St.prp. nr. 60 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2004 av 26. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av Erasmus Mundus-programmet (2004-2008)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2317/2003/EF av 5. desember 2003 om skiping av eit program for å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning og å fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar (Erasmus Mundus) (2004-2008)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 149,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1

,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 2

,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3

,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 4

, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Det europeiske fellesskapet bør medverke til utviklinga av kvalitetsutdanning, m.a. gjennom samarbeid med tredjestatar.

  2. I konklusjonane frå møtet til Det europeiske rådet i Lisboa (23.-24. mars 2000) vart det streka under at dersom Europa skal kunne møte den utfordringa som globaliseringa inneber, må medlemsstatane tilpasse systema sine for utdanning og yrkesretta opplæring til dei krava som kunnskapssamfunnet stiller.

  3. Under møtet sitt i Stockholm (23.-24. mars 2001) gav Det europeiske rådet fråsegn om at arbeidet med å følgje opp måla innanfor utdannings- og opplæringssystema bør vurderast i eit verdsomfattande perspektiv. Under møtet sitt i Barcelona (15.-16. mars 2002) stadfesta Det europeiske rådet at ei open haldning til resten av verda er eit av dei tre grunnleggjande prinsippa i arbeidsprogrammet om 2010 for utdannings- og opplæringssystema.

  4. I den felles fråsegna frå møtet sitt i Bologna (19. juni 1999) slo dei europeiske utdanningsministrane fast at det europeiske systemet for høgare utdanning må gjerast attraktivt på verdsplan på ein måte som står i høve til dei viktigaste kulturelle og vitskaplege prestasjonane i Europa.

  5. Under møtet sitt i Praha (19. mai 2001) la dei europeiske utdanningsministrane vidare vekt på m.a. kor viktig det er å gjere europeisk høgare utdanning meir attraktiv for studentar både frå Europa og frå resten av verda.

  6. I meldinga si om styrking av samarbeidet med tredjestatar på området høgare utdanning hevda Kommisjonen at større grad av internasjonalisering er naudsynt for å møte dei utfordringane som er knytte til globalisering, og han identifiserte overordna mål for ein strategi for samarbeid med tredjestatar på dette området, og la fram konkrete tiltak for korleis desse måla kan nåast.

  7. I resolusjonen sin av 14. februar 2002 om fremjing av språkleg mangfald og språklæring innanfor ramma av gjennomføringa av måla for Det europeiske språkåret 2001 5

    legg Rådet vekt på at Den europeiske unionen må ta omsyn til prinisppet om språkleg mangfald i tilhøvet sitt til tredjestatar.

  8. Dei akademiske institusjonane i Den europeiske unionen tek sikte på å auke talet på internasjonalt mobile studentar. Det er allmenn semje om det store potensialet til europeiske institusjonar for høgare utdanning som ligg i den individuelle styrken deira, i det utdanningsmessige mangfaldet deira og i dei omfattande røynslene deira frå nettverksarbeid og samarbeid med tredjestatar, og som gjer det mogleg for dei å tilby kurs av høg kvalitet som er unike for Europa, og som gjer at føremonene ved internasjonal mobilitet kan fordelast betre både innanfor Fellesskapet og i dei statane som samarbeider med Fellesskapet.

  9. Dei europeiske institusjonane for høgare utdanning må halde fram med å vere leiande i utviklinga. For dette føremålet bør dei oppmuntre til samarbeid med institusjonar i tredjestatar som har nådd eit utviklingsnivå som kan jamførast med nivået til institusjonane for høgare utdanning i Fellesskapet. Høgare utdanning må forståast som ein heilskap der vidaregåande yrkesretta opplæring utgjer ein integrert del, samstundes som det vert teke omsyn til særskild fagutdanning som t.d. opplæring av ingeniørar eller av teknikarar på høgt nivå.

