4 Nærare om form og innhald i frihandelsavtalen
4.1 Generelt
Frihandelsavtalen med PLO/PA inneheld ei innleiing, 40 artiklar, seks vedlegg og fem protokollar. Vedlegga og protokollane utgjer integrerte delar av frihandelsavtalen. I tilknyting til avtalen er det underskrive ein tilleggsprotokoll («Record of Understanding»), som avspeglar ei politisk forståing mellom partane når det gjeld gjennomføringa av delar av avtalen og vilje hos partane til å vidareutvikle avtalen på visse område. I tilleggsprotokollen står det mellom anna at avtalen vil bli gått gjennom på ny i etterkant av finalisering av sluttstatusforhandlingane mellom PA og Israel, samt ei utviding av PA sin kompetanse, med sikte på å komme fram til ein endeleg avtale mellom EFTA og PLO/PA.
4.2 Innleiinga til avtalen
Innleiinga til avtalen stadfester formåla med avtalen. Partane slår mellom anna fast at dei ønskjer å skape gode vilkår for utvikling av handelen og å fremje kommersielt og økonomisk samarbeid på område av felles interesse.
Det vert vist til at EFTA-statane er medlemmer av WTO, og at PLO/PA ønskjer å søkje om opptak som medlem. Partane går inn for å styrkje det multilaterale handelssystemet og å utvikle handelen seg imellom i retning av frihandel, i samsvar med WTO-reglane.
4.3 Mål (artikkel 1)
Artikkelen slår fast at partane gradvis skal skape eit frihandelsområde i samsvar med føresegnene i avtalen. Det vert streka under at avtalen byggjer på handelssamkvem mellom partar med marknadsøkonomi og på respekt for demokratiske verdiar og menneskerettar. Siktemålet er å fremje det økonomiske samkvemmet mellom landa gjennom utvida samhandel basert på rettferdige handelsvilkår og nedbygging av handelshindringar. På denne måten vil avtalen kunne medverke til å fremje større økonomisk aktivitet, betre leve- og arbeidsvilkår og auka produktivitet og finansiell stabilitet.
4.4 Verkeområde (artikkel 2)
Artikkel 2 slår fast at føresegnene i avtalen skal gjelde handel med industrivarer under kapittel 25-97 i det Harmoniserte system for omtale og koding av varer (HS), med unntak av visse vareslag som går fram av vedlegg I til avtalen. Føresegnene i avtalen omfattar òg handel med foredla landbruksvarer slik dei er oppførte i protokoll A til avtalen, og med fisk og andre marine produkter som fastsett i vedlegg II.
Når det gjeld foredla landbruksvarer (protokoll A), gjev EFTA-statane og PLO/PA tollkonsesjonar i tråd med dei nasjonale varelistene i protokollen. Protokollen opnar for framleis å praktisere ordninga med råvarepriskompensasjon, dvs. kompensasjon for ulike prisar i avtalepartane for dei råvarene som vert nytta i framstillinga av dei aktuelle foredla landbruksvarene. Handel med foredla landbruksprodukt er eit av områda PLO/PA har avgrensa kompetanse på. På bakgrunn av dette er det i tilleggsprotokollen uttrykt ei forståing mellom avtalepartane av at PLO/PA har forplikta seg til å ikkje gje EFTA-statane dårlegare hansaming når det gjeld handel med foredla landbruksvarer lista i tabell V til protokoll A, enn den handsaminga som til kvar tid vert praktisert av Israel i høve til import av foredla landbruksvarer med opphav i EFTA.
Handel med fisk og andre marine produkter er omhandla i vedlegg II til avtalen. På bakgrunn av PLO/PA sin avgrensa kompetanse på handel med fisk og andre marine produkter har PLO/PA for enkelte varer fått overgangsordningar som tilsvarar krava i EFTA-Israel-avtalen. Vedlegg II inneber at partane på sikt tillèt frihandel for fisk og andre marine produkter seg imellom, så snart forholda tillèt det. Sveits og Liechtenstein kan halde fast ved importtoll for somme vareslag med opphav på Vestbreidda og i Gaza. Vedlegg II inneheld òg føresegner om regelverket for statsstøtte i fiskerisektoren, som er i samsvar med føresegnene i EFTA-konvensjonen.
4.5 Opphavsreglar og tolladministrativt samarbeid (artikkel 3)
Opphavsreglane er ein nødvendig reiskap for å utnytte og avgrense dei tollpreferansane som ein frihandelsavtale gjev økonomiske aktørar innanfor eit frihandelsområde i høve til aktørar som står utanfor frihandelsområdet. Reglane fastset kva produksjonskrav som må vere oppfylte for å oppnå status som frihandelsvarer («opphavsstatus») i området når det gjeld bruk av innsatsmateriale frå tredjeland, nødvendig foredling, frakt, opphavsdokumentasjon m.m.
