samarbeidsprogram for høgare utdanning retta mot tredjestatar er å betre kvaliteten på europeisk høgare utdanning, fremje mellommenneskeleg forståing og medverke til ei berekraftig utvikling på området høgare utdanning i tredjestatar slik at hjerneflukt kan unngåast, samstundes som det vert teke omsyn til utsette grupper. Den mest effektive måten å nå desse måla på innanfor eit program av høg kvalitet, er gjennom godt integrerte studieprogram på høgare nivå, og når det gjeld Erasmus Mundus-partnarskap (tiltaksområde 2), partnarskap med tredjestatar på alle studienivå, stipend til dei beste studentane og prosjekt som skal gjere høgare utdanning i Europa meir attraktiv på verdsplan. Meir presist bør kvalitetsmåla oppnåast gjennom fellesprogramma for Erasmus Mundus (tiltaksområde 1) og tiltaksområde 2, medan utviklingsmåla bør omfattast berre av tiltaksområde 2. Ved vurderinga av programmet bør Kommisjonen leggje særleg vekt på kva følgjer programmet kan få når det gjeld mogleg hjerneflukt.

  10. For å sikre at dei som får støtte gjennom programmet skal få ei best mogleg mottaking og eit best mogleg opphald, bør medlemsstatane leggje vekt på å gjere visumhandsaminga deira så enkel som råd. Kommisjonen bør syte for at alle dei aktuelle nettstadene og alle relevante kontaktopplysningar i medlemsstatane er førde opp på nettstaden til Erasmus Mundus.

  11. Fellesskapsinnsatsen må styrkjast for å motkjempe alle former for utstøyting, medrekna rasisme, framandhat og alle former for skilnadshandsaming, og å auke fellesskapsinnsatsen for å fremje dialog og forståing mellom kulturar på verdsplan. På grunn av den sosiale dimensjonen ved høgare utdanning og ideala om demokrati og respekt for menneskerettane som vert oppmuntra gjennom denne innsatsen, medrekna spørsmål om likestilling mellom menn og kvinner, vil mobilitet på dette området gjere det mogleg for einskildpersonar å oppleve nye kulturelle og sosiale miljø og gjere det lettare for dei å forstå andre kulturar. Denne avgjerda respekterer dei grunnleggjande rettane og etterlever særleg dei prinsippa som er sannkjende i Pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar 12 , særleg artikkel 21 nr. 1.

  12. Fremjing av språkundervisning, språklæring og språkleg mangfald bør prioriterast innanfor fellesskapstiltaka på området høgare utdanning. Språkundervisning og språklæring er særleg relevant når det gjeld tredjestatar og europeiske studentar som reiser til desse statane.

  13. I tidsrommet 2004-2008 er Erasmus Mundus-stipenda vortne utbygde med stipend for studium i visse statar, som er finansierte gjennom dei ordningane som Kommisjonen har for samarbeid med tredjestatar, slik at det har vore mogleg for endå fleire stipendiatar frå visse tredjestatar, t.d. Kina, India, statane på Vest-Balkan eller ACP-statane, å studere i Europa. Liknande ordningar kan òg vurderast for tidsrommet 2009-2013 i samsvar med politiske prioriteringa, reglar og framgangsmåtar for dei aktuelle ordningane for samarbeid med tredjestatar og i samsvar med dei akademiske kvalitetsmåla for programmet som er fastsette ved denne avgjerda, samstundes som det vert teke omsyn til ein mest mogleg jamt fordelt geografisk representasjon av støttemottakarar.

  14. Fellesskapet må i all verksemda si ta sikte på å fjerne ulikskapar og fremje likestilling mellom menn og kvinner, slik det er fastsett i artikkel 3 nr. 2 i traktaten.

  15. Ved gjennomføringa av alle delar av programmet må personar frå vanskelegstilte grupper få lettare tilgang, og personar med funksjonshemming må gjennom ein aktiv innsats få eit betre opplæringstilbod, m.a. ved bruk av meir støtte for å spegle av dei tilleggsutgiftene som funksjonshemma deltakarar har.

  16. I samsvar med artikkel 149 i traktaten rører ikkje denne avgjerda ved dei nasjonale rettslege rammene og framgangsmåtane som særleg gjeld skiping og godkjenning av institusjonar for høgare utdanning.

  17. For å gjere programmet meir kjent både i og utanfor Den europeiske unionen, og for lettare å nå måla for programmet og spreie resultata, trengst det ein integrert politikk for offentleg informasjon, slik at borgarane til rett tid kan få fullstendige opplysningar om kva programmet kan tilby, i tillegg til at det vert gjort klart for dei kva framgangsmåtar som skal følgjast. Denne informasjonspolitikken, som i hovudsak bør formidlast gjennom dei deltakande institusjonane for høgare utdanning, er særleg viktig i dei statane der deltakinga i programmet er låg.

  18. Rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske fellesskaps alminnelige budsjett 13 og kommisjonsforordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 av 23. desember 2002 om fastsettelse av nærmere regler for gjennomføring av rådsforordning (EF) nr. 1605/2002 14 , som sikrar dei økonomiske interessene til Fellesskapet, bør nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til prinsippa for forenkling og samanheng i valet av budsjettordningar, i samsvar med dei akademiske kvalitetsmåla for programmet og kravet om rimeleg samhøve mellom mengda av ressursar og dei administrative byrdene i samband med ressursbruken.

  19. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i punkt 37 i den tverrinstitusjonelle avtala av 17. mai 2006 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 15 .

  20. I tråd med dei akademiske kvalitetsmåla for programmet bør dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av tiltaksområde 1 og fremjinga av høgare utdanning i Europa (tiltaksområde 3), vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 16 . Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av tiltaksområde 2, bør vedtakast i samsvar med forordning (EF) nr. 1085/2006, forordning (EF) nr. 1638/2006, forordning (EF) nr. 1905/2006, forordning (EF) nr. 1934/2006, partnarskapsavtala ACP-EF og den interne ACP-EF-avtala.

  21. Ettersom måla for denne avgjerda ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane fordi det krevst fleirsidige partnarskap, tverrnasjonal mobilitet og utveksling av opplysningar mellom Fellesskapet og tredjestatar, og difor på grunn av dimensjonen til verksemda og tiltaka betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Skiping av programmet

  1. Ved denne avgjerda vert ErasmusMundus-programmet (heretter kalla «programmet») skipa for å fremje kvaliteten på høgare utdanning i Europa, og for å fremje mellomfolkeleg forståing gjennom samarbeid med tredjestatar på den eine sida, og utviklinga av høgare utdanning i tredjestatar på den andre. Programmet bør gjennomførast i samsvar med akademiske kvalitetsmål, samstundes som det vert teke omsyn til ein mest mogleg jamt fordelt geografisk representasjon når det gjeld støttemottakarar.

  2. Programmet skal gjennomførast i tidsrommet 1. januar 2009-31. desember 2013. Dei førebuande tiltaka, medrekna avgjerder som Kommisjonen tek i samsvar med artikkel 7, kan gjennomførast frå dagen då denne avgjerda tek til å gjelde.

  3. Programmet skal støtte og utfylle dei tiltaka som vert gjorde av og i medlemsstatane, samstundes som ansvaret deira for innhaldet i utdanninga, organiseringa av utdannings- og opplæringssystema og det kulturelle og språklege mangfaldet deira skal respekterast fullt ut.

