St.prp. nr. 71 (1997-98)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1998-99

Til innholdsfortegnelse

4 Opptaket hausten 1998

4.1 Venta kapasitet

I dette kapitlet viser vi kor stor den totale opptakskapasiteten innan høgre utdanning er. Vi prøver óg å vise kor stor den totale opptakskapasiteten er ved dei allmennvitskaplege fakulteta ved universiteta.

For å finne ut kor stor den totale opptakskapasiteten i heile universitets- og høgskolesektoren er kvart studieår, har departementet nytta ein kalkulert storleik for opptakskapasiteten ved universitet og høgskolar basert på eit estimert tal for uteksaminering av studentar, trekt frå kutt i studieplassar og lagt til nye. Nedanfor følgjer ei oversikt over utviklinga i opptakskapasiteten i sektoren i perioden frå 1993 til 1998 (Tabell 4.1).

Tabell 4.1 Total opptakskapasitet i høgre utdanning 1993-1998

199319941995199619971998
Opptakskapasitet i høgre utdanning39 00036 26338 19838 50036 80037 857*

*Opptakskapasiteten i 1998 inkluderer dei 310 nye IT-studieplassane som er foreslått i revidert nasjonalbudsjett

Opptakskapasitet på lågare grad ved universiteta var som følgjer ved dei allmennvitskaplege fakulteta hausten 1997/98:

Tabell 4.2 Opptakskapasitet på lågare grad 1997/98

HFSVMNSum
UiO1 9001 5851 3604 845
UiB1 0507006202 370
NTNU4006503601 410
UiTø4506506601 760
Sum3 8003 5853 00010 385

I den berekna opptakskapasiteten for 1998 er det, med unntak for Bergen, lagt inn vidareføring av dei 1648 studieplassane som vart oppretta i 1997, kuttet i studieplassar ved dei allmennvitskaplege fakulteta og opprettinga av nye studieplassar på medisin og psykologi i St prp nr. 1 (1997-98) og opprettinga av nye studieplassar på ulike profesjonsstudium i samband med Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell. I tillegg er det tatt omsyn til dei studieplassane som vart oppretta innan psykologi og IT-fag etter framlegg i St prp nr 1 Tillegg nr. 3 (1997-98). For Universitetet i Bergen bruker vi dei tala for opptakskapasitet som universitetsdirektøren la fram for styret ved handsaminga av saka. På grunn av stort fråfall frå studia, må dei ha eit så stort opptak for å oppfylle måltala i St prp nr 1.

Vi gjer merksam på at tala i tabellen kan vere usikre. I denne tabellen har vi ikkje hatt høve til å justere for avgang og permisjonar i løpet av siste studieår. På grunn av stor avgang i løpet av studiet, har ikkje kuttet på 2000 studieplassar gitt tilsvarande kutt i opptakskapasitet. I tillegg til det som står i tabell 4.3, er det foreslått ei auke på 310 studieplassar innan IT-fag i revidert nasjonalbudsjett. Desse plassane vil ikkje bli fordelt før etter at saka er behandla i Stortinget. Dei 90 plassane på høgre grad, vil truleg bli lagt til universiteta, medan dei 220 plassane på lågare grad vil bli fordelt mellom universiteta og høgskolane.

For studieåret 1998/99 gir tilsvarande tabell følgjande tal:

Tabell 4.3 Opptakskapasitet på lågare grad 1998/99

HFSVMNSum
UiO1 5001 2601 2103 970
UiB1 0001 0006002 600
NTNU2944623171 073
UiTø3885766281 592
Sum3 1823 2982 7559 235