Artikkel 3 i avtalen gjev allmenne retningsliner for samarbeidet på tollområdet og viser til protokoll B til avtalen, som gjev detaljerte føresegner om kva opphavsreglar som skal gjelde, og om metodane for tolladministrativt samarbeid.
Protokoll B er utforma etter mønster av dei nye opphavsreglane i Europa som vert brukte for dei sentral- og austeuropeiske landa og Israel. I tilleggsprotokollen uttrykkjer partane at dei aktar å innleie ein dialog med sikte på å etablere diagonal kumulasjon på gjensidig basis med andre partnarar i regionen, dvs. i første omgang med Egypt, Jordan og Israel.
Protokoll B inneheld m.a. detaljerte føresegner om kor store mengder innsatsmateriale frå land utanfor frihandelsområdet (tredjeland) ei vare kan innehalde for å oppnå «opphavsstatus» for preferansehandel innanfor frihandelsområdet. Alle varer er nemnde i den tilhøyrande prosesslista (vedlegg II). I denne prosesslista er det rekna opp kva produksjonsprosessar ein vare som inneheld materialear frå tredjeland må gå gjennom for å oppnå «opphavsstatus». Ein grunnleggjande regel er regelen om posisjonsskifte, dvs. at innsatsvarer frå land utanfor avtaleområdet må ha ein annan posisjon i det Harmoniserte tollsystem (HS) enn ferdigvara. I staden kan det vera krav om at materiala må vere i samsvar med dei fastsette produksjonsprosessane eller den verdiauken som er fastsett for kvar vare.
Protokoll B inneheld vidare føresegner om oppretting av eit administrativt samarbeid mellom tollstyresmaktene hos partane, m.a. når det gjeld utferding og kontroll av opphavsdokumentasjon. Det er vedteke at det skal opprettast ein eigen underkomité for toll- og opphavsspørsmål under Den blanda komitéen, som skal drøfte aktuelle spørsmål på tollområdet.
4.6 Importtoll og avgifter med tilsvarande verknad (artikkel 4)
Denne artikkelen inneber at EFTA-statane og PLO/PA har forplikta seg til å avvikle all importtoll på industrivarer og avgifter med tilsvarande verknad frå avtalen trer i kraft.
4.7 Toll av fiskal karakter (artikkel 5)
Artikkel 5 presiserer at føresegnene i artikkel 4 (importtoll og avgifter med tilsvarande verknad) òg skal gjelde for fiskaltoll.
4.8 Eksporttoll og avgifter med tilsvarande verknad (artikkel 6)
Artikkel 6 slår fast at det ikkje skal innførast ny eksporttoll eller tiltak med tilsvarande verknad i handelen mellom partane, og at all eksisterande eksporttoll og tiltak med tilsvarande verknad skal avviklast frå iverksetjingsdatoen.
4.9 Kvantitative import- og eksportrestriksjonar og tiltak med tilsvarande verknad (artikkel 7)
Artikkel 7 fastset at det ikkje skal innførast nye kvantitative import- og eksportrestriksjonar eller tiltak med tilsvarande verknad i handelen mellom partane. Eksisterande restriksjonar og tiltak med tilsvarande verknad skal avviklast frå iverksetjingsdatoen.
4.10 Allmenne unntak (artikkel 8)
Artikkel 8 fastset at avtalen ikkje skal vere til hinder for forbod mot eller restriksjonar på import, eksport eller varer i transitt ut frå omsynet til t.d. offentleg moral, orden og tryggleik, vern av miljøet, m.m. Det vert presisert at slike tiltak ikkje skal kunne brukast som eit middel til vilkårleg forskjellshandsaming eller skjulte handelsrestriksjonar i handelen mellom partane.
4.11 Statsmonopol (artikkel 9)
Artikkel 9 skal sikre at det ikkje vert gjort skilnad på borgarar av EFTA-statar og PLO/PA med omsyn til innkjøps- og marknadsføringsvilkår for varer, ved at partane forpliktar seg til å gjennomføre ei tilpassing av statsmonopol som driv forretningsverksemd.
EFTA-statane forpliktar seg til å gjennomføre ei slik tilpassing før avtalen trer i kraft, med atterhald for føresegnene i protokoll C til avtalen. PLO/PA forpliktar seg til å gjennomføre ei tilpassing innan 31. desember 2001.
