3 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking for EFTA/EØS-statane i Erasmus Mundus-programmet inneheld avgjerda i EØS-komiteen ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala. og spesielt til artikkel 86 og 98 som gjer det mogeleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2317/2003/EF om skiping av eit program for å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning og å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar (Erasmus Mundus) (2004-2008), skal innlemmast i protokoll 31 artikkel 4.
Artikkel 2 slår fast at avgjerda skal ta til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke melding om at alle forfatningsrettslege krav for godkjenning av avgjerda er i samsvar med artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 3 seier at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.