  10. Målet med dette programmet er å medverke til at kvaliteten på den høgare utdannaninga i Europa vert betre, samstundes som Den europeiske unionen vert gjort meir synleg og kjend over heile verda, og det vert bygd opp ein kapital av godvilje blant dei som har teke del i programmet.

  11. Ved dette programmet vert det skipa ei «Erasmus Mundus mastergradsutdanning», som skal gjere det mogleg for studentar å reise rundt i Europa og studere ved fleire ulike universitet. Det bør takast omsyn til denne nye europeiske dimensjonen ved høgare utdanning når eksisterande program som t.d. Sokrates (Erasmus) skal reviderast, slik at det kan gjerast høvelege tiltak for å fremje tilgangen til dette programmet for europeiske studentar.

  12. Fellesskapstiltaket bør forvaltast på ein klar, brukarvennleg, open og forståeleg måte.

  13. Når det gjeld fremjinga av internasjonal mobilitet bør Fellesskapet vere merksam på det fenomenet som ofte vert kalla «hjerneflukt».

  14. Fellesskapsinnsatsen bør styrkjast for å fremje dialog og forståing mellom kulturar på verdsplan, samstundes som det vert teke omsyn til den sosiale dimensjonen i høgare utdanning og til ideala om demokrati og respekt for menneskerettane, medrekna likestilling mellom kvinner og menn, særleg fordi mobilitet gjev kjennskap til og lettar forståinga av nye kulturelle og sosiale miljø. Såleis kan det sikrast at ingen borgargrupper eller tredjestatsborgarar vert utestengde eller utsette for skilnadshandsaming slik det er nemnt i artikkel 21 nr. 1 i Pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar.

  15. For å styrkje tilleggsverdien av fellesskapsinnsatsen må det sikrast at det er samanheng og komplementaritet mellom dei tiltaka som vert gjennomførde innanfor ramma av denne avgjerda og andre relevante politikkområde, verkemiddel og tiltak innanfor Fellesskapet, særleg når det gjeld det sjette rammeprogrammet for forsking og utvikling, skipa ved avgjerd nr. 1513/2002/EF 6

    , og program for samarbeid med tredjestatar innanfor området høgare utdanning.

  16. Avtala om det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS-avtala) inneheld føresegner om eit nærmare samarbeid på området sosiale saker mellom på den eine sida Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane i EF, og på den andre sida dei statane i Det europeiske frihandelssambandet (EFTA) som tek del i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EFTA-EØS-statane). Vilkåra og dei nærmare reglane for deltaking i programmet for dei førnemnde statane bør fastsetjast i samsvar med dei relevante føresegnene i EØS-avtala.

  17. Vilkåra og dei nærmare reglane for deltaking i programmet for dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa (SSAE) bør fastsetjast i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda. Når det gjeld Kypros, bør deltakinga finansierast på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten. Når det gjeld Malta og Tyrkia, bør deltakinga finansierast på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med føresegnene i traktaten.

  18. Dette programmet bør overvakast jamleg og vurderast i samarbeid med Kommisjonen og medlemsstatane, slik at det kan justerast, særleg når det gjeld prioriteringane for gjennomføring av tiltaka. Vurderinga bør omfatte ei ekstern og uavhengig vurdering.

  19. Ettersom måla for det framlagde tiltaket om medverknad til europeisk samarbeid om utdanning av høg kvalitet, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, m.a. fordi det krevst fleirsidige partnarskap og fleirsidig mobilitet og utveksling av opplysningar mellom Fellesskapet og tredjestatar, og difor på grunn av den tverrnasjonale dimensjonen til fellesskapsverksemda og -tiltaka betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne avgjerda lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  20. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programmet varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 7

    .

  21. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 8

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Skiping av programmet

  1. Ved denne avgjerda vert det skipa eit program - «Erasmus Mundus» (heretter kalla «programmet») - for å betre kvaliteten på høgare utdanning innanfor Den europeiske unionen, og for å fremje mellomfolkeleg forståing gjennom samarbeid med tredjestatar.

