St.prp. nr. 71 (1997-98)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1998-99

Til innholdsfortegnelse

6 Opptaket til det einskilde universitet

Universiteta har vurdert behovet for opptaksregulering komande studieår på grunnlag av ein gjennomgang av den samla opptakskapasiteten og ressurssituasjonen ved dei einskilde fakulteta. Det er fremja forslag til opptakstal på det enkelte fag og nivå. Forslaga frå universiteta skal mellom anna gjere greie for om det er hindringar med omsyn til personale, lokale og driftsmidlar som sett grenser for institusjonen sin opptakskapasitet. Dei er óg bedne om å gjere greie for i kva grad det er mogleg å fordele om ressursar, der det er fag med ledig kapasitet.

Opptaksregulering til universiteta bør som før vere på fakultet-/avdelingsnivå og ikkje til det enkelte fag, dersom dei fleste faga under fakultetet har avgrensa kapasitet. Studentane søkjer normalt opptak til universiteta på fakultetsnivå og ikkje opptak til det enkelte faget. Unntaket for dette er til dømes opptak til profesjonsstudia. Men sjølv om ramma for studentopptaket er tilpassa den samla ressursramma på fakultetet, vil det vere enkelte fag som er sterkt pressa, mens andre har betre kapasitet.

I Innst S nr 257 (1995-96) uttalte Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen:

«Flertallet mener at institusjonene kan styre studenttilgangen til det enkelte faget i de tilfeller hvor studenter som skal starte på et cand.-mag-studium, selv er instilt på å endre rekkefølgen på sine fagstudier i samråd med studiestedet.»

I samsvar med dette har regulering av einskilde fag ved lukka fakultet berre skjedd der laboratorieøvingar, feltarbeid eller liknande har gjort dette naudsynt. Når det no er lukka fakultet, har departementet lagt til grunn at styret for institusjonane kan fordele studentane på enkelte fag innanfor dei tildelte rammene for opptak.

Departementet viser til Budsjett-innst S nr 12 (1996-97) der eit fleirtal i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (medlemmene frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti) ba om at universiteta i samråd med departementet vurderer ei gradvis vriding frå lågare grad til høgre grad etter kvart som det blir mogleg. I tråd med denne fråsegna har Universitetet i Bergen oppretta fleire plassar på høgre grad ved intern omdisponering av ressursar. Departementet meiner at Universitetet i Oslo bør prioritere hovudfag i noko større mon enn det styret har foreslått, sjå nedanfor.

Med heimel i Lov om universitet og høgskolar § 39, 2.ledd kan departementet fastsette adgangsregulering når det er nødvendig etter ei samla vurdering av utdanninga i landet. Dei to siste åra har søkinga til høgre utdanning gått tilbake. Nedgangen i søkjinga har størst konsekvensar for utdanningsinstitusjonar i distrikta. Departementet har i den samanheng vurdert lukking av allmennfakulteta ved universiteta i Sør-Noreg for på den måten å oppretthalde studenttilgangen ved Universitetet i Tromsø og ved høgskolar i distrikta. Universitetet i Oslo har sjølv foreslått lukking, og departementet slutter seg til dette. Dei har likevel ikkje noko problem med å oppfylle måltala frå St prp nr 1 (1997-98). Men departementet vil auke opptakskapasiteten noko på hovudfag, og vil setje den noko ned på lågare grad ved SV-fakultetet. Dette er ei endring i forhold til styret sitt vedtak. Universitetet i Bergen meiner at sjølv om dei held allmennfakulteta opne, vil ein likevel ikkje få fleire studentar ved desse fakulteta enn det er kapasitet til å ta imot. Auka fråfall eller opphald i studia gjer at universitetet må halde ein monaleg høg opptakskapasitet for å nå måltala sine. For å sikre at tilstrøyminga ikkje blir større enn universitetet reknar med, gjer departementet framlegg om å lukke allmennfakulteta, men med den opptakskapasitet universitetsdirektøren la til grunn, og som styret baserte vedtaket om opning på. Noregs teknisk- naturvitskaplege universitet har gjort framlegg om å lukke mange av dei mest etterspurde faga ved allmennfakulteta. Sjølv om universitetet også i 1998 reknar med å få nokre fleire studentar enn måltalet, vil ikkje departementet gjere framlegg om å lukke fakultet i denne delen av landet.

