2 Nærmare om Erasmus Mundus II-programmet
Målet med programmet er å medverke til å styrkje kvaliteten og tiltrekkingskrafta til europeisk høgare utdanning og til å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar, dvs. utanfor EU/EØS-området.
Det nye programmet er ei vidareføring og utviding av det Erasmus Mundus-programmet vi har i dag (2004-2008). Programmet er eit samarbeidsprogram for europeiske institusjonar for høgare utdanning på master- og/eller doktorgradsnivå der institusjonane går saman i partnarskap for å tilby ein felles grad. Samarbeidet kan òg omfatte institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar.
Programmet omfattar tre hovuddelar:
Tiltaksområde 1 har støtteordningar for felles Erasmus Mundus-program, medrekna stipendordning. Dette tiltaksområdet vil mellom anna støtte skipinga av utpeikte Erasmus Mundus-master- og doktorgradsprogram og stipend til studentar og akademikarar. Det som er nytt er at det no vil kunne gjevast støtte til utvikling av felles europeiske doktorgradsprogram, mens det i første periode berre var støtteordning for mastergradsprogram. Vidare vil det no kunne gjevast stipend til europeiske studentar. Slike stipend vil vere til fulltidsstudium, og dei vil kunne tildelast både i tilknyting til master- og doktorgradsprogram. Ein kan derimot ikkje få støtte for den same aktiviteten frå fleire EU-program, noko som vil innebere at ein ikkje kan få Erasmus Mundus-stipend dersom ein får støtte frå programmet for livslang læring (Erasmus-delen) eller Marie Curie-stipend frå det sjuande rammeprogrammet for forsking. Vidare vil det kunne gjevast stipend for kortare periodar til akademikarar (europeiske eller frå tredjestatar) som vitjar institusjonar som tek del i programmet.
Tiltaksområde 2 har støtteordningar for Erasmus Mundus-partnarskap med institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar, og vil òg omfatte ei stipendordning. Denne delen av programmet er ei sterkare integrering av dei såkalla »vindauge for eksternt samarbeid» som fanst i forrige programperiode. Føremålet med slike partnarskap er å skape samarbeid mellom institusjonar i Europa og verda utanfor, utan at det alltid vert etablert felles master- eller doktorgradsprogram. Samarbeidet vil kunne omfatte kompetanseoverføring, utveksling av studentar på alle nivå opp til postdoktor, ordningar for godkjenning av studieperiodar og utveksling av undervisningspersonale. I samband med eit slikt samarbeid vil det verte skipa stipendordningar under programmet. Målet er å styrkje evna til internasjonalt samarbeid mellom institusjonar i tredjestatar.
Tiltaksområde 3 har støtteordningar for verksemd som tek sikte på å styrkje tiltrekkingskrafta til europeisk høgare utdanning. Dette kan dreie seg om aktivitetar knytte til utvikling av utdanningstilbod, kvalitetssikringsordningar, godkjenningsordningar, utvikling av læreplanar, mobilitet osv. I ein slik samanheng kan det gjevast støtte til granskingar, konferansar, nettverk, forsøksprosjekt eller liknande. Organisasjonar i minst tre ulike europeiske statar må vere med for at aktiviteten skal ha rett til støtte. Under tiltaksområde 3 ligg òg teknisk og administrativ støtte rundt programmet, t.d. til eit utøvande organ, evalueringar, analysar og sakkunnige til søknadsvurderingar.
Programmet har ulike finansieringskjelder for dei ulike tiltaksområda. Tiltaksområde 1 og 3 vert teke frå den delen av EU-budsjettet som Noreg vanlegvis tek del i og medverkar til gjennom EØS-avtala, mens tiltaksområde 2 ikkje gjer det. Tiltaksområde 2 vert teke frå ulike fond og instrument for EUs globale aktivitetar som for ein stor del vil falle inn under det som vert karakterisert som bistandsmidlar (the European Neighbourhood and Partnership Instrument, the Instrument for Pre-Accession Assistance, the Development Cooperation and Economic Cooperation Policy Instrument, the European Development Fund og the Industrialised Countries Instrument).