  2. Programmet skal gjennomførast i tidsrommet frå 1. januar 2004 til 31. desember 2008.

  3. Programmet skal støtte og utfylle dei tiltaka som vert gjorde av og i medlemsstatane, samstundes som ansvaret deira for innhaldet i utdanninga, organiseringa av utdannings- og opplæringssystema og det kulturelle og språklege mangfaldet deria skal respekterast fullt ut.

Artikkel 2

Definisjonar

I denne avgjerda tyder:

  1. «institusjon for høgare utdanning» alle institusjonar som i samsvar med nasjonal lovgjeving eller praksis tilbyr kvalifikasjonar eller akademiske grader på dette nivået, utan omsyn til kva institusjonen vert kalla,

  2. «tredjestatsstudent med akademisk grad» ein tredjestatsborgar frå ein annan tredjestat enn EØS-EFTA-statane og kandidatstatane for tilmelding til Den europeiske unionen som alt har fått ein akademisk grad på lågare nivå, som ikkje er busett i nokon av medlemsstatane eller dei deltakarstatane som er fastsette i artikkel 11, som ikkje har utført hovudverksemda si (studiar, arbeid osv.) i meir enn tolv månader samanlagt i dei siste fem åra i nokon av medlemsstatane eller deltakarstatane, og som er godkjend for opptak eller er oppteken ved ei Erasmus Mundus mastergradsutdanning slik det er gjort greie for i vedlegget,

  3. «tredjestatsakademikar» ein tredjestatsborgar frå ein annan tredjestat enn EØS-EFTA-statane og kandidatstatane for tilmelding til Den europeiske unionen som ikkje er busett i nokon av medlemsstatane eller dei deltakarstatane som er fastsette i artikkel 11, som ikkje har utført hovudverksemda si (studiar, arbeid osv.) i meir enn tolv månader samanlagt i dei siste fem åra i nokon av medlemsstatane eller deltakarstatane, og som har framifrå akademisk og/eller yrkesmessig røynsle,

  4. «studiar på masternivå eller høgare» kurs innanfor høgare utdanning som byggjer på ein lågare akademisk grad som krev minst tre års studiar, og som fører til ein grad på høgare nivå.

Artikkel 3

Måla for programmet

  1. Det overordna målet for programmet er å betre kvaliteten på høgare utdanning i Europa ved å fremje samarbeid med tredjestatar, for såleis å betre utviklinga av menneskelege ressursar og fremje dialog og forståing mellom folk og kulturar.

  2. Dei særlege måla for progammet er:

    1. å fremje eit kvalitetstilbod innanfor høgare utdanning som har ein tydeleg europeisk tilleggsverdi, og som er attraktivt både innanfor og utanfor Den europeiske unionen,

    2. å oppmuntre til og gjere det mogleg for høgt kvalifiserte studentar og akademikarar frå heile verda å skaffe seg kvalifikasjonar og/eller røynsler i Den europeiske unionen,

    3. å utvikle eit meir strukturert samarbeid mellom institusjonar i Den europeiske unionen og tredjestatar, og auke mobiliteten som del av europeiske studieprogram,

    4. å betre tilgangen til høgare utdanning i Den europeiske unionen, samstundes som særtrekka vert styrkte og slik utdanning vert gjort meir synleg.

  3. Under arbeidet for å nå måla med programmet skal Kommisjonen ta omsyn til den allmenne fellesskapspolitikken for å fremje likestilling mellom kvinner og menn. Kommisjonen skal òg sikre at ingen grupper av borgargrupper eller tredjestatsborgarar vert utestengde eller utsette for skilnadshandsaming.