Vi gjer merksam på at dei 310 studieplassane innan IT-fag som er foreslått oppretta i revidert nasjonalbudsjett, ikkje er fordelt og derfor ikkje tatt med i desse rammene. Departementet vil fordele desse plassane særskilt, og opptaksrammene vil bli auka i samsvar med dette. Sjå omtale under kap. 4.

Ved ei ekstraløyving som oppfølging av Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell, er det vedtatt å etablere 30 nye studieplassar i medisin i Nord-Noreg. Departementet har tatt opp etableringa med Universitetet i Tromsø, som førebels har sagt at dei ikkje kan ta imot fleire medisinstudentar frå hausten 1998. I samarbeid med Sosial- og helsedepartementet vil det bli tatt ny kontakt med Universitetet i Tromsø og Troms fylkeskommune som sjukehuseigar, for å sjå på om det er sjansar for å auke opptaket allereie i år. Mellom anna vil ein vurdere alternativ med desentralisert klinikkundervisning. Desse studieplassane kjem i så fall i tillegg til den ramma som er foreslått i det følgjande. Dersom det ikkje er praktisk mogleg å få etablert plassane så raskt, vil dei bli kjøpt i utlandet, førebels for eitt kull. Desse plassane vil kome i tillegg til den ordninga med kjøp av studieplassar i utlandet som Noregs teknisk- naturvitskaplege universitet har hand om.

6.1 Merknader til tabellane om opptaksrammer

Universiteta er opne der dei ikkje med samtykke frå Stortinget har avgrensa opptaket av omsyn til kapasitets- og ressurssituasjonen. Tabellane om opptak til dei enkelte universiteta viser berre dei avgrensingane som ligg føre på det enkelte fakultet. Dersom fakultetet er ope, er det summen av opptaksrammene til dei adgangsregulerte faga som er gitt.

6.2 Universitetet i Oslo

Kollegiet ved Universitetet i Oslo har 24. mars gjort vedtak om opptaksregulering og opptaksrammer for studium av lågare grad, for hovudfagsnivå og for profesjonsstudium. Departementet foreslår dei avgrensingane som går fram av tabellen.

Tabell 6.1 Opptaksrammer for Universitetet i Oslo

Fakultet
FagHFSVMNJurTeoMedOdontUV
Profesjonsstudium7255300ope22089835
Lågare grad150012601210692ope60500
Høgre grad73852156020458010135

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet

I St prp nr 1 (1997-98) er måltalet for studentar redusert med 398. Dette gjer at fakultetet må redusere opptaksrammene for lågare grad for studieåret 1998/99. Studia på lågare grad får ei total opptaksramme på 1500 plassar.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

I St prp nr 1 (1997-98) er måltalet for studentar redusert med 325. Fakultetet må redusere opptaksrammene for lågare grad for studieåret 1998/99. Dette gir ei total opptaksramme på lågare grad ved fakultetet på 1260 studentar.

Universitetet har foreslått ein reduksjon berre til 1380, og vil finne ressursar til dette ved å seinke opptaksramma for høgre grad med 60 studieplassar. Universitetet vurderer det slik at det vil vere stor pågang til studium på lågare grad, og at ein stor del av dei som søkjer høgre grad likevel vil få opptak der.

Departementet ønskjer å oppretthalde opptaksramma til høgre grad, slik at den blir lik ramma for 1997. Departementet vurderer det slik at ei opptaksramme på 1260 til lågare grad vil vere høg nok, da det har vore ein stor reduksjon i søkinga til høgre utdanning.

Opptaksramma for psykologi er ikkje endra frå 1997.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

I St prp nr 1 (1997-98) er måltalet for studentar redusert med 138. For studieåret 1998/99 fører det til ein reduksjon i opptaksrammene for lågare grad. Total opptaksramme for studium på lågare grad ved fakultetet blir sett til 1210 plassar.

Utover dette foreslår universitetet å redusere opptaksramma med 10 plassar på lågare grad, som kompensasjon for pålagd auke i opptaksramme for hovudfag i informatikk med 5 plassar for opptak til studieåret 1997/98.

Auken i opptaksramma for hovudfag frå 545 til 560 skuldast i hovudsak ei auke på informatikk frå 140 til 155 hovudfagsplassar, etter at departementet har tildelt nye studieplassar.

Det juridiske fakultet

Auken i opptaksramma med 25 gjeld grunndelen til jusstudiet, og kjem av at det no er fleire studentar som har studierett enn den nye studieordninga er dimensjonert for. Dette gjeld spesielt studentar frå andre fakultet som vil ta juss som siste delen av cand.mag. grad.