Artikkel 2

Definisjonar

I denne avgjerda tyder:

  1. «høgare utdanning» alle typar studiekurs eller studieprogram, opplæring eller forskarutdanning over vidaregåande nivå som er godkjende av den rette nasjonale styresmakta som ein del av systemet for høgare utdanning,

  2. «institusjon for høgare utdanning» alle institusjonar som tilbyr høgare utdanning som er godkjend av den rette nasjonale styresmakta som ein del av systemet for høgare utdanning,

  3. «student på første nivå» ein person som er innskriven ved eit studieprogram på første nivå, og som etter å ha fullført dette programmet vil få ein grad på første nivå,

  4. «masterstudent» (student på andre nivå) ein person som er innskriven ved eit studieprogram på andre nivå, og som alt har teke ein grad på første nivå eller har eit tilsvarande utdanningsnivå som er godkjent i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis,

  5. «doktorgradskandidat» (kandidat på tredje nivå) ein forskar som er på eit tidleg stadium av forskarkarriera si, som vert rekna frå datoen då han/ho oppnår den graden som formelt gjev han/henne tilgang til eit doktorgradsprogram,

  6. «postdoktor» ein røynd forskar som har doktorgrad eller minst tre års tilsvarande røynsle som forskar på full tid, medrekna forskarutdanningsperioden ved eit forskingssenter som er skipa i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis, etter å ha oppnådd den graden som formelt har gjeve han/henne tilgang til eit doktorgradsprogram ved ein institusjon for høgare utdanning,

  7. «akademikar» ein person med framifrå akademisk og/eller fagleg røynsle som underviser eller driv forsking ved ein institusjon for høgare utdanning eller eit forskingssenter som er skipa i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis,

  8. «personale innanfor høgare utdanning» personar som gjennom arbeidet sitt tek direkte del i utdanningsprosessen innanfor høgare utdanning,

  9. «europeisk stat» ein stat som er medlemsstat eller tek del i programmet i samsvar med artikkel 9. Når «europeisk» vert nytta om ein einskildperson, tyder det ein person som er statsborgar eller busett i ein europeisk stat. Når «europeisk» vert nytta om ein institusjon, tyder det ein institusjon som ligg i ein europeisk stat,

  10. «tredjestat» ein stat som ikkje er ein europeisk stat. Når «tredjestat» vert nytta i samband med ein einskildperson, tyder det ein person som verken er statsborgar eller busett i ein europeisk stat. Når «tredjestat» vert nytta i samband med ein institusjon, tyder det ein institusjon som ikkje ligg i ein europeisk stat. Statane som tek del i handlingsprogrammet for livslang læring, som vart skipa ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/2006/EF 17 , vert ikkje rekna for å vere tredjestatar for gjennomføringa av tiltaksområde 2,

  11. «mastergradsprogram» (andre nivå) eit program innanfor høgare utdanning på andre nivå som byggjer på ein grad på første nivå eller tilsvarande utdanningsnivå, og som fører fram til ein mastergrad ved ein institusjon for høgare utdanning,

  12. «doktorgradsprogram» (tredje nivå) eit forskingsretta, vidaregåande utdanningsprogram som byggjer på ein grad på høgare nivå og fører fram til ein doktorgrad ved ein institusjon for høgare utdanning, eller ved eit forskingssenter i dei medlemsstatane der dette er i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis,

  13. «mobilitet» det å flytte fysisk til ein annan stat med sikte på studium, arbeid, forsking eller anna lærings-, undervisnings- eller forskingsverksemd eller tilhøyrande administrativ verksemd, helst støtta gjennom førebuande opplæring i språket til vertsstaten,

  14. «dobbel eller fleirdobbel grad» to eller fleire nasjonale diplom som er utferda ved to eller fleire institusjonar for høgare utdanning og offisielt godkjende i statane der dei utferdande institusjonane høyrer heime,

  15. «felles grad» eit einskilt diplom som er utferda ved minst to av dei institusjonane for høgare utdanning som tilbyr eit integrert program og er offisielt godkjent i statane der dei utferdande institusjonane høyrer heime,

  16. «føretak» alle føretak som driv økonomisk verksemd i offentleg eller privat sektor, utan omsyn til storleik, rettsleg status eller kva for ein økonomisk sektor dei driv verksemd innanfor, medrekna næringslivet.

Artikkel 3

Overordna og særlege mål for programmet

  1. Måla for programmet er, i samsvar med måla for tredjestatspolitikken i EU, å fremje høgare utdanning i Europa, å medverke til å betre og heve karriereutsiktene for studentar og å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar, for såleis å medverke til ei berekraftig utvikling i tredjestatar når det gjeld høgare utdanning.

  2. Dei særlege måla for programmet er:

    1. å fremje eit meir strukturert samarbeid mellom institusjonar for høgare utdanning, og å fremje eit kvalitetstilbod innanfor høgare utdanning som har ein tydeleg europeisk tilleggsverdi og er attraktivt både innanfor og utanfor Den europeiske unionen, med sikte på å skape framifrå kompetansesenter,

    2. å medverke til ymsesidig styrking av samfunna ved å utvikle kvalifikasjonane til menn og kvinner slik at dei får tileigne seg høvelege kvalifikasjonar, særleg i høve til arbeidsmarknaden, og vert vidsynte og får internasjonal røynsle, ved å fremje mobilitet slik at både dei beste studentane og akademikarane frå tredjestatar kan få kvalifikasjonar og/eller røynsle i Den europeiske unionen, og ved å la dei beste europeiske studentane og akademikarane få høve til å reise til ein tredjestat,

    3. å medverke til utviklinga av menneskelege ressursar og internasjonalt samarbeid innanfor institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar gjennom auka mobilitet mellom Den europeiske unionen og tredjestatar,

    4. å betre tilgangen til høgare utdanning i Den europeiske unionen, samstundes som særtrekka vert styrkte og slik utdanning vert gjort meir synleg, både for borgarar i tredjestatar og for unionsborgarar.

  3. Kommisjonen skal òg syte for at ingen grupper av tredjestatsborgarar eller europeiske borgarar vert utestengde eller utsette for skilnadshandsaming.

Artikkel 4

Tiltaksområde innanfor programmet

  1. Dei måla for programmet som er fastsette i artikkel 3, skal verkeleggjerast ved hjelp av følgjande tiltaksområde:

    1. tiltaksområde 1: Felles Erasmus Mundus-program (mastergrads- og doktogradsprogram) av framifrå akademisk kvalitet, medrekna ei stipendordning,

    2. tiltaksområde 2: Partnarskap mellom institusjonar for høgare utdanning i Europa og i tredjestatar som grunnlag for strukturert samarbeid, utveksling og mobilitet på alle nivå innanfor høgare utdanning,

    3. tiltaksområde 3: Fremjing av europeisk høgare utdanning gjennom tiltak som skal gjere Europa meir attraktiv som utdanningsstad og eit sentrum for framifrå kompetanse på verdsplan.

      Fleire opplysningar om desse tiltaksområda er å finne i vedlegget.

  2. Når det gjeld tiltaksområde 2, gjeld føresegnene i denne avgjerda berre i den grad dei stemmer overeins med føresegnene i den rettsakta som gjev heimel for finansiering i samsvar med artikkel 12 nr. 2.