Artikkel 4

Tiltak innanfor programmet

  1. Dei måla for programmet som er fastsette i artikkel 3, skal verkeleggjerast ved hjelp av følgjande tiltak:

    1. Erasmus Mundus mastergradsutdanningar, som er valde ut på grunnlag av kvaliteten på den opplæringa som det er gjort framlegg om, og på grunnlag av måten studentane vert tekne hand om,

    2. ei stipendordning,

    3. partnarskap med institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar,

    4. tiltak for å gjere Europa meir attraktiv som utdanningsstad,

    5. tiltak for teknisk støtte.

  2. Desse tiltaka skal verkeleggjerast i samsvar med dei framgangsmåtane som er fastlagde i vedlegget, og ved hjelp av dei følgjande metodane, som kan kombinerast slik det høver:

    1. støtte til utvikling av felles utdanningsprogram og samarbeidsnettverk for å lette utvekslinga av røynsler og god praksis,

    2. betre støtte til mobilitet mellom Fellesskapet og tredjestatar for personar på området høgare utdanning,

    3. fremjing av språkkunnskapar, helst ved å gje studentar høve til å lære minst to av dei språka som vert tala ved dei institusjonane for høgare utdanning som tek del i Erasmus Mundus mastergradsutdanningane, og fremjing av mellomfolkeleg forståing,

    4. støtte til forsøksprosjekt som byggjer på tverrnasjonale partnarskap som er utarbeidde for å utvikle nyskaping og kvalitet innanfor høgare utdanning,

    5. støtte til analysar og oppfølging av tendensar innanfor og utvikling av høgare utdanning i eit internasjonalt perspektiv.

Artikkel 5

Tilgang til programmet

På dei vilkåra og etter dei ordningane for gjennomføring som det er gjort greie for i vedlegget, og samstundes som det vert teke omsyn til definisjonane i artikkel 2, er programmet særleg retta mot:

  1. institusjonar for høgare utdanning,

  2. studentar som har teke ein lågare akademisk grad ved ein institusjon for høgare utdanning,

  3. akademikarar eller fagfolk som held førelesingar eller driv forsking,

  4. personale som arbeider direkte med høgare utdanning,

  5. andre offentlege eller private organ som driv verksemd innanfor høgare utdanning, og som kan ta del berre i tiltak 4 og 5 i vedlegget.

Artikkel 6

Gjennomføring av programmet og samarbeid med medlemsstatane

  1. Kommisjonen skal:

    1. syte for at dei fellesskapstiltaka som er omfatta av dette programmet, vert gjennomførde på ein effektiv måte i samsvar med vedlegget,

    2. ta omsyn til tosidig samarbeid mellom tredjestatar og medlemsstatar,

    3. rådføre seg med samanslutningar og organisasjonar som driv verksemd på området høgare utdanning på europeisk plan, og gje fråsegn til det utvalet som er nemnt i artikkel 8,

    4. leggje vinn på å få samverknad med andre fellesskapsprogram og -tiltak på området høgare utdanning og forsking, og utarbeide tiltak som er felles for desse.

  2. Medlemsstatane skal:

    1. gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre ei effektiv gjennomføring av programmet på medlemsstatsplan, i samsvar med nasjonal praksis og med medverknad frå alle dei partane innanfor høgare utdanning som det gjeld, og leggje vinn på vedta tiltak som er føremålstenlege for å fjerne juridiske og administrative hindringar,

    2. utforme høvelege ordningar for eit nært samarbeid med Kommisjonen,

    3. oppmuntre til mogleg samverknad med andre fellesskapsprogram og eventuelle liknande nasjonale initiativ som er sette i verk på medlemsstatsplan.

  3. Kommisjonen skal, i samarbeid med medlemsstatane, syte for:

    1. høveleg informasjon, reklame og oppfølging med omsyn til dei tiltaka som får støtte gjennom programmet,

    2. spreiing av resultata av dei tiltaka som er gjorde innanfor ramma av programmet.