Opptaksramma til den nye profesjonsdelen er, etter ei vurdering av fakultetet sine ressursar, sett til 300. Fjorårets opptaksramme for profesjonsstudiet gjaldt overgangsordninga blandingsgrunnfag, og ramma var då 200.

Opptaksramma for høgre grad er auka frå 10 til 20. Dei 10 nye plassane gjeld forvaltingsinformatikk hovudfag. Dette hovudfaget har tidlegare ikkje vore adgangsregulert.

Det teologiske fakultet

Profesjonsstudiet og studium på lågare grad blir haldne opne, for studium på høgre grad er rammene lik føregåande år.

Det medisinske fakultet

Opptaksrammene blir dei samme som i fjor. Frå og med opptak til studieåret 1998/99 blir det ikkje teke opp fleire studentar til 1. avdeling sjukepleievitskap, men 40 studentar til 2. avdeling. Universitetet har bede om at det ikkje vert opptak til kandidatstudiet i arbeidshelse dette året heller.

Det odontologiske fakultet

Opptaksramma for spesial-/spesialistutdanning blir redusert frå 25 til 10. Det har allereie vore opptak til desse studia. Talet på dei som blir tatt opp, vil variere frå år til år.

Det utdanningsvitskaplege fakultet

Opptaksramma på lågare grad er seinka med 260. Det skuldast at 190 studieplassar er ført over til profesjonsstudium, slik at talet der er auka tilsvarande. I St prp nr 1 (1997-98) er måltalet for studentar redusert med 57, til 503. For studieåret 1998/99 må reduksjonen skje ved kutt i opptaksrammene for lågare grad.

Universitetet ønskjer å redusere opptaksramma for teiknspråk med 10 studieplassar. Ut frå at det er eit stort behov for folk med kompetanse i teiknspråk, foreslår departementet at fjorårets opptaksramme på 20 studieplassar oppretthaldast.

For profesjonsstudiet er det ei auke på 240 studieplassar. Det meste av denne auken skuldast nye definisjonar i tabellverket, sjå over. Dei andre endringar skuldast endringar i organiseringa av studia.

Opptaksramma for hovudfag er 135. 35 av desse er opptak til mastergradprogram.

6.3 Universitetet i Bergen

Kollegiet ved Universitetet i Bergen har 19. februar gjort vedtak om opptaksregulering og opptaksramme for studium av lågare grad, hovudfagstudium og profesjonstudium for studieåret 1998-99. Departementet foreslår dei avgrensingane som går fram av tabellen.

Tabell 6.2 Opptaksrammer for Universitetet i Bergen

Fakultet
FagHFSVMNJurMedOdontPsyk
Profesjonsstudium20015069262
Lågare grad1000100060027545250
Høgre grad29525728550420

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultet

Universitetsdirektøren foreslo å sette opptaksramma for lågare grad til 1000 studieplassar. Det store fråfallet på lågare grad gjer at opptaksramma frå i fjor nær kan oppretthaldast sjølv om ein tar omsyn til reduksjonen i måltalet frå departementet på 233 plassar.

Styret vurderte det slik at storleiken på opptaksramma for lågare grad vil gjere at alle kvalifiserte søkjarar vil få plass, slik at ein kan opne fakultetet. Dersom det samla studenttalet etter dette skulle overskride måltalet, måtte ein regulere opptaket for neste studieår igjen. Av nasjonale omsyn foreslår departementet likevel at fakultetet blir lukka, og at opptaksramma blir sett til 1000 studieplassar.

45 plassar på lågare grad er konvertert til 15 studieplassar på høgre grad. Universitetet har sjølv sett ei opptaksramme til høgre grad på 280. Det foreslår vidare at opptaksramma aukast med 15 etter konvertering av studieplassar frå lågare grad, slik at summen blir 295. Dette er 8 fleire enn siste året.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Universitetsdirektøren foreslo at opptaksramma for lågare grad blir sett til 1000 studieplassar. Det er ei auke på 300. Det store fråfallet på lågare grad gjer at opptaksramma frå i fjor kan aukast monaleg sjølv om ein tar omsyn til reduksjonen i måltalet frå departementet på 170 plassar.