Artikkelen gjev ein definisjon av kva organ som vert omfatta, og presiserer m.a. at monopol som parten gjev til ikkje-offentlege organ, skal omfattast av føresegnene.
4.12 Tekniske forskrifter (artikkel 10)
Artikkel 10 pålegg partane å diskutere eit nærare samarbeid om spørsmål knytte til å fjerne tekniske handelshindringar. Samarbeidet omfattar tekniske forskrifter, standardar og samsvarsvurderingar.
4.13 Handel med landbruksvarer (artikkel 11)
Artikkel 11 inneber at avtalepartane seier seg reie til å fremje ei harmonisk utvikling i handelen med landbruksvarer. Det vert vidare vist til at kvar einskild EFTA-stat og PLO/PA har inngått ein bilateral protokoll om handel med uforedla landbruksvarer. Partane forpliktar seg i artikkelen til å handheve forskriftene sine om helse og plantehelse på ein måte som ikkje inneber forskjellshandsaming, og skal ikkje innføre nye tiltak som har som verknad at handelen vert hindra unødig.
Landbruksprotokollen (vedlegg 3) mellom Noreg og PLO/PA inneheld ei liste over einsidige tollkonsesjonar frå norsk side og opphavsreglar for handelen med landbruksvarer. Vidare inneheld protokollen ein klausul som forpliktar partane til å prøve å få i stand ei utvikling i handelen med landbruksvarer.
4.14 Innanlands skattlegging og reguleringar (artikkel 12)
Artikkel 12 forpliktar partane til å praktisere innanlands skattlegging og andre avgifter og reguleringar i samsvar med artikkel III i GATT 1994 og andre relevante WTO-avtalar. Eksportørar kan ikkje få refundert innanlands skattar som er større enn dei skattane som direkte eller indirekte er pålagde varer som vert eksporterte til ein av avtalepartane.
4.15 Betalingar og overføringar (artikkel 13)
Artikkel 13 slår fast at det ikkje skal leggjast restriksjonar på betalingar og betalingsoverføringar i samband med handelen mellom ein EFTA-stat og PLO/PA. Partane skal ikkje innføre valutarestriksjonar eller administrative restriksjonar for tildeling, tilbakebetaling eller godkjenning av kortsiktige eller mellomlangsiktige kredittar til dekning av handelstransaksjonar der ein valutainnlending deltek. Artikkelen slår vidare fast at ingen avgrensande tiltak skal gjelde for overføringar i tilknyting til investeringar.
4.16 Offentlege innkjøp (artikkel 14)
Partane erklærer i denne artikkelen at dei ser det som eit vesentleg mål å gjennomføre ei effektiv liberalisering av dei respektive marknadene sine for offentlege innkjøp på gjensidige og like vilkår. For å oppnå dette skal partane innanfor Den blanda komitéen utarbeide reglar med sikte på å sikre ei slik liberalisering.
4.17 Immaterialrettsleg vern (artikkel 15)
Artikkel 15 pålegg partane å syte for eit tilstrekkeleg, effektivt vern av immaterielle rettar, mellom anna tiltak for å sikre slike rettar mot krenking, for å hindre forfalsking og såkalla piratverksemd, i samsvar med internasjonale standardar.
Partane skal samarbeide om immaterialrettsleg vern i tråd med artikkel 26 (Teknisk assistanse) i avtalen.
Gjennomføringa av denne artikkelen skal evaluerast av partane. Partane er samde om å gjennomgå føresegnene om immaterialrettsleg vern dersom det skulle oppstå problem med gjennomføringa og ein avtalepart ber om det, med sikte på å finne felles løysingar som er tilfredsstillande for alle partar.
4.18 Konkurransereglar for føretak (artikkel 16)
Artikkel 16 gjev eit oversyn over avtalar og åtferd mellom føretak som er i strid med avtalen dersom dei har negativ verknad på handelen mellom partane. Dette gjeld alle avtalar mellom føretak, alle vedtak som vert gjorde av føretak, og alle former for samordna praksis mellom føretak viss formålet eller verknaden er å hindre, innskrenke eller vri konkurransen. Vidare gjeld artikkelen dersom eitt eller fleire føretak på utilbørleg vis utnyttar ei dominerande stilling på territoria til avtalepartane eller på ein vesentleg del av desse territoria.
Det vert presisert at desse føresegnene òg skal gjelde for verksemda til offentlege føretak og føretak som er tildelte særlege rettar eller einerettar, så sant føresegnene ikkje hindrar dei i å utføre dei oppgåvene dei er pålagde.