Artikkel 7

Gjennomføringstiltak

  1. Dei følgjande tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda, skal vedtakast etter den framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 8 nr. 2:

    1. den årlege arbeidsplanen, medrekna prioriterte område,

    2. kriterium og framgangsmåtar for utveljing, medrekna samansetnaden av og vedtektene for utveljingsutvalet, saman med resultata av den utveljinga som er gjord til tiltak 1, samstundes som det vert teke omsyn til dei føresegnene som er fastsette i vedlegget,

    3. dei overordna retningslinjene for gjennomføringa av programmet,

    4. det årlege budsjettet, fordelinga av midlar på dei ulike tiltaka innanfor programmet og rettleiande summar for tildeling av stipend,

    5. ordningar for overvaking og vurdering av programmet, og for spreiing og overføring av resultat.

  2. Framlegg til avgjerder om resultat av utveljinga, bortsett frå utveljing til tiltak 1, og alle andre åtgjerder som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda, skal vedtakast i samsvar med framgangsmåten med rådgjevande utval som er nemnd i artikkel 8 nr. 3.

Artikkel 8

Utval

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.32Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.

  3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  4. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 9

Finansiering

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 230 millionar euro for det tidsrommet som er fastsett i artikkel 1. For tidsrommet etter 31. desember 2006 skal denne summen reknast som stadfesta dersom han for denne fasen stemmer overeins med dei finansielle overslaga som gjeld for det tidsrommet som tek til i 2007.

  2. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 10

Samanheng og komplementaritet

  1. Kommisjonen skal, i samarbeid med medlemsstatane, syte for at det er samanheng og komplementaritet mellom dette programmet og andre relevante politikkområde, og verkemiddel og tiltak innanfor Fellesskapet, særleg det sjette rammeprogrammet for forsking og andre program for samarbeid med tredjestatar på området høgare utdanning.

  2. Kommisjonen skal jamleg melde frå til det utvalet som er nemnt i artikkel 8 nr. 1, om dei fellesskapsinititativa som er tekne på aktuelle område, og eventuelt syte for at det vert gjort felles tiltak mellom dette programmet og andre program og tiltak på utdanningsområdet som vert gjennomførde innanfor ramma av fellesskapssamarbeidet med tredjestatar, medrekna tosidige avtaler, og med internasjonale organisasjonar som driv verksemd på dette området.

Artikkel 11

Deltaking for EØS-EFTA-statane og kandidatstatane for tilmelding til Den europeiske unionen

Vilkåra og dei nærmare reglane for deltaking i programmet for EØS-EFTA-statane og for dei statane som er kandidatar for tilmelding til Den europeiske unionen, skal fastsetjast i samsvar med dei relevante føresegnene i dei avtalene som gjeld mellom Fellesskapet og desse statane.

Artikkel 12

Overvaking og vurdering

  1. Kommisjonen skal jamleg overvake programmet i samarbeid med medlemsstatane. Resultata av overvakings- og vurderingsprosessen skal nyttast i gjennomføringa av programmet.32Denne overvakinga skal omfatte dei rapportane som er nemnde i nr. 3, og særskild verksemd.

  2. Programmet skal vurderast jamleg av Kommisjonen, samstundes som det vert teke omsyn til dei måla som er nemnde i artikkel 3, dei samla verknadene av programmet og komplementariteten mellom dei tiltaka som vert sette i verk innanfor ramma av programmet, og tiltak som vert gjorde med omsyn til andre relevante politikkområde, verkemiddel og tiltak innanfor Fellesskapet.

  3. Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Det europeiske økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet:

    1. ved tilmeldinga av nye medlemsstatar, ein rapport om kva finansielle følgjer tilmeldinga har for programmet, eventuelt følgt av framlegg til korleis desse finansielle følgjene kan handsamast. Europaparlamentet og Rådet skal snarast mogleg ta ei avgjerd om slike framlegg,

    2. ein førebels vurderingsrapport om dei resultata som er oppnådde og om dei kvalitative sidene ved gjennomføringa av programmet innan 30. juni 2007,

    3. ei melding om vidareføringa av programmet innan 31. desember 2007,

    4. ein etterfølgjande vurderingsrapport innan 31. desember 2009.