Styret vurderte det slik at storleiken på opptaksramma for lågare grad vil gjere at alle kvalifiserte søkjarar vil få plass og at ein kan opne fakultetet. Dersom det samla studenttalet etter dette skulle overskride måltalet, måtte ein regulere opptaket for neste studieår igjen. Av nasjonale omsyn foreslår departementet likevel at fakultetet blir lukka, og at opptaksramma blir sett til 1000 studieplassar.

Opptaksramma på 257 til hovudfag inkluderer opptak til 25 studieplassar i mastergradprogram.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Opptaksramma blir seinka med 20 plassar til 600. Universitetsdirektøren meiner at dette kan gjerast, og at reduksjonen på 86 plassar i måltalet likevel vil bli sikra gjennom høgt fråfall.

Styret vurderte det slik at denne opptaksramma vil gjere at alle kvalifiserte søkjarar vil få plass, slik at ein kan opne fakultetet. Dersom det samla studenttalet etter dette skulle overskride måltalet, måtte ein regulere opptaket for neste studieår igjen. Av nasjonale omsyn foreslår departementet likevel at fakultetet blir lukka, og at opptaksramma blir sett til 600 studieplassar.

Universitetet foreslår ei opptaksramme på 275 studieplassar til hovudfag. Dette inneber at den interne omdisponeringa av ressursar frå fjoråret blir oppretthalde. Etter tildeling av nye studieplassar frå departementet, er ramma auka til 285.

Det juridiske fakultet

Opptaksramma for 1. avdeling blir oppretthalde på 275 plassar. Ramma for 2. avdeling blir redusert frå 250 til 200 for å betre ressursgrunnlaget for studentane, likevel slik at alle med karakter 2,75 eller betre frå første avdeling, er sikra opptak til andre avdeling.

Det medisinske fakultet

Opptaksramma for høgre grad blir auka med 10 plassar til 50. Det inneber at det blir tatt opp 15 hovudfagstudentar innan realfaga.

Det odontologiske fakultet

Opptaksramma blir oppretthalde.

Det psykologiske fakultet

Universitetet har sjølv sett ei opptaksramme til profesjonsutdanninga på 60. Etter tildeling av nye studieplassar frå departementet, blir denne auka til 72, i tråd med Handlingsplanen for helse- og omsorgspersonell.

6.4 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

Kollegiet ved NTNU har i møte 19. mars 1998 gjort vedtak om regulering av opptak og opptaksrammer for profesjonsstudium, studium på lågare grad og hovudfagstudium. Kollegiet har vedtatt at dei allmennvitskaplege studia ved NTNU framleis skal vere opne, med dei unntaka som går fram av tabellen og merknadene. Kollegiet gjer merksam på at alle tala er minimumstal, og at fakulteta kan ta opp fleire om dei finn ressursar til det. Kollegiet ved NTNU har utelate nokre studium i sitt vedtak. I dei tilfella er det departementet som har fremja forslag. Departementet har elles slutta seg til forslaga frå kollegiet og foreslår dei avgrensingane som går fram av tabellen.

Tabell 6.3 Opptaksrammer for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Fakultet
FagHFSVTFIMKBALSMedisinTekn.fag
Profesjonstudium604842590 +60**1585
Lågare grad215*529*850*752*
Høgre grad69*204*20*33*50

*Tala gjeld adgangsregulerte studieplassar, fakultetet elles er ope

** 60 plassar gjeld oppkjøp av studieplassar i utlandet, i tillegg til 90 ordinære plassar

SVT=Fakultet for samfunnsvitskap og teknologistyring

FIM=Fakultet for fysikk, informatikk og matematikk

KB=Fakultet for kjemi og biologi

ALS=Avdeling for lærarutdanning og skoleutvikling

Avgrensinga på profesjonstudia gjeld ei ramme på 40 plassar til Musikkonservatoriet og 20 plassar til Kunstakademiet. Desse rammene er dei samme som i fjor, men da stod dei oppført som studium på lågare grad under Teknologiske fag og kunstfag.

På lågare grad foreslår kollegiet opptaksrammer for følgjande enkeltemne: 25 plassar på HF AVS språk, kjønn og kommunikasjon, 15 plassar på HF DT 211 produksjon I, 30 plassar på HF DANS 101 tradisjonskunnskap, 30 plassar på HF FILM 101 filmvitskap grunnfag, 15 plassar på film, fjernsyn, video gr.fag, ikkje noko opptak på HF FFV 200 film, fjernsyn, video mft. haust 98, 25 plassar på HF KUH 201 kunsthistorie mft. I, 25 plassar på HF KUH 202 kunsthistorie mft. II, 30 plassar på musikk gr.fag og 20 plassar på musikk mft. Avgrensinga er grunna i avgrensa ressursar til obligatoriske delar av undervisinga. Ved opptaket 1997/98 var alle studium på lågare grad opne.

