6 Vurdering
I den første programperioden har Noreg teke aktivt del i alle dei fem utlysingsrundane. Ni norske institusjonar for høgare utdanning tek i dag del i 14 av til saman 103 felles Erasmus Mundus-mastergradar, og dei er koordinatorar i to. I tillegg tek norske universitet og høgskular del i fire av dei totalt 14 nettverka som skal vise partnarar frå andre statar utanfor Europa at europeisk høgare utdanning er attraktivt. Dette er god aktivitet med tanke på at norske studentar utgjer rundt 2 % av talet på europeiske studentar og at Noreg i dag betalar om lag 2 % av budsjettet, men deltek i om lag 14 % av programaktivitetane, medrekna mastergradane. Prosentvis er norsk deltaking på nivå med deltakinga til Sverige, mens deltakinga til Finland og Danmark ligg i underkant av 10 %.
Deltaking i Erasmus Mundus medverkar til å oppfylle internasjonaliseringsstrategien til Kunnskapsdepartementet gjennom forpliktande internasjonalt samarbeid både på fagleg og institusjonelt nivå, gjev impulsar til fagleg utvikling/studieplanutvikling og fagleg engasjement, utviklar samarbeid av høg kvalitet med institusjonar for høgare utdanning både i EU og tredjestatar og gjev tilgang til mange høgt kvalifiserte studentar som stimulerer fagmiljøa og set Noreg på utdanningskartet for dyktige, internasjonale, mobile studentar.
Med veksten i aktivitet når det gjeld samarbeid med statar utanfor Europa i den nye programperioden, vil Erasmus Mundus II òg vere ein nyttig reiskap for vidare utbygging av universitets- og høgskulesamarbeidet mellom Noreg og land på andre kontinent.
Kunnskapsdepartementet vil i den nye programperioden arbeide for å auke deltakinga i Erasmus Mundus-programmet ytterlegare.