Artikkel 13

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 5. desember 2003.

For EuropaparlamentetFor Rådet
P. COXP. LUNARDI
PresidentFormann

Vedlegg

Fellesskapstiltak og framgangsmåtar for utveljing

Tiltak 1: StipendErasmus Mundus mastergradsutdanningar
Tiltak 2: StipendStipend
Tiltak 3: StipendPartnarskap med institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar,
Tiltak 4: StipendGjere høgare utdanning i europa meir attraktiv
Tiltak 5: StipendTiltak for teknisk støtte
Framgangsmåtar for utveljing

Tiltak 1: Erasmus Mundus mastergradsutdanningar

  1. Fellesskapet vil velje ut europeiske utdanningar på høgare nivå som for føremåla med programmet skal kallast «Erasmus Mundus mastersgradsutdanningar», og som skal veljast ut på grunnlag av kvaliteten på utdanninga og måten studentane vert tekne hand om, slik det vert gjort greie for i avsnittet «Framgangsmåtar for utveljing» i dette vedlegget.

  2. For føremåla med programmet skal Erasmus Mundus mastergradsutdanningane:

    1. omfatte minst tre institusjonar for høgare utdanning frå tre ulike medlemsstatar,

    2. ha eit studieprogram som omfattar ein studieperiode i minst to av dei tre institusjonane som er nemnde i bokstav a),

    3. ha ei innebygd ordning for godkjenning av dei studieperiodane som er gjennomførde i partnarinstitusjonar, som byggjer på eller kan jamførast med Det europeiske systemet for overføring av studiekvalifikasjonar,

    4. føre fram til tildeling av felles, doble eller fleirdoble grader frå dei institusjonane som tek del i programmet, som skal vere godkjende av eller kompetansegjevande i medlemsstatane,

    5. ha eit minstetal av studieplassar sette av til tredjestatsstudentar som har fått finansiell støtte gjennom programmet, og vere vertskap for desse studentane,

    6. fastsetje klare opptaksvilkår der det m.a. vert teke tilbørleg omsyn til spørsmål om likestilling mellom kvinner og menn og rettvis handsaming,

    7. gje samtykke til å følgje dei reglane som gjeld for framgangsmåten for utveljing av stipendiatar (studentar og akademikarar),

    8. innføre høvelege ordningar for å lette tilgangen for og mottakinga av tredjestatsstudentar (informasjonstenester, innkvartering osv.),

    9. utan at det rører ved undervisningsspråket, syte for at det vert nytta minst to europeiske språk som vert tala i medlemsstatane der dei institusjonane for høgare utdanning som tek del i Erasmus Mundus mastergradsutdanninga, ligg, og dersom det er naudsynt, syte for språkundervisning og språkleg støtte til studentane, særleg i form av kurs som vert lagde til rette av dei aktuelle institusjonane.

  3. Erasmus Mundus mastergradsutdanningar vil verte valde ut for eit tidsrom på fem år, med ein enkel framgangsmåte for lenging på grunnlag av rapportar om den framgangen som er gjord; tidsrommet kan òg omfatte eit år med førebuande verksemd før sjølve kurset tek til. Det vil verte lagt vekt på å få ei jamn fordeling av ulike studieområde innanfor programmet. Fellesskapet kan gje finansiell støtte til Erasmus Mundus mastergradsutdanningar, og slik finansiering vil vere underlagd den årlege framgangsmåten for lenging.

Tiltak 2: Stipend

  1. Fellesskapet vil skipe ei felles, overordna stipendordning som er meint for tredjestatsstudentar med akademisk grad og akademikarar frå tredjestatar.