På hovudfag ønskjer kollegiet å regulere opptaket på desse faga til: 5 plassar på allmenn litteraturvitskap, 10 plassar på arkeologi, 8 plassar på filmvitskap, 6 plassar på filmproduksjon med vekt på produksjon, 20 plassar på historie, 10 plassar på musikk og 10 plassar på Master of social change. Avgrensinga er grunna i avgrensa vegleiingskapasitet. Resten av fakultetet er ope.

Avgrensinga på profesjonsstudiet gjeld 48 plassar på psykologistudiet. 8 av desse plassane blir tildelt frå og med hausten 1998 ved ei ekstratildeling for oppfølging av Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell. Det blir tatt opp 24 studentar til haustsemesteret og 24 til vårsemesteret. Kollegiet har fremja ei ramme på 20 til kvart semester. For studieåret 97/98 vart opptaksrammene sett til 20, men det riktige skulle vere 20 i kvart semester, altså totalt 40.

På lågare grad foreslår kollegiet opptaksrammer på følgjande enkeltemne: 18 plassar på SV GEO 210 geografiske informasjonssystem, 18 plassar på SV GEO 211 fjernanalyse, 15 plassar på SV GEO 310 planleggingsteori, 15 plassar på SV GEO 316 naturgeografiske felt og anal., 15 plassar på SV GEO 321 øving i landskap og planlegging, 40 plassar på SV IDR 103 praktiske disiplinar, 50 plassar på SV PED 201 oppvekstmiljø og sosialisering, 50 plassar på SV PED 204 lese- og skrivevanskar, 40 plassar på SV PED 211 rådgiving/sosialpedagogisk teori, 40 plassar på SV PSY 200 psykologi mft., 18 plassar på SV SOS 312/SV SOS 302 intervjumetodar, 170 plassar på SV POL 105 inf. i internasjonal politikk, 20 plassar på SV POL 200 modellar og teoriar i statsvitsk. og 20 plassar på SV POL 203 statsvitskapleg prosjektoppgåve. Avgrensingane er sett ut frå ressurskravet ved obligatoriske øvingar og semesteroppgåver med vegleiar.

På høgre grad ønskjer kollegiet å sette følgjande opptaksrammer: 10 plassar på førskolepedagogikk, 20 plassar på geografi, 20 plassar på helsefag, 15 plassar på idrettsvitskap, 5 plassar på studieretning bevegelsesvitskap, 24 plassar på pedagogikk, 15 plassar på sosialantropologi, 20 plassar på sosialt arbeid, 20 plassar på sosiologi, 30 plassar på spesialpedagogikk og 25 plassar på statsvitskap. Avgrensingane er gjort ut frå manglande vegleiingskapasitet. Studia ved fakultetet elles er opne.

Kollegiet foreslår opptaksrammer for følgjande enkeltemne: 300 plassar på MNF IT 100 informatikk i basisfag, 250 plassar på MNF IT 111 grunnkurs i programmering, 150 plassar på MNF IT 131 datastøtta læring og 150 plassar på MNF IT 161 EDB og samfunn. Rammene er sett på grunn av manglande ressursar til løn og utstyr. Alle emna i fysikk og matematikk/statistikk er opne. I fjor var alle studium på lågare grad opne.

På høgre grad foreslår kollegiet ei opptaksramme på 20 plassar på hovudfag i informatikk.

