1 Bakgrunn og samandrag
Etter lov om universitet og høgskolar av 12. mai 1995 § 39, kan studentopptaket til institusjonar under lova regulerast/avgrensast etter forslag frå styret ved institusjonen. Dette kan gjerast når det er nødvendig av omsyn til kapasiteten eller ressurssituasjonen, eller når departementet finn at ei samla vurdering av utdanninga i landet gjer det nødvendig. For opptaksregulering av studium ved universiteta, skal Stortinget samtykkje i vedtaket.
Regjeringa legg med dette fram proposisjon om opptaksregulering av studia ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø samt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Forslag om opptaksrammer er basert på vurderingar av kapasiteten i dei aktuelle utdanningane på bakgrunn av ressurssituasjonen, samt vurderingar av utviklinga når det gjeld avgang/fråfall i studia og talet på søknader frå nye studentar. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har behandla søknadene om opptaksregulering på grunnlag av tilråding frå styra ved dei enkelte universiteta.
Proposisjonen tar utgangspunkt i dei tildelingane som er gjort ved behandlinga av St prp nr 1 (1997-98), og omhandlar berre opptaket til studieåret 1998-99. Når det gjeld dei langsiktige vurderingane, viser vi til dimensjoneringsmeldinga som er lagt fram for Stortinget i vår. Departementet har tatt omsyn til tilrådingane i dimensjoneringsmeldinga i forslaget til opptaksrammer for studieåret 1998-99.
I kap. 3 i proposisjonen gir departementet ein omtale av kvoteordninga for studentar frå samveldet av uavhengige statar og land i Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland, jfr. Budsjett-innst S nr 12 (1996-97).
Regjeringa legg til grunn at sentrale politiske mål for fastsetjing av kapasiteten i høgre utdanning er:
å gje tilbod til flest mogleg kvalifiserte utdanningssøkjande, i tråd med individuelle ønske og det behov samfunnet har for høgt utdanna arbeidskraft
å ta i vare kvalitetskrav i studium og læringsmiljø og leggje til rette for at studium kan gjenomførast til normert tid
å ha ei rimeleg geografisk fordeling på studietilbod og opptakskapasitet, og å utnytte opptakskapasiteten ved dei enkelte institusjonane
Desse måla inneber at det er ønskjeleg å oppretthalde eit høgt opptaksnivå i dei mest etterspurde studia, utan at kvaliteten i tilboda blir forringa. Det blir óg lagt til rette for ei best mogleg utnytting av den samla studiekapasiteten i landet.
Ordninga med nasjonal opning av allmennfakulteta ved universiteta og ved dei høgskolane som tilbyr HF-, SV-, og MN-fag på lågare grad, vart vidareført i 1997. I kap 5 omtaler vi erfaringane frå dei siste åra. På bakgrunn av dette vil departementet foreslå å vidareføre intensjonane i ordninga med nasjonal opning ved at desse plassane går inn i ordninga med «restetorg». Ei slik organisering vil betre oversikta og gi mindre arbeid for institusjonane.