    1. Fellesskapet kan gje finansiell støtte til tredjestatsstudentar som er vortne tekne opp ved Erasmus Mundus mastergradsutdanningar i konkurranse med andre studentar.

    2. Fellesskapet kan gje finansiell støtte til akademikarar frå tredjestatar som følgjer Erasmus Mundus mastergradsutdanningar med sikte på å utføre undervisnings- og forskingsoppdrag og akademisk arbeid ved dei institusjonane som tek del i Erasmus Mundus mastergradsutdanningane.

  2. Stipenda kan søkjast av tredjestatsstudentar med akademisk grad og av akademikarar frå tredjestatar slik det er definert i artikkel 2, utan andre vilkår for deltakinga enn at det finst eit samband mellom Den europeiske unionen og heimlandet til dei aktuelle studentane og akademikarane.

  3. Kommisjonen skal gjere tiltak for å sikre at ingen student eller akademikar vil motta finansiell støtte til det same føremålet innanfor fleire enn éitt fellesskapsprogram.

Tiltak 3: Partnarskap med institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar

  1. Fellesskapet kan gje støtte til strukturerte samband mellom Erasmus Mundus mastergradsutdanningane og institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar. Ei variert geografisk fordeling av dei tredjestatsinstitusjonane som tek del i programmet, bør òg vurderast, samstundes som det vert teke omsyn til det overordna kvalitetskriteriet. Partnarskapa skal danne ramma for mobilitet blant studentar og akademikarar frå Den europeiske unionen som tek del i Erasmus Mundus mastergradsutdanningar.

  2. Partnarskapa skal:

    • omfatte ei Erasmus Mundus mastergradsutdanning og minst éin institusjon for høgare utdanning i ein tredjestat,

    • få støtte i periodar på opptil tre år,

    • danne ei ramme for utoverretta mobilitet for studentar som er tekne opp ved Erasmus Mundus mastergradsutdanningar og for lærarane ved desse utdanningane. studentar og akademikarar som har rett til å få støtte, må vere borgarar i Den europeiske unionen eller tredjestatsborgarar som har hatt lovleg opphald i Den europeiske unionen i minst tre år (og for andre føremål enn studiar) før studieopphaldet utanfor unionen tek til,

    • sikre at studieperiodar ved vertsinstitusjonen (dvs. i ein tredjestat) vert godkjende.

  3. Verksemda i partnarskapsprosjekta kan òg omfatte:

    • undervisningsoppdrag ved ein partnarinstitusjon som støttar utviklinga av læreplanane til prosjektet,

    • utveksling av lærarar, instruktørar, administratorar og andre relevante spesialistar,

    • utvikling og spreiing av nye metodar innanfor høgare utdanning, medrekna bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, e-læring, open undervisning og fjernundervisning,

    • utvikling av ordningar for samarbeid med institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar med sikte på å gje tilbod om ei utdanning i den aktuelle staten.

Tiltak 4: Gjere høgare utdanning i europa meir attraktiv

  1. Gjennom dette tiltaket kan Fellesskapet støtte verksemd som tek sikte på å betre tilgangen til høgare utdanning i Europa, samstundes som særtrekka vert styrkte og slik utdanning vert gjort meir synleg. Fellesskapet skal òg støtte utfyllande verksemd som medverkar til at måla for programmet kan nåast, medrekna verksemd som dreier seg om den internasjonale dimensjonen ved kvalitetstrygging, godkjenning av studiekvalifikasjonar, godkjenning av europeiske kvalifikasjonar i utlandet og ymsesidig godkjenning av kvalifikasjonar med tredjestatar, utvikling av læreplanar og mobilitet.

  2. Institusjonar som har rett til å få støtte, kan omfatte offentlege eller private organisasjonar som driv verksemd innnfor høgare utdanning på nasjonalt eller internasjonalt plan. Verksemda skal gjennomførast innanfor nettverk som omfatter minst tre organisasjonar frå tre ulike medlemsstatar, og kan omfatte organisasjonar frå tredjestatar. Verksemda (som kan omfatte seminar, konferansar, arbeidsgrupper, utvikling av IKT-verktøy, framstilling av materiale for offentleggjering osv.) kan finne stad i medlemsstatane eller i tredjestatar.