Kollegiet foreslår følgjande opptaksrammer for enkeltemne på lågare grad: 144 plassar på MNK KJ 100 generell kjemi, 48 plassar på MNK KJ 140 fysikalsk kjemi, 16 plassar på MNK KJ 250 kvantitativ analyse, 32 plassar på MNK KJ 261 biokjemi lab.kurs, 6 plassar på MNK KJ 224 eksperimentell organisk kjemi, 5 plassar på MNK KJ 325 syntetisk organisk kjemi, 15 plassar på MNK KJ 353 vidaregåande kromatografi, 15 plassar på MNK AK 201 mikrobiologi, parasittologi etc., 10 plassar på MNK AK 300 radioimmunologiske metodar, 10 plassar på MNK AK 301 fôrorganismer etc., 96 plassar på MNK BI 110 cellebiologi med genetikk, 90 plassar på MNK BI 230 økologi II, 12 plassar på MNK BI 315 populasjonsgenetikk lab.-kurs, 10 plassar på MNK BI 370 miljøtoksikologi, 20 plassar på MNK BO 200 kryptogamkunnskap, 24 plassar på MNK ZO 151 histologi, 60 plassar på MNK ZO 220 zoofysiologi, 60 plassar på MNK ZO 240 etologi, 15 plassar på bioteknologistudiet i Namdalen og 64 plassar på 54028 mikrobiologi (totalkapasitet for både sivilingeniør- og realfagstudentar). Avgrensinga er grunna i avgrensa laboratoriekapasitet og manglande timemidlar. I proposisjonen frå i fjor var opptaksramma til lågare grad sett til 160 plassar. Det riktige talet skal vere 724.

På høgre grad ber kollegiet om opptaksrammer på 15 plassar på hovudfag i botanikk og 18 plassar på hovudfag i zoologi. Hovudfaga i kjemi og biodiversitet er opne. Adgangsreguleringa er grunna i avgrensa vegleiingskapasitet og manglande driftsmidlar.

NTNU har ei spesiell inndeling av den praktisk-pedagogiske utdanninga med opptak til to halvårige studium i staden for eit eittårig. Det er opptak til både PPU 1 og PPU 2 kvart semester. Samstundes har dei no ein overgang frå gamal til ny ordning. Hausten 1998 vil dei ta opp 100 studentar til PPU 1 (ny ordning), 100 til PPU del II (gamal ordning) og 25 til PPU yrkesfag (toårig studium). Våren 1999 vil dei ta opp 100 studentar på PPU 1 og 100 på PPU 2 (begge ny ordning). For opptak til PPU-studia foreslår vi derfor ei total ramme på 425 plassar. På grunn av dette, og kapasiteten i skoleverket i praksisperioden, blir ramma for opptak til PPU del II, redusert frå 135 plassar i fjor til 100 i år.

Kollegiet har ikkje fremja noko opptaksramme for medisinstudiet. Departementet fremjer ei ramme på 90 plassar på profesjonsstudiet ved NTNU. Dette er det same som i fjor. NTNU fikk tildelt ansvaret for å forvalte oppkjøp av 60 medisinplassar i utlandet i fjor haust. Denne ordninga blir vidareført ved å ta opp 60 nye studentar i år. Når det gjeld auke i medisinutdanninga som oppfølging av Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell, vert det vist til omtale i innleiinga til kapittel 6.

Opptaksrammene for profesjonsstudia gjeld 1515 plassar på sivilingeniørstudiet og 70 plassar på sivilarkitektstudiet. Kollegiet har fremja ei ramme på 1500 plassar på sivilingeniør, men departementet har gitt NTNU ei ekstraløyving til 15 nye IT-plassar frå hausten 1998. NTNU vil leggje desse til sivilingeniørstudiet. Kollegiet har sjølv omdisponert 75 plassar frå andre sivilingeniørstudium, for å auke opptaket til FIM datateknikk. Kollegiet har óg kutta 90 plassar i førsteopptaket, men desse plassane blir fordelte etter at søkjartala er kjente. Studia elkraftteknikk og maskinteknikk har fått dei største kutta med 60 plassar kvar, metallurgi er kutta med 35 plassar, mens bygg og miljøteknikk er kutta med 30. Elles er det mindre endringar i rammene til sivilingeniørstudia.

På høgre grad er det sett ei ramme på 50 plassar til ulike Master of Science-studium. Dei blir fordelt med 20 plassar på petroleum og 20 plassar på hydropower development. 10 av kvar av desse går til kvotestudentar og 10 går til NORAD-stipendiatar. Dei 10 siste plassane gjeld Master of Technology management.

6.5 Universitetet i Tromsø

Styret ved universitetet i Tromsø har i møte den 26. mars 1998 gjort vedtak om regulering av opptak og opptaksrammer for studium på lågare grad, hovudfagstudium og profesjonsstudium. Styret sitt vedtak er at opptaket til dei fleste studium av lågare grad, ikkje treng regulerast komande studieår. I revidert nasjonalbudsjett er det foreslått å gi ei ekstratildeling til Universitetet i Tromsø, slik at dei kan oppretthalde opptaksrammene på medisin og farmasi. Universitetet foreslår dei avgrensingane som går fram av tabellen. Departementet slutter seg til forslaget.