  3. Dei følgjande metodane kan nyttast, og kan kombinerast slik det høver:

    1. støtte til utvikling av felles utdanningsprogram av høg kvalitet og samarbeidsnettverk for å lette utvekslinga av røynsler og god praksis,

    2. betre støtte til mobilitet, særleg frå tredjestatar til europeiske statar, for personar innanfor høgare utdanning som vert valde ut på grunnlag av akademiske kvalitetskriterium, samstundes som det vert teke omsyn til prinsippa om likestilling mellom menn og kvinner og ønsket om å ha ein mest mogleg jamn geografisk representasjon, og der tilgangen til programmet vert gjort lettare i samsvar med prinsippet om like høve og lik handsaming.

    3. fremjing av språkkunnskapar i størst mogleg grad, ved å gje studentar høve til å lære minst to av dei språka som vert tala i statane der institusjonane for høgare utdanning ligg, og fremjing av mellomfolkeleg forståing,

    4. støtte til forsøksprosjekt som byggjer på partnarskap med ein ytre dimensjon og er utarbeidde for å utvikle nyskaping og kvalitet innanfor høgare utdanning, med særleg vekt på oppmuntring av partnarskap mellom akademiske og økonomiske aktørar,

    5. støtte til analysar og oppfølging av tendensar og utvikling innanfor høgare utdanning i eit internasjonalt perspektiv.

  4. Programmet legg til rette for tekniske støttetiltak, medrekna granskingar, møte mellom sakkunnige, og utarbeiding av informasjon og publikasjonar som er knytte direkte til verkeleggjeringa av måla for programmet.

  5. Kommisjonen skal syte for ei best mogleg spreiing av informasjon om verksemd og utvikling som er knytt til programmet, først og fremst gjennom nettstaden til Erasmus Mundus.

  6. Kommisjonen kan gje støtte til dei tiltaksområda som er nemnde i denne artikkelen, etter at han har granska svara på innbydingar til framlegg og/eller tilbod. Når det gjeld tiltak som vert gjorde i medhald av nr. 4, kan Kommisjonen om naudsynt gjennomføre desse tiltaka direkte i samsvar med forordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002. Kommisjonen skal jamleg gje melding til Europaparlamentet og det utvalet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1 i denne avgjerda.

Artikkel 5

Tilgang til programmet

På dei vilkåra og etter dei ordningane for gjennomføring som det er gjort greie for i vedlegget, og samstundes som det vert teke omsyn til definisjonane i artikkel 2, er programmet retta mot:

  1. institusjonar for høgare utdanning,

  2. studentar som tek høgare utdanning på alle nivå, medrekna doktorgradskandidatar,

  3. postdoktorar,

  4. akademikarar,

  5. personale innanfor høgare utdanning,

  6. andre offentlege eller private organ som driv verksemd innanfor høgare utdanning i medhald av nasjonal lovgjeving og praksis,

  7. føretak,

  8. forskingssenter.

Artikkel 6

Oppgåvene til Kommisjonen og medlemsstatane

  1. Kommisjonen skal:

    1. syte for, i samsvar med vedlegget, ei effektiv og open gjennomføring av dei fellesskapstiltaka som er fastsette i programmet, og når det gjeld tiltaksområde 2, i samsvar med dei rettsaktene som er nemnde i artikkel 7 nr. 1, og i samsvar med dei akademiske kvalitetsmåla for programmet når det gjeld utveljing av personar som skal får støtte gjennom programmet,

    2. ta omsyn til tosidig samarbeid mellom tredjestatar og medlemsstatar,

    3. leggje vinn på å få samverknad med andre fellesskapsprogram og - tiltak på området høgare utdanning og forsking, og eventuelt utarbeide tiltak som er felles for desse,

    4. ved fastsetjing av faste støttesatsar for stipend, syte for at det vert teke omsyn til nivået på studieavgifter og dei pårekna studieutgiftene,

    5. rådføre seg med dei relevante europeiske samanslutningane og organisasjonane på området høgare utdanning om spørsmål som kjem opp under gjennomføringa av programmet, og melde frå til det utvalet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1 om resultata av slik rådføring,

    6. jamleg sende over all nyttig offentleg informasjon om programmet til delegasjonane sine i den aktuelle tredjestaten.

  2. Medlemsstatane skal:

    1. gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre ei effektiv gjennomføring av programmet på medlemsstatsplan, i samsvar med nasjonal praksis og med medverknad frå alle dei partane innanfor høgare utdanning som det gjeld, og leggje vinn på å vedta tiltak som er føremålstenlege for å fjerne juridiske og administrative hindringar som særleg er knytte til utvekslingsprogram mellom europeiske statar og tredjestatar. Medlemsstatane bør syte for at dei gjev nøyaktige og tydelege opplysningar til studentar og institusjonar, slik at det vert gjort enklare for dei å ta del i programmet,

    2. peike ut høvelege strukturar for eit nært samarbeid med Kommisjonen,

    3. oppmuntre til mogleg samverknad med andre fellesskapsprogram og eventuelle liknande nasjonale initiativ som er sette i verk på medlemsstatsplan.

  3. Kommisjonen skal, i samarbeid med medlemsstatane, syte for:

    1. høveleg informasjon, reklame og oppfølging med omsyn til dei tiltaka som får støtte gjennom programmet,

    2. spreiing av resultata av dei tiltaka som er gjorde innanfor ramma av programmet,

    3. ei styrking av kommunikasjonsstrategien som er retta mot moglege partar som det kjem ved i europeiske statar, og oppmuntring til partnarskap mellom universitet, partane i arbeidslivet og ikkje-statlege organisasjonar med sikte på å utvikle programmet.

Artikkel 7

Gjennomføringstiltak

  1. Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av tiltaksområde 2, skal vedtakast i samsvar med dei framgangsmåtane som er fastsette i forordning (EF) nr. 1085/2006, forordning (EF) nr. 1638/2006, forordning (EF) nr. 1905/2006, forordning (EF) nr. 1934/2006, partnarskapsavtala ACP-EF og den interne ACP-EF-avtala. Kommisjonen skal jamleg melde frå til det utvalet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1, om dei tiltaka som vert gjorde.

  2. Dei følgjande tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa programmet og for dei andre tiltaksområda i denne avgjerda, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 8 nr. 2, i samsvar med dei prinsippa, overordna retningslinjene og utveljingskriteria som er fastsette i vedlegget:

    1. den årlege arbeidsplanen, medrekna prioriterte område,

    2. det årlege budsjettet, fordelinga av midlar på dei ulike tiltaksområda innanfor programmet og rettleiande summar for tildeling av støtte,

    3. bruken av dei overordna retningslinjene for gjennomføringa av programmet, medrekna dei utveljingskriteria som er fastsette i vedlegget,

    4. framgangsmåtane for utveljing, medrekna samansetnaden av og vedtektene for utveljingsutvalet,

    5. ordningar for overvaking og vurdering av programmet, og for spreiing og overføring av resultat.

  3. Avgjerder om resultata av utveljinga skal takast av Kommisjonen, som innan to arbeidsdagar skal melde frå om desse til Europaparlamentet og det utvalet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1.

Artikkel 8

Utvalsframgangsmåte

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

    Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.

