4 Tilhøvet til norsk rett
I EU gjeld programmet for institusjonar for høgare utdanning. Med omsyn til høgare utdanning er det kvar einskild stat som undersøkjer og avgjer om det er naudsynt med lovendringar for å tilpasse seg programmet.
I handsaminga av St.meld. nr. 27 (2000-2001), jf. Innst. S. nr. 337 (2000-2001), bad Stortinget Regjeringa om å utforme og fremje eit felles lovverk for statlege og private institusjonar innanfor høgare utdanning. På bakgrunn av vedtaket til Stortinget skipa Regjeringa i desember 2002 eit utval til å granske og gjere framlegg om nytt lovverk for høgare utdanning. Utvalet kom med tilrådinga si (NOU 2003:25) 23. september 2003. Med grunnlag i utgreiinga til utvalet tek Regjeringa sikte på å gjere eit framlegg til felles lovverk for Stortinget tidlegast våren 2004. I dette arbeidet vil Utdannings- og forskingsdepartementet vurdere om det er naudsynt å justere lovverket for å tilpasse det til Erasmus Mundus-programmet, og om det er mogleg for institusjonane å utvikle og tildele felles eller fleirdoble gradar i samarbeid med utanlandske partnarinstitusjonar.