Tabell 6.4 Opptaksrammer for Universitetet i Tromsø

Fakultet
FagHFSVMNJURUNIKOMNFHMedisin
Profesjonsstudium243760120*45100
Lågare gradope63*30*90ope325
Høgre gradope123*4*3050

* Tala gjeld adgangsregulerte studieplassar, fakultetet elles er ope

UNIKOM = Universitetet sitt kompetansesenter for lærarutdanning, etter- og vidareutdanning og fjernundervisning

NFH = Noregs fiskerihøgskole

Styret foreslår at alle studium, både på lågare og høgre grad, framleis skal vere opne. Fakultetet har planer om å utvide tilbodet innan fjernundervisning til å gjelde nordisk og engelsk mellomfagstillegg. I dag har dei eit slik tilbod i tysk grunnfag.

Styret foreslår å vidareføre opptaksramma på 24 plassar på profesjonsstudiet i psykologi.

Det foreslår at studia på lågare grad blir opne, med to unntak. For arkeologi mellomfag blir det foreslått ei ramme på 25 plassar, på grunn av avgrensa feltkapasitetet. For semesteremne i EDB for humaniora/samfunnsfag blir det foreslått ei ramme på 38 plassar (19 plassar i kvart semester), grunngitt i datamaskinkapasiteten. Dette er dei samme rammene som i fjor.

For hovudfag foreslår styret å adgangsregulere følgjande studium: arkeologi med 14 plassar, filosofi med 19 plassar, historie med 15 plassar, planlegging og lokalsamfunnsforsking med 14 plassar, statsvitskap med 14 plassar, sosialantropologi med 12 plassar, pedagogikk med 16 plassar og sosiologi med 14 plassar. Dette er dei same faga som vart adgangsregulert i fjor. For filosofi er det ein reduksjon med 6 plassar og for pedagogikk er det ei auke med 10 plassar. For dei andre studia er det berre små endringar i rammene. I fjor var totalramma på 113 plassar for desse faga. Viss studiet i religionsvitskap blir sett i gang frå hausten, vil styret foreslå ei opptaksramme på 5 plassar på dette studiet. Styret har alt løyvd midlar til ein slik oppstart.

Universitetsstyret har oppheva laudgarantien for statsvitskap på grunn av stor overskriding av opptaksrammene. Overopptak grunna i laudgaranti, må dekkjast innanfor institutta sine økonomiske rammer.

For opptak til profesjonsstudia foreslår styret ei ramme på 37 plassar. Dette gjeld 17 plassar på sivilingeniørstudiet i fysikk, 5 plassar på sivilingeniørstudiet i bioteknologi og 15 plassar på sivilingeniørstudiet i informatikk. Opptaksramma til sivilingeniørstudiet i landbruk blir i år fremja av Noregs landbrukshøgskole. Med dette eine unntaket er rammene dei same som i fjor.

Ramma for opptak til lågare grad er foreslått sett til 30 plassar, og gjeld 15 plassar på Bio 314 kvantitativ vegetasjonsøkologi og 15 plassar på Bio 326 økologisk metode. Dei andre studia på lågare grad er opne. I forrige studieår var óg Miljø 310 og Bio 209 adgangsregulert, og opptaksramma for lågare grad var på 54.

Opptaket til høgre grad er ope, med unntak for informatikk. Her er ramma sett til 4 plassar. Dette er same ramma som i fjor. Fakultetet sine framlegg om adgangsregulering er grunngitt i manglande ressursar til vegleiing og undervising, og for lågare grad sin del er det óg grunna i manglande tilgang på datamaskiner.

Styret foreslår å vidareføre opptaksrammene for både lågare grad og profesjonsstudiet. Dette til tross for at fakultetsstyret vedtok å ikkje ta opp studentar på lågare grad til studieåret 1998/99, grunna i usikker økonomi i åra framover.

Ramma for profesjonsstudium gjeld praktisk-pedagogisk utdanning, der styret foreslår å oppretthalde ei ramme på 120 plassar. Styret gjer ikkje framlegg om å vidareføre opptaksramma på 150 plassar for studia på lågare grad, og opptaket blir derfor ope. Dette på tross av sterk studentvekst dei seinare åra. Det auka studenttalet ved UNIKOM kompenserer ein del for nedgangen ved andre studium.