Artikkel 9

Deltaking i programmet for andre statar på same vilkår som medlemsstatane

Programmet er ope for deltaking for:

  1. EFTA-statar som er medlemmer av EØS, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,

  2. kandidatstatar som er omfatta av ein strategi for tidsrommet før tilmeldinga, i samsvar med dei overordna prinsippa og vilkåra som er fastsette i dei rammeavtalene som er gjorde med desse statane for deltakinga deira i fellesskapsprogram,

  3. statane på Vest-Balkan, i samsvar med dei overordna prinsippa og vilkåra som er fastsette i dei rammeavtalene som er gjorde med desse statane for deltakinga deira i fellesskapsprogram,

  4. det sveitsiske eidssambandet, på det vilkåret at det vert gjort ei tosidig avtale med denne staten om deltakinga.

Artikkel 10

Tverrgåande tiltak

Ved gjennomføringa av programmet skal det takast tilbørleg omsyn for å sikre at programmet i full mon medverkar til å fremje den tverrgåande politikken til Fellesskapet, særleg ved å:

  1. betre den kunnskapsbaserte økonomien og det kunnskapsbaserte samfunnet i Europa, og medverke til å skape fleire arbeidsplassar i samsvar med måla for Lisboa-strategien, og styrkje den globale konkurranseevna, ein berekraftig økonomisk vekst og større sosial utjamning i Den europeiske unionen,

  2. utvikle kultur, kunnskap og dugleik med sikte på ei fredeleg og berekraftig utvikling i eit mangfaldig Europa,

  3. fremje medvitet om kor viktig det kulturelle og språklege mangfaldet er i Europa, og at rasisme og framandhat må motkjempast og tverrkulturell utdanning fremjast,

  4. leggje tilhøva til rette for studentar som treng særlege tilbod, særleg ved å hjelpe dei slik at dei kan verte integrerte i det allmenne systemet for høgare utdanning, og fremje like høve for alle,

  5. fremje likestilling mellom menn og kvinner og medverke til å motkjempe alle former for skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, rase eller etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning,

  6. fremje utviklinga av tredjestatar.

Artikkel 11

Samanheng og komplementaritet med annan politikk

  1. Kommisjonen skal, i samarbeid med medlemsstatane, syte for at det er samanheng og komplementaritet med annan relevant fellesskapspolitikk og andre relevante verkemiddel og tiltaksområde innanfor Fellesskapet, særleg programmet for livslang læring, det sjette rammeprogrammet for forsking, program for samarbeid med tredjestatar, assosieringsavtalene med ACP og Det europeiske fondet for integrasjon av tredjestatsborgarar.

  2. Kommisjonen skal jamleg melde frå til Europaparlamentet og til det utvalet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1, om dei fellesskapsinitiativa som er tekne på aktuelle område, sikre eit effektivt samspel og eventuelt syte for at det vert gjort felles tiltak mellom dette programmet og andre program og tiltak på området høgare utdanning som vert gjennomførde innanfor ramma av fellesskapssamarbeidet med tredjestatar, medrekna tosidige avtaler, og med internasjonale organisasjonar som driv verksemd på dette området.

Artikkel 12

Finansiering

  1. Den finansielle ramma for gjennomføring av tiltaksområde 1 og 3 og tilhøyrande tekniske støttetiltak som er nemnde i artikkel 4 nr. 4, er for tidsrommet 2009-2013 fastsett til 493 690 000 euro.

  2. Den finansielle ramma for gjennomføring av tiltaksområde 2 og tilhøyrande tekniske støttetiltak som er nemnde i artikkel 4 nr. 4, er for det tidsrommet som er nemnt i artikkel 1 nr. 2, fastsett i samsvar med dei reglane, framgangsmåtane og måla som er fastsette i forordning (EF) nr. 1085/2006, forordning (EF) nr. 1638/2006, forordning (EF) nr. 1905/2006, forordning (EF) nr. 1934/2006, partnarskapsavtala ACP-EF og den interne ACP-EF-avtala.

  3. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor dei finansielle overslaga, i samsvar med den årlege budsjetthandsaminga.

Artikkel 13

Overvaking og vurdering

  1. Kommisjonen skal jamleg overvake programmet i samarbeid med medlemsstatane. Resultata av overvakinga og vurderinga av dette og det føregåande programmet skal nyttast i gjennomføringa av programmet. Denne overvakinga skal omfatte ein analyse av den geografiske fordelinga av støttemottakarar gjennom programmet, fordelt på tiltaksområde og statar, dei rapportane og meldingane som er nemnde i nr. 3, og særleg verksemd.

  2. Programmet skal vurderast jamleg av Kommisjonen, samstundes som det vert teke omsyn til dei måla som er fastsette i artikkel 3, dei samla verknadene av programmet og komplementariteten mellom dei tiltaksområda som vert sette i verk i medhald av programmet, og tiltak som vert gjorde i medhald av andre relevante politikkområde, verkemiddel og tiltak innanfor Fellesskapet.

  3. Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet:

    1. ein førebels vurderingsrapport om dei resultata som er oppnådde, og om kvalitative og kvantitative sider ved gjennomføringa av programmet, innan 31. mars i det andre året etter at dei nye kursa som er skipa i medhald av programmet, har teke til,

    2. ei melding om vidareføring av programmet innan 30. januar 2012,

    3. ein etterfølgjande vurderingsrapport innan 31. desember 2015.

Artikkel 14

Overgangsføresegner

  1. Tiltak som er sette i verk til og med 31. desember 2008 på grunnlag av avgjerd nr. 2317/2003/EF, skal forvaltast i samsvar med føresegnene i den nemnde avgjerda, bortsett frå at det utvalet som vart skipa ved den nemnde avgjerda, skal bytast ut med det utvalet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1 i denne avgjerda.

  2. Tiltak som vert sette i verk til og med 31. desember 2008 på grunnlag av dei framgangsmåtane som er fastsette i dei rettsaktene som er nemnde i artikkel 7 nr. 1, skal forvaltast i samsvar med føresegnene i dei nemnde rettsaktene.

Artikkel 15

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at ho vert kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Strasbourg, 16. desember 2008.

For EuropaparlamentetFor Rådet
H.-G. PÖTTERINGB. LE MAIRE
PresidentFormann

Vedlegg

Fellesskapstiltak (overordna retningslinjer og utveljingskriterium), framgangsmåtar for utveljing og finansielle føresegner

Alle tiltaksområda i medhald av programmet skal gjennomførast i samsvar med dei overordna retningslinjene og utveljingskriteria som det er gjort greie for i dette vedlegget.

Tiltaksområde 1: Felles Erasmus Mundus-program

A.Erasmus Mundus-mastergradsprogram

  1. Fellesskapet skal velje ut mastergradsprogram av framifrå akademisk kvalitet som for føremåla med programmet skal kallast «Erasmus Mundus-mastergradsprogram».

  2. For føremåla med programmet skal Erasmus Mundus-mastergradsprogramma stette dei følgjande overordna retningslinjene og utveljingskriteria:

    1. Dei skal omfatte institusjonar for høgare utdanning frå minst tre ulike europeiske statar.

    2. Dei kan omfatte institusjonar for høgare utdanning eller andre relevante partnarar, t.d. forskingssenter, frå tredjestatar.

