St.prp. nr. 71 (1997-98)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1998-99

Til innholdsfortegnelse

2 Utvikling i søking til høgre utdanning

2.1 Søking til høgre utdanning

Søkinga til høgre utdanning auka i første halvdel av 90-talet. Etter ein nedgang i 1995, stabiliserte søkjartalet seg i 1996. I 1997 var det ein ny nedgang, og denne nedgangen har halde fram i 1998. Mens talet på søkjarar i 1997 var 90 300 for dei studia som blir søkt gjennom Samordna opptak, var talet primo mai 1998 estimert til omkring 82 500 søkjarar, eller ein ytterlegare nedgang på 8,6 %. Vi nærmar oss no ein situasjon der dei aller fleste kvalifiserte søkjarar får tilbod om studieplass, og der gruppa kvalifiserte søkjarar utan studieplass, i hovudsak er søkjarar til attraktive studium med låg opptakskapasitet.

Tabell 2.1 Utvikling i søkinga til universitet og høgskolar

1992199319941995199619971998
Søknader658 285828 354944 329755 577627 040535 536464 648
Søkjarar96 094106 925109 054101 255101 28893 17281 709
Søkjarar 18-24 år69 11776 28278 21874 28475 77167 54159 378
%, søkjarar 18-24 år71,971,371,773,474,872,572,7
Kvalifiserte søkjarar85 59894 53897 11683 88482 29475 656-
Kvalifiserte søkjarar med tilbod62 70770 28071 60269 04369 86167 923-
Kvalifiserte søkjarar utan tilbod23 22325 05425 51414 84112 4335 272-
Personar møtt til studiestart39 82443 96641 90745 62445 50143 651-

For 1992 og 1993 er det ikkje samsvar mellom tal på kvalifiserte søkjarar med tilbod, tal på kvalifiserte utan tilbod og tal på kvalifiserte søkjarar. Årsaka til dette er manglande registrering av søkjarar med spesiell vurdering. Dette er retta opp fom. 1994.

Tal for 1992-1997 inkluderer óg enkelte studium som ikkje er med i det samordna opptaket, mellom anna BI og Noregs Musikkhøgskole.

Tal for 1998 er basert på 99 % registrerte søknader. Desse tala omfattar ikkje dei studia som ikkje er med i det samordna opptaket.

Kilde: Kjelde: Samordna opptak

Tabellen nedanfor viser talet på søkjarar frå dei ulike landsdelane som søkjer til universitet og vitskaplege høgskolar, med unntak av Noregs musikkhøgskole, som ikkje er med i det samordna opptaket. Tala er basert på ca. 99 % av søkjarane.

Tabell 2.2 Geografisk fordeling av søkjarar til universitet og vitskaplege høgskolar i 1998 etter kva for del av landet dei er busette i

BustadAustlandetAgder/RogalandVestlandetTrøndelagNord-Noreg
Lærestad
Oslo16 5402 8793 4101 6402 001
Bergen6 1403 0946 8751 2421 380
Trondheim5 7441 6752 7383 7181 901
Tromsø2 1436478275532 197
Ås999200271193135

Kilde: Kjelde: Samordna opptak

Tabellen viser at svært mange av søkjarane til lærestadene i Oslo, kjem frå andre delar av landet enn Austlandet. Til dømes er det omlag like mange frå Nord-Noreg som søkjer til universitet/vitskapleg høgskole i Oslo som til Universitetet i Tromsø.

2.2 Behov og etterspurnad på lengre sikt

Årskullet av 19-åringar vil halde seg på eit nivå mellom 50 000 og 55 000 fram mot 2006, for deretter å stige til om lag 60 000 i 2009, jf tabellen nedanfor.

Tabell 2.3 Utviklinga i tal på 19-åringar fram mot 2009, gitt som tal på levandefødde i dei einskilde årskulla

1998199920012003200520072009
Tal i årskull 19 år51 58051 03951 24550 27452 51457 52660 939

Kilde: Kjelde: SSB, Statistisk årbok

Når det gjeld søkjarar på 19 år, har den delen auka frå ca 27% i 1992 til ca 35% i 1996, og ned att til 27% i 1997. Førebels tal frå 1998 tyder på ein ytterlegare nedgang, men sjå underteksta i tabell 2.4. Årsakene til nedgangen kan vere fleire, men det er verd å merke seg at nedgangen dei to siste åra har vore relativt mindre for 20-åringar. Dette kan vere fordi fleire søkjer seg til folkehøgskolar, dei nyttar eit ekstra år til å skaffe seg tilleggspoeng for å søkje på meir attraktive studium, eller fordi fleire vel fireårig vidaregåande yrkesopplæring. Den generelle nedgangen kan ha si årsak i ein betre arbeidsmarknad.

Tabell 2.4 Utviklinga i søkjartalet og tal på 19-åringar

1992199319941995199619971998
Søkjarar i årsklassen 19 år16 48717 37717 24816 74917 79713 98812 749
Tal i årsklasse 19 år61 20859 60356 34553 47450 87751 74951 580
% som søkjer26,929,230,631,335,027,024,7
Søkjarar i årsklassen 20 år15 88716 66715 43715 68214 67614 121
Tal i årsklasse 20 år61 20859 60356 34553 47450 87751 749
% som søkjer26,028,027,429,328,827,3

Tala for 1998 er basert på omlag 99% av søkjarane og gjeld berre studia som blir søkt gjennom Samordna opptak. Samanliknbare prosentdelar for 1998 vil kunne liggje opp til ei prosenteining høgre enn dei som er oppgjevne her, etter avslutta opptak.

Kilde: Kjelde: SSB, Statistisk årbok

Det er ulike mekanismer som ligg til grunn for dimensjonering av studiekapasitet. Einskilde utdanningar blir dimensjonert hovudsakleg på grunnlag av situasjonen i arbeidsmarknaden. Dette gjeld særleg profesjonsstudia innan helse- og sosialfag, samt einskilde lærarutdanningar. Ein har sidan 1990 auka kapasiteten innan desse fagområda for å dekkje behovet for personell med høgre helse- og sosialfagleg utdanning samt lærarutdanning.

I ein del andre studium ved universiteta og høgskolane er kapasiteten endra i takt med etterspurnaden frå dei utdanningssøkjande. Desse studietilboda har tatt imot ein monaleg del av dei store ungdomskulla som har søkt høgre utdanning dei seinare åra. Det blir ei utfordring framover å balansere studentane sine ønske opp mot omsynet til samfunnet sitt behov for arbeidskraft og undervisningstenester.

Ei melding om dimensjonering av studieplassar er lagt fram for Stortinget, og vi viser til den for vidare drøfting av desse spørsmåla.

Det har vore ein klår tendens til at dei som blir tekne opp til lågare grad, oftare tar studium av høgre grad. Det vil seie at studieplassar ved universiteta etter kvart må bli gjort om til studium av høgre grad.

Innanfor naturvitskaplege og teknologiske studium, har det vore til dels låg søking. Arbeidsmarknaden har no stort behov for kandidatar innanfor IT-sektoren. Ein har derfor auka studiekapasiteten med 40 plassar frå hausten -98 på desse studia ved universiteta i Oslo og Bergen og ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet gjennom øyremerka bevilgingar, jf omtale under dei einskilde universiteta.