Dersom ein av avtalepartane meiner at ein bestemt praksis er i strid med konkurranseføresegnene, kan han gjere høvelege tiltak på dei vilkåra og etter dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 23 (Framgangsmåte ved bruk av tryggingstiltak).
4.19 Statsstøtte (artikkel 17)
Artikkel 17 slår fast at bruk av statsstøtte er i strid med avtalen dersom dette vrir eller trugar med å vri konkurransen slik at somme føretak eller produksjonen av somme varer får fordelar som verkar inn på handelen mellom partane. All praksis som er i strid med føresegna, skal vurderast ut frå dei kriteria som er fastsette i vedlegg VI til avtalen. Vedlegg III fastset nærare retningsliner for gjennomføring av artikkelen og gjer greie for tiltak som ikkje er omfatta av føresegnene. Vedlegget gjev vidare eit oversyn over støttetiltak som ikkje er tillatne, og tiltak som på nærare vilkår kan godkjennast, m.a. distriktsstøtte, støtte til å skape arbeidsplassar, miljøtiltak m.m. Partane godtek at PA, fram til 31. desember 2001, kan gje statsstøtte til føretak som eit middel for å handtere sine spesielle utviklingsproblem.
Partane forpliktar seg til å sikre innsyn i statlege støttetiltak ved å utveksle opplysningar slik det er føreskrive i vedlegg IV.
Dersom ein avtalepart meiner at reglane om statsstøtte er brotne, kan han setje i verk høvelege tiltak på dei vilkåra og etter dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 23 (Framgangsmåte ved bruk av tryggingstiltak).
4.20 Dumping (artikkel 18)
Artikkel 18 inneber at dersom det skjer dumping i samsvar med definisjonen i artikkel VI i Generalavtalen om tolltariffar og handel, kan den avtaleparten det går ut over, setje i verk høvelege tiltak mot denne praksisen i samsvar med GATT-regelverket og dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 23 (Framgangsmåte ved bruk av tryggingstiltak).
4.21 Krisetiltak mot import av visse varer (artikkel 19)
Artikkel 19 opnar for bruk av krisetiltak dersom det oppstår ein auke i importen av ei vare i eit omfang og under tilhøve som er eller trugar med å bli til alvorleg skade for innanlandske produsentar av tilsvarande varer eller direkte konkurrerande varer i den importerande avtaleparten. Slike tiltak kan òg nyttast ved alvorlege avvik i tilknytte sektorar av økonomien eller vanskar som kan føre til ei alvorleg forverring av den økonomiske situasjonen i ein region. Ved bruk av krisetiltak skal dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 23 (Framgangsmåte ved bruk av tryggingstiltak) nyttast.
4.22 Strukturtilpassing (artikkel 20)
Artikkel 20 gjev PLO/PA rett til, i visse tilfelle og i avgrensa tid, å innføre høgare importtoll eller avgifter med tilsvarande verknad for å lette strukturtilpassing. Slike tiltak kan berre gjelde nye næringar, eller bestemte sektorar som er under omstrukturering eller står overfor alvorlege vanskar, særleg når desse vanskane medfører store sosiale problem. Slike strukturavgifter på tilpassing kan nyttast på varer oppført i vedlegg V.
Den samla tollen på Vestbreidda og i Gaza for varer med opphav i EFTA-statar som er ei følgje av slike tiltak, skal ikkje overstige 25 % av verdien av varene og skal innehalde ein viss preferanse for varer frå EFTA-statar. Denne tollen må ikkje vere høgare enn tollen som vert lagd på import til Vestbreidda og Gazastripa av liknande varer frå noko anna land. Den samla importverdien av dei varene desse tiltaka får følgjer for, skal ikkje overstige 15 % av samla import av desse industrivarene frå EFTA-statane.
Desse tiltaka skal gjelde for eit tidsrom på høgst fem år, med mindre Den blanda komitéen gjev løyve til eit lengre tidsrom.
PLO/PA skal informere Den blanda komitéen om alle ekstraordinære tiltak parten aktar å setje i verk, og på oppmoding frå EFTA-statane skal det haldast samråd i Den blanda komitéen om slike tiltak og sektorane dei skal gjelde for, før dei vert sette i verk. Når slike tiltak vert sette i verk, skal Den palestinske sjølvstyresmakta (PA) leggje fram for Den blanda komitéen ein timeplan for denne artikkelen. Timeplanen skal innebere ei nedtrapping av tollen med like årlege satsar, som skal starte seinast to år etter at tollen vart innført. Den blanda komitéen kan fastsetje ein annan timeplan.