    3. Dei skal gjennomføre eit studieprogram som omfattar ein studieperiode ved minst to av dei institusjonane som tek del, og som er nemnde under bokstav a).

    4. Der det høver, skal dei oppmuntre til å nytte praksisplassar som ein del av studieprogrammet.

    5. Dei skal ha innebygde ordningar for godkjenning av dei studieperiodane som vert gjennomførde ved partnarinstitusjonar, og som byggjer på eller kan jamførast med det europeiske systemet for overføring og opparbeiding av studiekvalifikasjonar.

    6. Dei skal føre fram til tildeling av felles, og/eller doble eller fleirdoble grader frå dei institusjonane som tek del i programmet, som skal vere godkjende av eller gje kompetanse i dei europeiske statane. Program som fører til tildeling av felles grader, skal fremjast.

    7. Dei skal innføre strenge framgangsmåtar for eigenvurdering, og godta at eksterne sakkunnige (frå europeiske statar eller tredjestatar) utfører fagfellevurdering for å sikre at mastergradsprogrammet heile tida held den same høge kvaliteten.

    8. Dei skal ha eit minstetal av studieplassar avsette til europeiske studentar og tredjestatsstudentar som har fått finansiell støtte gjennom programmet, og vere vertskap for desse studentane.

    9. Dei skal fastsetje klare opptaksvilkår der det m.a. vert teke tilbørleg omsyn til spørsmål om likestilling mellom kvinner og menn og rettvis handsaming, slik at tilgangen vert gjort lettare i samsvar med prinsippet om like høve og lik handsaming.

    10. Dei skal fritt kunne velje om dei vil innføre studieavgifter eller ikkje, i samsvar med den nasjonale lovgjevinga si og med den avtala som er gjord mellom dei partane som det gjeld i medhald av bokstav a) og b).

    11. Dei skal gå med på å følgje dei reglane som skal nyttast på framgangsmåten for utveljing av støttemottakarar (studentar og akademikarar).

    12. Dei skal innføre høvelege ordningar for å lette tilgangen for og mottakinga av europeiske studentar og tredjestatsstudentar (informasjonstenester, innkvartering, hjelp med visum osv.). Kommisjonen skal jamleg sende over all nyttig informasjon om alle ajourførde føresegner som gjeld programmet, til delegasjonane sine i dei aktuelle tredjestatane.

    13. Utan at det rører ved undervisningsspråket skal dei syte for at det vert nytta minst to europeiske språk som vert tala i medlemsstatane der dei institusjonane for høgare utdanning som tek del i Erasmus Mundus-mastergradsprogrammet, ligg, og dersom det er naudsynt, syte for førebuande språkundervisning og språkleg støtte til studentar, særleg i form av kurs som vert lagde til rette av dei aktuelle institusjonane.

  3. Erasmus Mundus-mastergradsprogramma skal veljast ut for eit tidsrom på fem år, med ein årleg framgangsmåte for lenging på grunnlag av rapportar om den framgangen som er gjord.

  4. Dei Erasmus Mundus-mastergradsprogramma som er valde ut i medhald av Erasmus Mundus-programmet for 2004-2008, skal halde fram innanfor ramma av tiltaksområde 1 inntil slutten av det tidsrommet som dei er valde ut for, på det vilkåret at dei vert fornya kvart år på grunnlag av rapportar om den framgangen som er gjord.

B.Erasmus Mundus-doktorgradsprogram

  1. Fellesskapet skal velje ut doktorgradsprogram av framifrå akademisk kvalitet som for føremåla med programmet skal kallast «Erasmus Mundus-doktorgradsprogram».

  2. For føremåla med programmet skal Erasmus Mundus-doktorgradsprogramma stette dei følgjande overordna retningslinjene og utveljingskriteria:

    1. Dei skal omfatte institusjonar for høgare utdanning frå minst tre ulike europeiske statar og andre relevante partnarar der det høver, for såleis å sikre nyskaping og tilpassing til arbeidsmarknaden.

    2. Dei kan omfatte institusjonar for høgare utdanning eller andre relevante partnarar, t.d. forskingssenter, frå tredjestatar.

    3. Dei skal gjennomføre eit doktorgradsprogram som omfattar ein studie- og forskingsperiode ved minst to av dei institusjonane som tek del og er nemnde under bokstav a).

    4. Dei skal oppmuntre til å nytte praksisplassar som ein del av doktorgradsprogrammet, og til partnarskap mellom aktørar frå det akademiske miljøet og næringslivet.

    5. Dei skal ha innebygde ordningar for godkjenning av studie- og forskingsperiodar ved partnarinstitusjonar.

    6. Dei skal føre fram til tildeling av felles, og/eller doble eller fleirdoble grader frå dei institusjonane som tek del i programmet, som skal vere godkjende av eller gje kompetanse i dei europeiske statane. Program som fører til tildeling av felles grader, skal fremjast.

    7. Dei skal innføre strenge framgangsmåtar for eigenvurdering, og godta at eksterne sakkunnige (frå europeiske statar eller tredjestatar, men som arbeider i førstnemnde) utfører fagfellevurdering for å sikre at doktorgradsprogrammet heile tida held den same høge kvaliteten.

    8. Dei skal ha eit minstetal av studieplassar avsette til doktorgradskandidatar frå europeiske statar og tredjestatar som har fått finansiell støtte gjennom programmet, og vere vertskap for desse kandidatane.

    9. Dei skal fastsetje klare opptaksvilkår der det m.a. vert teke tilbørleg omsyn til spørsmål om likestilling mellom kvinner og menn og rettvis handsaming, slik at tilgangen vert gjort lettare i samsvar med prinsippet om like høve og lik handsaming.

    10. Dei skal fritt kunne velje om dei vil innføre studieavgifter eller ikkje, i samsvar med den nasjonale lovgjevinga si og med den avtala som er gjord mellom dei partane som det gjeld i medhald av bokstav a) og b).

    11. Dei skal gå med på å følgje dei reglane som skal nyttast på framgangsmåten for utveljing av doktorgradskandidatar.

    12. Dei skal innføre høvelege ordningar for å lette tilgangen for og mottakinga av doktorgradskandidatar frå europeiske statar og tredjestatar (informasjonstenester, innkvartering, hjelp med visum osv.).

    13. Dei kan leggje til rette for bruk av arbeidskontraktar som eit alternativ til stipend for doktorgradskandidatar, dersom dette er tillate i medhald av nasjonal lovgjeving.

    14. Utan at det rører ved undervisningsspråket skal dei syte for at det vert nytta minst to europeiske språk som vert tala i medlemsstatane der dei institusjonane for høgare utdanning som tek del i Erasmus Mundus-doktorgradsprogrammet, ligg, og dersom det er naudsynt, syte for førebuande språkundervisning og språkleg støtte til studentar, særleg i form av kurs som vert lagde til rette av dei aktuelle institusjonane.

  3. Erasmus Mundus-doktorgradsprogramma skal veljast ut for eit tidsrom på fem år, med ein årleg framgangsmåte for lenging på grunnlag av rapportar om den framgangen som er gjord. Dette tidsrommet kan omfatte eit år med førebuing før opptaket av doktorgradskandidatar.

