St.prp. nr. 71 (1997-98)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1998-99

Til innholdsfortegnelse

3 Kvoteordninga for studentar frå Samveldet av uavhengige statar og land i Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland

3.1 Innleiing

Støtteordninga i Statens lånekasse for utdanning for studentar frå Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland - óg kalla kvoteordninga - vart innført frå 1994/95. Ordninga kom i stand etter behandling av St meld nr 40 (1990-91) og Ot prp nr 14 (1992-93), jf Innst O nr 61 (1992-93) i Stortinget.

Kvoteordninga var opphavleg for søkjarar som vart tekne opp på kortvarige utdanningsprogram på høgre nivå, der undervisningsspråket var engelsk. Frå starten av har det vore ei viktig målsetjing for kvoteordninga å gi studentane relevant kompetanse, og at den kunnskapen studentane tileigna seg, skulle komme heimlanda til gode. Studentar som vart tekne opp til slike utdanningar, skulle ha kompetanse frå heimlandet som svarte til høgre utdanning over to år. I tråd med konklusjonen i Innst S nr 144 (1995-96) vart kvoteordninga utvida til óg å omfatte norskspråklege profesjonsutdanningar, og norsk vart jamstelt med engelsk som undervisningsspråk. Det vart på same tid opna for støtte til eit innføringskurs i norsk i inntil to semester før oppstart av ei profesjonsutdanning. Maksimal ramme for fagstudiet vart sett til 4 år.

Kvotestudentane får no støtte til ei årleg heimreise i løpet av utdanninga og til returreise etter at utdanninga er avslutta. Departementet reknar med at dette gjer det lettare for studenten å halde kontakten med heimlandet, slik at den ferdige kandidaten vender tilbake etter fullført utdanning. Det blir óg gitt støtte til feltarbeid i heimlandet.

Vilkåra for tildeling av støtte etter denne ordninga er oppsummert i eigne rundskriv til utdanningsinstitusjonane, Justisdepartementet og Lånekassen kvart år. Studentar som blir tekne opp til ei utdanning, får lån og stipend frå Lånekassen etter gjeldande forskrifter om tildeling av utdanningsstøtte på linje med norske studentar ved utdanningsinstitusjonar i Noreg.

3.2 Omfanget av kvoteordninga

Dei første åra omfatta kvoteordninga 750 studentar, fordelt på 600 frå utviklingsland og 150 frå Sentral- og Aust-Europa. I samsvar med Innst S nr. 144 (1995-96) vart ordninga frå 1996/97 utvida til 900 plassar. Auken på 150 vart sett av til studentar frå Sentral- og Aust-Europa.

Departementet fordeler kvoten for kvart studieår etter søknader frå institusjonane. For studieåret 1994-95 fordelte departementet 282 kvoterte studieplassar. I 1995-96 og 1996-97 vart 520 respektive 789 plassar fordelte. For studieåra 1997-98 og 1998-99 har søknadene frå institusjonane samla sett lege over kvoten på 900 plassar. For 1997-98 var det oversøking på plassane for Sentral- og Aust-Europa, medan det i år er ei viss oversøking óg på plassar for studentar frå utviklingsland. Departementet måtte derfor gi institusjonane færre plassar enn dei søkte om.

Tal frå Lånekassen syner at institusjonane ikkje har teke opp studentar til alle dei plassane dei har fått tildelt. Frå år til år har samsvaret mellom plassar og faktisk opptekne studentar vorte stadig betre. Tabellen syner kor mange studentar som har fått støtte i dei fire åra ordninga har eksistert, fordelt på Aust-Europa og u-land, med tal for kvart år.

Tabell 3.1 Opptak av kvotestudentar til institusjonane

1994/951995/961996/971997/98
Aust-Europau-landAust-Europau-landAust-Europau-landAust-Europau-land
8378166167293301370426

Både dei fire universiteta og dei fleste høgskolane - statlege og private - har fått tildelt kvoteplassar dei seinare studieåra. Talet pr. institusjon varierer frå over 100 til ein enkelt plass.

3.3 Forvalting av kvoteprogrammet

Kvoteprogrammet er i dag administrert direkte av departementet og Statens lånekasse for utdanning. Departementet sender eit rundskriv kvart år med opplysningar om ordninga og søknadsfrist. I forskriftene til utdanningsstøttelova er det eit eige kapittel om støtte og ettergiving av lån for studentar som har plass på kvoteordninga. Departementet har óg jamleg kontakt med andre instansar med sikte på å betre rutinane m.a. for tildeling av personnummer og innvilging av opphaldsløyve.

Sidan departementet berre gir retningslinjer og fordeler plassar, er det institusjonane som har ansvaret for utforming og gjennomføring av dei aktuelle utdanningsordningane. Universitetsrådet har vist til at det er behov for eit betre samarbeid med styresmakter og institusjonar i heimlanda til søkjarane, for å sikre tilbod av relevans for landa. Departementet er samd i at suksessen til kvoteprogrammet avheng av at kandidaten får kompetanse som heimlandet har bruk for, og at slike forhold i større grad bør kome inn i utviklinga av studieopplegga og rekrutteringa av studentar.

3.4 Forvalting av støtteordninga

Lånekassen har utarbeidd rutiner når det gjeld tildeling av støtte, ettergiving etter avslutta utdanning og innkreving av gjeld frå studentar som ikkje reiser tilbake til heimlandet. Det er etablert rutiner ved utdanningsinstitusjonane og utlendingstyresmaktene slik at tildeling av støtte frå Lånekassen kan skje så fort som råd etter at søkjarane har kome til studiestaden.

