5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Kostnaden til Erasmus Mundus-programmet er 230 millionar euro fordelte på 5 år. EFTA/EØS-statane skal i tillegg betale 487 000 euro til EU-kommisjonen sin administrasjon av programmet. Noregs del av administrasjonen av programmet vil koste 463 000 euro. Endringane i EØS-avtala vil difor medføre at Noreg pliktar seg til å betale den norske delen av EFTAs del av Erasmus Mundus-budsjettet. Dersom EFTAs del er på det nivået vi har i dag, vil han vere på 2,19 % av totalbudsjettet til Erasmus Mundus pluss administrasjon, dvs. 5 524 500 euro. Dersom Noregs del av EFTAs budsjett er på det nivået vi har i dag, vil han vere på 94,94 %, dvs. om lag 5 244 960 euro. Med ein eurokurs på 8,5 vil det seie om lag 45 millionar kroner totalt. Eurokursen og Noregs del av EFTAs del av totalbudsjettet vil variere frå år til år.
EU har ein opptrappingsplan når det gjeld den finansielle gjennomføringa av programmet ettersom det ikkje er venta full verksemd i oppstartingsfasen. Her er ein oversikt over budsjettet i euro, medrekna administrative kostnader til EU-kommisjonen, tabell 5.1.
Tabell 5.1
År | Årleg kostnad EU | EFTAs del | Noregs del | I NOK |
2004 | 8 000 000 | 272 700 | 258 900 | 2 200 650 |
2005 | 28 500 000 | 721 650 | 685 135 | 5 823 648 |
2006 | 42 500 000 | 1 028 250 | 976 220 | 8 297 870 |
2007 | 59 000 000 | 1 389 600 | 1 319 287 | 11 213 940 |
2008 | 92 000 000 | 2 112 300 | 2 005 418 | 17 046 053 |
Til saman | 230 000 000 | 5 524 500 | 5 244 960 | 44 582 160 |
I tillegg til dei økonomiske løyvingane til det nye programmet til EU, pliktar dei tilmelde statane seg til å etablere ei nasjonal eining for administrasjon av programmet. Eininga kan eventuelt knytast til allereie eksisterande nasjonale strukturar som arbeider med utdanningsprogram. Eininga skal syte for nasjonal gjennomføring, informasjon om programmet og rapportering til EU. Utdannings- og forskingsdepartement ser det som føremålstenleg å vurdere administrasjon av Sokrates-programmet og Erasmus Mundus-programmet saman. Difor vil administrasjonen av Erasmus Mundus verte lagt til det nyskipa nasjonale organet Senter for internasjonalisering av høgare utdanning, som er lokalisert i Bergen. Det er venta at det vil gå med 1 million kroner årleg til administrasjon av programmet. Med den noverande eurokursen vil utgiftene til norsk tilmelding til programmet verte om lag 3,2 millionar kroner i 2004, 6,8 millionar kroner i 2005, 9,3 millionar kroner i 2006, 12,2 millionar kroner i 2007 og 18,2 millionar kroner i 2008. Dette omfattar midlar til administrasjon både i EU og i Noreg. Utgiftene vert dekte over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet (kap. 281, post 73).