C.Stipend

  1. Fellesskapet kan tildele stipend til fulltidsstudium til masterstudentar og doktorgradskandidatar frå tredjestatar og europeiske statar, i tillegg til stipend for kortare periodar til akademikarar frå tredjestatar og europeiske statar. For å gjere programmet meir attraktivt for tredjestatsborgarar skal talet på stipend til fulltidsstudium vere høgare for masterstudentar og doktorgradskandidatar frå tredjestatar (kategori A-stipend) enn for masterstudentar og doktorgradskandidatar frå europeiske statar (kategori B-stipend).

    1. Fellesskapet kan tildele kategori A-stipend til masterstudentar og doktorgradskandidatar frå tredjestatar som er tekne opp til fulltidsstudium ved Erasmus Mundus-mastergradsprogram ogktorgradsprogram gjennom utveljingsprøver. Desse stipenda er meinte for studium ved dei europeiske institusjonane for høgare utdanning som tek del i eit Erasmus Mundus-mastergradsprogram eller eit Erasmus Mundus-doktorgradsprogram. Kategori A-stipend skal ikkje tildelast tredjestatsstudentar som har utført hovudverksemda si (studium, sysselsetjing osv.) i meir enn tolv månader samanlagt i dei siste fem åra i ein europeisk stat.

    2. Fellesskapet kan tildele kategori B-stipend til europeiske masterstudentar og doktorgradskandidatar som er tekne opp til fulltidsstudium ved Erasmus Mundus-mastergradsprogram ogktorgradsprogram gjennom utveljingsprøver. Desse stipenda er meinte for studium ved dei europeiske institusjonane for høgare utdanning som tek del i eit Erasmus Mundus-mastergradsprogram ellerktorgradsprogram. Kategori B-stipend skal tildelast berre til studentar frå tredjestatar som ikkje kan søkje på kategori A-stipend.

    3. Fellesskapet kan tildele kortvarige stipend til akademikarar frå tredjestatar som følgjer Erasmus Mundus-mastergradsprogram med sikte på å utføre undervisnings- og forskingsoppdrag og akademisk arbeid ved dei europeiske institusjonane for høgare utdanning som tek del i Erasmus Mundus-mastergradsprogramma.

    4. Fellesskapet kan tildele kortvarige stipend til europeiske akademikarar som vitjar institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar som følgjer Erasmus Mundus-mastergradsprogram med sikte på å utføre undervisnings- og forskingsoppdrag og akademisk arbeid ved institusjonane for høgare utdanning i tredjestatar som tek del i Erasmus Mundus-mastergradsprogram.

    5. Fellesskapet skal syte for at institusjonane for høgare utdanning nyttar klare kriterium for tildelinga av stipend, der det m.a. vert teke omsyn til at prinsippa om like høve og lik handsaming vert respekterte.

  2. Stipenda skal vere opne for masterstudentar og doktorgradskandidatar frå europeiske statar og tredjestatar, og for akademikarar slik det er definert i artikkel 2.

  3. Studentar som har fått tildelt stipend, skal få melding om den første studiestaden deira så snart avgjerda om tildelinga er teken.

  4. Personar som har fått stipend til Erasmus Mundus-mastergradsprogram, har òg rett til å få stipend til Erasmus Mundus-doktorgradsprogram.

  5. Kommisjonen skal gjere tiltak for å sikre at ingen personar får finansiell støtte til det same føremålet innanfor fleire enn éitt fellesskapsprogram. Særleg kan personar som har fått tildelt eit Erasmus Mundus-stipend, ikkje få tildelt støtte gjennom Erasmus for det same Erasmus Mundus-mastergradsprogrammet eller - doktogradsprogrammet i medhald av programmet for livslang læring. Likeins kan personar som har fått tildelt støtte i medhald av Marie Curie-tiltaka under delprogrammet «Menneske» i det sjuande rammeprogrammet for forsking, teknologisk utvikling og demonstrasjon 18 , ikkje ta imot Erasmus Mundus-stipend for den same studie- eller forskingsperioden.

Tiltaksområde 2: Erasmus Mundus-partnarskap

  1. Fellesskapet skal velje ut partnarskap av høg akademisk kvalitet som for føremåla med programmet skal kallast «Erasmus Mundus-partnarskap». Desse skal stette og stemme overeins med dei måla og målsetjingane som er fastsette i artikkel 3, i den grad desse er i samsvar med det rettslege grunnlaget som finansieringa byggjer på.

  2. For føremåla med programmet og i samsvar med det rettslege grunnlaget som finansieringa byggjer på, skal følgjande gjelde for Erasmus Mundus-partnarskapa:

    1. Dei skal omfatte minst fem institusjonar for høgare utdanning frå minst tre ulike europeiske statar, og ei rekkje institusjonar for høgare utdanning i særlege tredjestatar som ikkje tek del i programmet for livslang læring, og som skal fastsetjast i dei årlege innbydingane til framlegg.

    2. Dei skal gjennomføre eit partnarskap som grunnlag for kunnskapsoverføring.

    3. Dei skal leggje til rette for utveksling av studentar, som vert valde ut på grunnlag av akademiske resultat på alle nivå innanfor høgare utdanning (frå studentar på første nivå til forskarar på postdoktornivå), akademikarar og personale innanfor høgare utdanning, i mobilitetsperiodar av ulik lengd, medrekna høve til å nytte praksisplassar.

    4. Dei skal ha innebygde ordningar for godkjenning av dei studie- og forskingsperiodane som vert gjennomførde i partnarinstitusjonar, og som byggjer på eller kan jamførast med det europeiske systemet for overføring og opparbeiding av studiekvalifikasjonar og med tilsvarande ordningar i tredjestatar.

    5. Dei skal nytte mobilitetsordningar som er utarbeidde i medhald av Erasmus-programmet, t.d. godkjenning av tidlegare studieperiodar, utdanningsavtaler og eksamensutskrifter.

    6. Dei skal fastsetje klare vilkår for tildeling av støtte til mobilitet, der det m.a. vert teke tilbørleg omsyn til spørsmål om likestilling, rettvis handsaming og språkkompetanse, slik at tilgangen vert gjort lettare i samsvar med prinsippet om like høve og lik handsaming.

    7. Dei skal gje samtykke til å følgje dei reglane som gjeld for framgangsmåten for utveljing av støttemottakarar (studentar, akademikarar og personale innanfor høgare utdanning).

    8. Dei skal innføre høvelege ordningar for å lette tilgangen for og mottakinga av europeiske studentar og tredjestatsstudentar, akademikarar og personale innanfor høgare utdanning (informasjonstenester, innkvartering, hjelp med visum osv.).

    9. Utan at det rører ved undervisningsspråket, gjere det mogleg å nytte dei språka som vert tala i statane der dei institusjonane for høgare utdanning som tek del i Erasmus Mundus-partnarskapa, ligg, og dersom det er naudsynt, syte for førebuande språkopplæring og språkleg støtte til støttemotakkarane, særleg i form av kurs som vert lagde til rette av dei aktuelle institusjonane.

    10. Dei skal gjennomføre andre former for partnarskapsverksemd, t.d. doble grader, utarbeiding av felles pensum, overføring av god praksis osv.

    11. Dei skal, når det gjeld tiltak som vert finansierte i medhald av forordning (EF) nr.1905/2006 eller partnarskapsavtala ACP-EF, oppmuntre tredjestatsborgarar til å reise tilbake til heimstaten sin når studie- eller forskingsperioden er avslutta, slik at dei kan medverke til den økonomiske utviklinga og velferda i den aktuelle staten.