  3. Reklameverksemd skal ta sikte på å skipe samband mellom høgare utdanning og forsking, og skal utnytte eventuell samverknad der det er mogleg.

  4. Gjennom dette tiltaket kan Fellesskapet gje støtte til internasjonale temanett som kan handtere slike spørsmål.

  5. Fellesskapet kan gje støtte til føremålstenlege forsøksprosjekt med tredjestatar med sikte på å vidareutvikle samarbeidet innanfor høgare utdanning med dei aktuelle statane.

  6. Fellesskapet skal støtte ein samanslutning av tidlegare studentar (både frå tredjestatar og frå Den europeiske unionen) som har gjennomført ei Erasmus Mundus mastergradsutdanning.

Tiltak 5: Tiltak for teknsik støtte

For gjennomføringa av programmet kan Kommisjonen nytte seg av sakkunnige, av eit forvaltingskontor, av eksisterande ansvarlege kontor i medlemsstatane og dersom det er naudsynt, av andre former for teknisk støtte, som kan finansierast innanfor den overordna finansielle ramma for programmet.

Framgangsmåtar for utveljing

Framgangsmåtane for utveljing skal fastsetjast i samsvar med artikkel 7 nr. 1. Desse framgangsmåtane bør vere i samsvar med følgjande føresegner:

  1. Utveljinga av framlegg innanfor ramma av tiltak 1 og tiltak 3 skal gjerast av eit utveljingsutval som sjølv skal peike ut leiaren sin, og som skal vere samansett av framståande akademikarar som representerer mangfaldet innanfor høgare utdannig i Den europeiske unionen. Utveljingsutvalet skal syte for at Erasmus Mundus mastergradsutdanningane og partnarskapa har høgast mogleg akademisk kvalitet.

  2. Kvar Erasmus Mundus mastergradsutdanning vil få tildelt ei viss mengd stipend innanfor ramma av tiltak 2. Utveljinga av tredjestatsstudentar skal gjerast av dei institusjonane som tek del i Erasmus Mundus mastergradsutdanningane. Ved framgangsmåtane for utveljing skal det nyttast ei utjamningsordning på europeisk plan, for såleis å hindre ei skeiv fordeling mellom studieområde, mellom opphavsregionane til studentar og akademikarar og mellom dei medlemsstatane som tek del i ordninga.

  3. Framlegg som vert gjorde innanfor ramma av tiltak 4, skal veljast ut av Kommisjonen.

  4. Framgangsmåten for utveljing skal omfatte samråd med dei ordningane som er peikte ut i samsvar med artikkel 6 nr. 2 bokstav b).

Fotnotar

1.

TEF C 331 E av 31.12.2002, s. 25.

2.

TEF C 95 av 23.4.2003, s. 35.

3.

TEF C 244 av 10.10.2003, s. 14.

4.

Europaparlamentsfråsegn av 8. april 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU), felles haldning frå Rådet av 16. juni 2003 (TEU C 240 E av 7.10.2003, s. 1) og haldning frå Europaparlamentet av 21. oktober 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

5.

TEF C 50 av 23.2.2002, s. 1.

6.

Europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 2002/1513/EF av 27. juni 2002 om Det europeiske fellesskaps sjette rammeprogram for forskning, teknologisk utvikling og demonstrasjon som bidrag til opprettelsen av det europeiske forskningsområde og til nyskaping (2002-2006) (EFT L 232 av 29.8.2002, s. 1).

7.

TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1. Avtala endra ved europaparlaments- og rådsavgjerd 2003/429/EF (TEU L 147 av 14.6.2003, s. 25).

8.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.