Styret foreslår å vidareføre opptaket til fiskerikandidatstudiet med ramme på 45 plassar.

Styret foreslår ikkje å adgangsregulere studium på lågare grad.

For opptak til høgre grad, foreslår styret å vidareføre opptaksrammene frå i fjor. Det vil seie ei ramme på 10 plassar på fiskehelsestudiet, 15 plassar på havbrukstudiet og 5 plassar på hovudfag i sosialøkonomi.

Styret foreslår ei opptaksramme på 100 plassar for profesjonsstudia. Dette gjeld 70 plassar på profesjonsstudiet i medisin, 20 plassar på farmasi og 10 plassar på sivilingeniør bioteknologi. Det er same opptaksrammer som sist år. Når det gjeld auke i medisinutdanninga som oppfølging av Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell, vert det vist til omtale i innleiinga til kapittel 6.

For lågare grad er opptaksramma foreslått sett til 325 plassar. Dette gjeld dei samme faga og rammene som vart sett i fjor: 100 plassar på medisin grunnfag, 30 plassar på Bio-271 generell fysiologi, 8 plassar på Bio-364 molekylmodellering, 20 plassar på Bio-352 biokjemiske arbeidsmetodar, 10 plassar på Bio-444 elektronmikroskopisk teknikk og 70 plassar på Bio-251 biokjemi/Bio-255 biokjemi laboratoriedel, samt 6 nye fag med følgjande rammer: 20 plassar på Bio-272 komparativ fysiologi, 15 plassar på Bio-352s bioteknologiske arbeidsmetodar, 15 plassar på Bio-359s fermentering, 15 plassar på Bio-360s proteinreinsking, 15 plassar på Bio-456/456s bioteknologi og 7 plassar på Bio-480 klinisk mikrobiologi. For studiet i medisin grunnfag legg fakultetet til grunn at dei må redusere arbeidet og ressursane i samband med eksamen og oppgåve. For dei andre studia er adgangsreguleringa grunna i liten laboratoriekapasitet og manglande ressursar.

Styret foreslår å oppretthalde same opptaksrammer som i fjor på hovudfaga med 20 plassar på folkehelsevitskap, 10 plassar på hovudfag i helsefag og 20 plassar på hovudfag ved Institutt for medisinsk biologi.

6.6 Oppsummering

Universiteta foreslår avgrensingar i opptaket til dei enkelte fakultet. Avgrensingane er ei følgje av ressurs- og kapasitetssituasjonen. Departementet meiner det er nødvendig å gjennomføra avgrensingane for å ta i vare kvalitetskrav ved universiteta. Departementet foreslår óg grenser for opptaket ved universiteta i Oslo og Bergen, utover det styra har foreslått, med heimel i Lov om universitet og høgskolar § 39 2. ledd. Forslaget er grunna i nasjonale omsyn for å sikre ei rimeleg geografisk fordeling av studietilbod, og for å sikre at utdanningskapasiteten ved alle universiteta og høgskolane blir nytta på ein best mogleg måte. Departementet foreslår desse opptaksrammene for 1998:

Tabell 6.5 Opptaksrammer for Universitetet i Oslo

Fakultet
FagHFSVMNJurTeoMedOdontUV
Profesjonsstudium7255300ope22089835
Lågare grad1 5001 2601 210692ope60500
Høgre grad73852156020458010135

Tabell 6.6 Opptaksrammer for Universitetet i Bergen

Fakultet
FagHFSVMNJurMedOdontPsyk
Profesjonsstudium20015069262
Lågare grad1 0001 00060027545250
Høgre grad29525728550420

Tabell 6.7 Opptaksrammer for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Fakultet
FagHFSVTFIMKBALSMedisinTekn.fag
Profesjonstudium604842590 + 60**1 585
Lågare grad215*529*850*752*
Høgre grad69*204*20*33*50

*Tala gjeld adgangsregulerte studieplassar, fakultetet elles er ope

** 60 plassar gjeld oppkjøp av studieplassar medisin, i tillegg til 90 ordinære plassar.

Tabell 6.8 Opptaksrammer for Universitetet i Tromsø

Fakultet
FagHFSVMNJURUNIKOMNFHMedisin
Profesjonsstudium243760120*45100
Lågare gradope63*30*90ope325
Høgre gradope123*4*3050

*Tala gjeld adgangsregulerte studieplassar, fakultetet elles er ope