  3. Kommisjonen skal, etter å ha rådført seg med dei rette styresmaktene i dei tredjestatane som det gjeld gjennom delegasjonane deira, fastleggje nasjonale og regionale prioriterte område i samsvar med behova til den eller dei tredjestatane som tek del i partnarskapa.

  4. Erasmus Mundus-partnarskapa skal veljast ut for eit tidsrom på tre år, med ein årleg framgangsmåte for lenging på grunnlag av rapportar om den framgangen som er gjord.

  5. Stipenda skal vere opne for studentar og akademikarar frå europeiske statar og tredjestatar slik det er definert i artikkel 2.

  6. Ved tildeling av stipend i medhald av tiltaksområde 2, skal Kommisjonen støtte grupper som er sosioøkonomisk vanskelegstilte og særleg utsette, utan at det går ut over dei vilkåra for klarleik som er fastsette i nr. 2 bokstav f).

  7. Kommisjonen skal gjere tiltak for å sikre at ingen personar får finansiell støtte til det same føremålet innanfor fleire enn éitt fellesskapsprogram. Særleg kan personar som har fått tildelt eit Erasmus Mundus-stipend, ikkje få tildelt støtte gjennom Erasmus for den same mobilitetsperioden i medhald av programmet for livslang læring. Likeins kan personar som har fått tildelt støtte i medhald av det førnemnde delprogrammet «Menneske», ikkje få Erasmus Mundus-stipend for den same studie- eller forskingsperioden.

  8. Dei partnarskapa som er valde ut i medhald av Erasmus Mundus-samarbeidet med tredjestatar (den tidlegare nemninga på tiltaksområde 2), skal halde fram innanfor ramma av det nemnde tiltaksområdet inntil slutten av den perioden som dei vart valde ut for, på det vilkåret at dei kvart år nyttar ein enkel framgangsmåte for fornying på grunnlag av rapportar om framdrifta.

Tiltaksområde 3: Fremjing av europeisk høgare utdanning

  1. Gjennom tiltaksområde 3 kan Fellesskapet støtte verksemd som tek sikte på å styrkje særtrekka ved europeis høgare utdanning, og gjere slik utdanning meir attraktiv og synleg. Verksemda skal òg medverke til at måla for programmet vert nådde, og vere knytt til den internasjonale dimensjonen ved kvalitetstrygging, godkjenning av studiekvalifikasjonar, godkjenning av europeiske kvalifikasjonar i utlandet og ymsesidig godkjenning av kvalifikasjonar med tredjestatar, utvikling av læreplanar, mobilitet, kvalitet på tenester osv. Verksemda kan omfatte fremjing av sjølve programmet og programresultata.

  2. Institusjonar som kan få støtte, omfattar i samsvar med artikkel 5 bokstav f) offentlege eller private organ som driv verksemd innanfor høgare utdanning. Verksemda skal gjennomførast innanfor prosjekt som omfattar organisasjonar frå minst tre ulike europeiske statar, og kan omfatte organisasjonar frå tredjestatar.

  3. Verksemda kan ta ulike former (konferansar, seminar, arbeidsgrupper, granskingar, analysar, forsøksprosjekt, pristildelingar, internasjonale nettverk, framstilling av materiale for offentleggjering, utarbeiding av informasjon, kommunikasjons- og teknologiverktøy osv.), og kan gjennomførast kvar som helst over heile verda. Kommisjonen skal syte for ei best mogleg spreiing av informasjon som er knytt til verksemda innanfor og utviklinga av programmet, særleg gjennom den fleirspråklege nettstaden til Erasmus Mundus, som bør gjerast meir synleg og lettare tilgjengeleg.

  4. Verksemda skal ta sikte på å skape eit samband mellom høgare utdanning og forsking og den private sektoren i europeiske statar og tredjestatar, og utnytte mogleg samverknad der dette er mogleg.

  5. Dei rette nasjonale styresmaktene skal gjennomføre ein integrert politikk for offentleg informasjon i samarbeid med dei institusjonane for høgare utdanning som tek del i programmet. Denne politikken skal ta sikte på å gje fullstendig informasjon til rett tid, og gje ei forklaring på dei framgangsmåtane som krevst, samstundes som regionar som er sterkt underrepresenterte, bør prioriterast.

  6. Fellesskapet kan eventuelt støtte dei strukturane som er utpeikte i samsvar med artikkel 6 nr. 2 bokstav b), i innsatsen sin for å fremje programmet og spreie resultata både på nasjonalt og internasjonalt plan.

  7. Fellesskapet skal støtte ei samanslutning av alle tidlegare studentar (europeiske borgarar eller tredjestatsborgarar) som tek eksamen gjennom Erasmus Mundus-mastergradsprogram og Erasmus Mundus-doktorgradsprogram.

Tiltak for teknisk støtte

Den samla finansielle ramma for programmet kan òg omfatte utgifter som er knytte til sakkunnige, eit utøvande organ, eksisterande rette organ i medlemsstatane og eventuelt andre former for teknisk og administrativ støtte som Kommisjonen kan trengje å ha tilgang til for gjennomføringa av programmet. Slik anna teknisk og administrativ støtte kan særleg omfatte granskingar, møte, informasjon, publikasjonar, overvaking, kontroll og revisjon, vurdering, utgifter til informatikknett for utveksling av opplysningar og eventuelle andre utgifter som er direkte naudsynte for gjennomføringa og for å nå måla for programmet.

Framgangsmåtar for utveljing

Framgangsmåtane for utveljing skal vere i samsvar med følgjande føresegner:

  1. Framlegga som høyrer inn under tiltaksområde 1, skal veljast ut av eit utveljingsutval som sjølv skal peike ut leiaren sin, og som skal vere samansett av framståande akademikarar som representerer mangfaldet innanfor høgare utdanning i Den europeiske unionen. Utveljingsutvalet skal syte for at Erasmus Mundus-mastergradsprogramma og - doktogradsprogramma stettar dei høgste akademiske krava, samstundes som det vert teke omsyn til behovet for ei mest mogleg jamn geografisk fordeling. Det vil verte lagt vekt på å få til ei jamn fordeling av ulike studieområde i det tidsrommet som programmet gjeld for. Kommisjonen skal leggje til rette for ei vurdering på europeisk nivå av alle framlegg som kvalifiserer til å få støtte, og som skal utførast av uavhengige akademiske sakkunnige før framlegga vert sende over til utveljingsutvalet. Kvart Erasmus Mundus-mastergradsprogram ogktorgradsprogram skal få tildelt ei viss mengd stipend som skal utbetalast til dei utvalde personane av det organet (eller dei organa) som forvaltar master- og doktorgradsprogramma. Masterstudentar, doktorgradskandidatar og akademikarar skal veljast ut av dei institusjonane som tek del i Erasmus Mundus-mastergradsprogram ogktorgradsprogram på grunnlag av akademiske resultat etter samråd med Kommisjonen. Sjølv om tiltaksområde 1 først og fremst er meint for tredjestatsstudentar, er det òg ope for europeiske studentar. Framgangsmåtane for utveljing til Erasmus Mundus-mastergradsprogram ogktorgradsprogram skal omfatte samråd med dei strukturane som er utpeikte i samsvar med artikkel 6 nr. 2 bokstav b).

