1 Bakgrunn
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2004 av 26. april 2004 gjeld innlemming i EØS-avtala av Fellesskapet sitt utdanningsprogram Erasmus Mundus (2004-2008). Programmet vart vedteke 5. desember 2003 i ei felles europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2317/2003/EF.
Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med eit budsjettvedtak, og i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova må difor Stortinget gi sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.
Avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2317/2003 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.