3.5 Evaluering av kvoteordninga

I rapport 4/95 frå Det norske universitetsråd, «Hodeløs bistand», er ordninga kritisert på fleire punkt. Universitetsrådet innhenta fråsegner frå institusjonane om rapporten og presenterte desse i eit brev til departementet av 22.april 1996. Her heiter det m. a.:

«Universitetsrådets styre går inn for at det etableres et nasjonalt program for studenter fra utviklingsland og Øst-Europa med desentralisert operatøransvar for delprogrammene og en nasjonal koordinering gjennom et eget programstyre og en nasjonal operatør. Universitetsrådets styre mener det må settes av midler nasjonalt både til etablering av programmet og til utvikling og drift av egnede studietilbud. Universitetsrådet v/SIU er beredt til å ta det nasjonale operatøransvaret for et slikt program dersom departementet finner det hensiktsmessig.»

I Budsjett-innst S nr 12 (1996-97) viser Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen til dette og uttaler:

«Flertallet mener det er viktig å foreta nødvendige endringer for å få kvoteprogrammet til å fungere etter forutsetningene. Det bør samtidig vurderes hvorvidt det er hensiktsmessig å differensiere tiltakene avhengig av hvilken region studentene kommer fra. Flertallet vil peke på at søkere får liten tid til å forberede seg på et studieopphold i Norge fordi beskjed om opptak og finansiering kommer sent, delvis etter at studiesemesteret har startet. I tillegg kunne flere av søkerne lært norsk før studiene startet, og dette ville bedret utbyttet av oppholdet både faglig og sosialt.»

Komiteen bad vidare departementet om å kome tilbake med ei evaluering av ordninga i 1997.

Kvoteordninga er omtala i St prp nr 1 (1998-99).

Som det blir sagt i innleiinga, var det ein vesentleg føresetnad for innføring av kvoteordninga at den kompetansen studentane får i Noreg, skulle nyttast til beste for heimlanda deira. Ordninga har berre vore i kraft i fire år, og det tek noko tid før studentane blir registrert som utflytta frå Noreg og deretter får ettergitt lånet. Av den grunn er det så langt berre 51 studentar som har fått ettergitt lånet. Det er derfor ikkje mogleg å seie noko sikkert om i kor stor grad føresetnaden om retur er oppfylt. Vi har heller ikkje gode tal på om det er skilnader i gjennomføringsgraden institusjonar og utdanningar imellom. Vi meiner det er nødvendig å ha kjennskap til desse opplysningane for å gjennomføre ei heilskapleg evaluering av korleis ordninga verker. Departementet vil derfor kome tilbake med ei evaluering av ordninga så snart vi har betre tal for gjennomføring av studia og erfaringar med ettergiving av lån.

3.6 Framtidig forvalting av kvoteordninga

Departementet er samd i at institusjonane hadde for kort tid til å førebu seg på den nye ordninga då ho vart innført i 1994. Men tilhøva har etter kvart betra seg både fordi melding om tildeling er blitt send tidlegare og fordi ordninga er meir kjend ved institusjonane. Vi meiner at fleire av dei tilhøva som Universitetsrådet kritiserer, no er retta opp.

Om forvaltinga av ordninga skal flyttast ut frå departementet, slik Universitetsrådet gjer framlegg om, kan dette gjerast etter mønster av forvaltinga av EU sine utdanningsprogram Sokrates og Leonardo da Vinci. Forvaltinga av desse programma er lagt til Universitetsrådet ved Senter for internasjonalt universitetssamarbeid (SIU) respektive Teknologisk institutt, som betalte oppdrag frå departementet. Universitetsrådet v/SIU har sagt seg interessert i å ta på seg det nasjonale operatøransvaret for kvoteprogrammet, noko som óg er omtala i Budsjett-innst S nr 12 (1996-97). Universitetsrådet ser denne overføringa i samanheng med den avtalen som Universitetsrådet har inngått med Utanriksdepartementet om forvalting av programmet om kompetanseoppbygging ved universitet i utviklingsland (NUFU-programmet) og NORAD sitt stipendiatprogram, og med Noregs forskingsråd og Utanriksdepartementet om forvalting av utdannings- og forskingsdelen av handlingsprogrammet for Aust-Europa.

Departementet har ved fleire høve drøfta med Utanriksdepartementet ein større grad av likebehandling av studentar med kvoteplass finansiert frå Lånekassen og dei studieplassane som Utanriksdepartementet finansierer. Finansieringsmåten er i seg sjølv eit problem i denne samanhengen. Medan kvotestudentane får ordinær norsk studiestøtte, får dei andre studentane reine stipend som ligg noko høgre enn støtta frå Lånekassen. Det er óg den skilnaden at det i tillegg til stipenda, er sett av eit beløp for sosiale tiltak for studentane. Lånekassen gir støtte til livsopphald, reiser og bøker til den enkelte student. Departementet kan ikkje sjå at det er mogleg eller ønskjeleg å finansiere fellestiltak for institusjonane eller studentane over Lånekassen sitt budsjett.

Departementet meiner at slik situasjonen er i dag, vil det ikkje vere føremoner forbunde med å overlate forvaltinga av ordninga til andre. Departementet vil derfor inntil vidare stå for forvaltinga, men vil vurdere dette på nytt når heile ordninga blir evaluert. Departementet vil samrå seg med Universitetsrådet og Høgskolerådet for å kome fram til kriterium for evaluering av ordninga. Departementet vil óg samrå seg med dei to råda for å få til ei best mogleg samordning av kvoteordninga og dei programma som no blir forvalta av Universitetsrådet.