  2. Framlegga som høyrer inn under tiltaksområde 2, skal veljast ut av Kommisjonen i samsvar med dei reglane som er fastsette i forordning (EF) nr. 1085/2006, forordning (EF) nr. 1638/2006, forordning (EF) nr. 1905/2006, forordning (EF) nr. 1934/2006, partnarskapsavtala ACP-EF og den interne ACP-EF-avtala.

    Utan at det rører ved føresegnene i dei forordningane og avtalene som er nemnde i første leddet, skal Kommisjonen òg syte for at framlegga stettar dei høgste akademiske krava til kvalitet, samstundes som det vert teke omsyn til behovet for ei mest mogleg jamn geografisk fordeling. Studentar og akademikarar skal veljast ut av institusjonar som tek del i partnarskapa på grunnlag av kriterium for akademisk kvalitet, etter samråd med Kommisjonen. Tiltaksområde 2 er i hovudsak meint for studentar frå tredjestatar. For å fremje ymsesidig nytte bør mobiliteten òg omfatte europeiske borgarar.

  3. Framlegg som høyrer inn under tiltaksområde 3, skal veljast ut av Kommisjonen.

  4. Kommisjonen skal straks gje det utvalet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1, melding om avgjerdene sine.

Finansielle føresegner

  1. Faste støttesummar og/eller utgifter per eining, slik det er fastsett i artikkel 181 nr. 1 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002, kan nyttast når det gjeld alle dei tiltaksområda som er nemnde i artikkel 4.

    Faste støttesummar kan nyttast med opptil 25 000 euro per partnar innanfor ei støtteavtale. Desse summane kan kombinerast slik at dei kan kome opp i høgst 100 000 euro og/eller vert nytta saman med utgifter per eining.

    Kommisjonen kan dele ut prisar som er knytte til verksemd innanfor ramma av programmet.

  2. Partnarskapsavtaler

    Dersom tiltak innanfor programmet får støtte gjennom rammeavtaler om partnarskap i medhald av artikkel 163 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002, kan slike partnarskap veljast ut og finansierast i eit tidsrom på fem år etter ein forenkla framgangsmåte for fornying.

  3. Offentlege institusjonar eller organisasjonar for høgare utdanning

    Alle institusjonar eller organisasjonar for høgare utdanning som er valde ut av medlemsstatane, og som har fått minst 50 % av dei årlege driftsinntektene sine frå offentlege kjelder i dei siste to åra eller er underlagde kontroll av offentlege organ eller representantane deira, skal av Kommisjonen reknast for finansielt, fagleg og administrativt å vere i stand til, og for å ha den naudsynte økonomiske stabiliteten til å kunne gjennomføre prosjekt innanfor programmet. Det krevst ikkje at dei skal leggje fram meir dokumentasjon for å syne at dei er i stand til dette eller har den naudsynte stabiliteten. Slike institusjonar eller organisasjonar kan få unntak frå revisjonskrava i medhald av artikkel 173 nr. 4 femte leddet i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002.

  4. Fagleg kompetanse og faglege kvalifikasjonar hjå søkjarane

    I samsvar med artikkel 176 nr. 2 i forordning (EF, Euratom) nr. 2342/2002 kan Kommisjonen avgjere at visse kategoriar av støttemottakarar har den yrkeskompetansen og dei faglege kvalifikasjonane som krevst for å fullføre det framlagde tiltaket eller arbeidsprogrammet.

  5. Føresegner for motkjemping av svik

    Avgjerder som Kommisjonen har teke i medhald av artikkel 7, og kontraktar og avtaler som følgjer av desse, saman med avtaler med tredjestatar som tek del i programmet, skal særleg innehalde føresegner om overvaking og finansiell kontroll som skal gjennomførast av Kommisjonen (eller ein representant som har fått fullmakt av Kommisjonen), medrekna Det europeiske kontoret for motkjemping av svik (OLAF), og om revisjon som Revisjonsretten skal utføre, om naudsynt på staden.

    Støttemottakaren skal syte for at underlagsdokument som eventuelt er å finne hjå partnarar eller medlemmer, vert stilte til rådvelde for Kommisjonen.

    Kommisjonen kan ved hjelp av sitt eige personale eller eit anna kvalifisert eksternt organ som han sjølv peikar ut, utføre revisjon av den måten tilskota er vortne nytta på. Slik revisjon kan utførast i heile det tidsrommet som avtala gjeld for, og i eit tidsrom på fem år etter dagen då prosjektet vert avslutta. Resultata av revisjonen kan føre til at Kommisjonen tek avgjerd om å krevje tilbakebetaling.

    Personalet til Kommisjonen og eksternt personale som har fått fullmakt frå Kommisjonen, skal i den grad det er naudsynt for å gjennomføre revisjon, få eigna tilgang til lokala til støttemottakaren og til alle opplysningar, medrekna opplysningar i elektronisk form.

    Revisjonsretten og OLAF skal ha same rettar som Kommisjonen, særleg når det gjeld retten til tilgang.

    Kommisjonen kan dessutan utføre kontrollar og inspeksjonar på staden i medhald av programmet og i samsvar med rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2185/96 av 11. november 1996 om kontroll og inspeksjon på stedet som foretas av Kommisjonen for å beskytte De europeiske fellesskaps økonomiske interesser mot bedrageri og andre uregelmessigheter 19.

    Når det gjeld fellesskapstiltak som vert finansierte i medhald av denne avgjerda, tyder «avvik» slik det er nemnt i artikkel 1 nr. 2 i rådsforordning (EF, Euratom) nr. 2988/95 av 18. desember 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser 20 alle brot på ei føresegn i fellesskapsretten eller alle brot på ei avtaleplikt som følgjer av ei handling eller forsømming frå ein marknadsdeltakar si side, som skadar eller kan skade det allmenne budsjettet til Dei europeiske fellesskapa eller andre budsjett som Fellesskapa forvaltar, som følgje av ei utilbørleg utgift.

Fotnotar

1.

TEU C 204 av 9.8.2008, s. 85.

2.

Europaparlamentsfråsegn av 21. oktober 2008 (enno ikkje offentleggjord i TEU), og rådsavgjerd av 16. desember 2008.

3.

TEU L 345 av 31.12.2003, s. 1.

4.

TEU L 210 av 31.7.2006, s. 82.

5.

TEU L 310 av 9.11.2006, s. 1.

6.

TEU L 378 av 27.12.2006, s. 41.

7.

TEU L 405 av 30.12.2006, s. 41.

8.

TEF L 317 av 15.12.2000, s. 3.

9.

TEU L 247 av 9.9.2006, s. 32.

10.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.

11.

TEU L 97 av 9.4.2008, s. 1.

12.

TEU C 303 av 14.12.2007, s. 1.

13.

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1.

14.

TEF L 357 av 31.12.2002, s. 1.

15.

TEU C 139 av 14.6.2006, s. 1.

16.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

17.

TEU L 327 av 24.11.2006, s. 45.

18.

TEU L 54 av 22.2.2007, s. 91.

19.

TEF L 292 av 15.11.1996, s. 2.

20.

TEF L 312 av 23.12.1995, s. 1.

Til forsida