4.23 Vidareeksport og alvorleg varemangel (artikkel 21)
Artikkel 21 slår fast at avtalepartane kan setje i verk tryggingstiltak etter framgangsmåten i artikkel 23 (Framgangsmåte ved bruk av tryggingstiltak) dersom ein avtalepart eksporterer til ein annan avtalepart og denne vidareeksporterer til eit land utanfor avtaleområdet som den førstnemnde avtaleparten brukar kvantitative eksportrestriksjonar, eksporttoll eller tiltak med tilsvarande verknad mot med omsyn til vedkommande vare. Tryggingstiltak kan òg setjast i verk ved alvorleg skort på ei vare som er vesentleg for den eksporterande avtaleparten, eller når det er fare for at det kan oppstå slik skort. Tiltaka skal ikkje vere diskriminerande og skal fjernast når tilhøva ikkje lenger gjev grunn til å halde dei ved lag.
4.24 Vanskar med betalingsbalansen (artikkel 22)
Artikkel 22 slår fast at partane skal streve etter å unngå å innføre avgrensande tiltak av omsyn til betalingsbalansen. Dersom ein EFTA-stat eller PLO/PA har alvorlege vanskar med betalingsbalansen eller det er direkte fare for det, kan avtalepartane innføre ikkje-diskriminerande handelsavgrensande tiltak i ei avgrensa tid, i samsvar med vilkåra i GATT/WTO.
4.25 Framgangsmåte ved bruk av tryggingstiltak (artikkel 23)
Artikkel 23 fastset framgangsmåten for bruk av tryggingstiltak. Det vert presisert at partane før slike tiltak vert sette i verk, skal freiste å løyse eventuell usemje seg imellom gjennom direkte samråd og informere dei andre partane om dette.
4.26 Unntak av tryggleiksgrunnar (artikkel 24)
Artikkel 24 slår fast at avtalen ikkje skal vere til hinder for at partane kan setje i verk nødvendige tiltak for å hindre spreiing av opplysningar som er i strid med deira vesentlege tryggleiksinteresser. Vidare kan partane på visse vilkår gjere tiltak for å verne sine vesentlege tryggleiksinteresser eller for å gjennomføre internasjonale skyldnader eller nasjonal politikk som gjeld reguleringar av våpenhandel eller spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Tilsvarande gjeld i krigstid eller i situasjonar med alvorleg internasjonal spenning.
4.27 Tenester og investeringar (artikkel 25)
I artikkel 25 erklærer partane at dei ser på desse områda som spesielt viktige. Dei vil difor samarbeide for å fremje investeringar og for å oppnå ei gradvis liberalisering og gjensidig opning av marknadene for handel med tenester.
4.28 Teknisk assistanse (artikkel 26)
Artikkel 26 seier at avtalepartane skal bli samde om ei passande ramme for teknisk assistanse og samarbeid i handelsrelaterte saker og samordne innsatsen med aktuelle internasjonale organisasjonar.
4.29 Den blanda komitéen (artikkel 27 og 28)
Artikkel 27 og 28 inneheld føresegner om Den blanda komitéen, som i samsvar med samarbeidserklæringa som vart underskriven i Genève i desember 1996, skal administrere og overvake gjennomføringa av avtalen. Partane forpliktar seg til å utveksle opplysningar og skal på oppmoding frå ein av partane halde samråd i Den blanda komitéen. Den blanda komitéen skal stendig vurdere om det er mogeleg å fjerne ytterlegare handelshindringar mellom EFTA-statane og PLO/PA. Den blanda komitéen kan fatte vedtak i dei sakene avtalen gjev heimel for. I andre saker kan Den blanda komitéen leggje fram tilrådingar.
Den blanda komitéen skal komme saman på regelmessig basis og etter behov. Kvar part i avtalen, kan be om møte. Den blanda komitéen skal handle i gjensidig forståing. Dersom representanten for ein avtalepart i Den blanda komitéen har godteke eit vedtak med atterhald om oppfylling av konstitusjonelle krav, skal vedtaket tre i kraft den dagen det er gjeve melding om at atterhaldet er oppheva, med mindre det er sett ein seinare dato. Den blanda komitéen skal vedta sine eigne møteføresegner, som mellom anna skal innehalde føresegner om møteinnkalling og om val av formann og kor lenge formannsvervet skal vare, og kan vedta å opprette dei underkomiteane og arbeidsgruppene han finn at han treng for å gjennomføre oppgåvene sine.
4.30 Skilsdomshandsaming (artikkel 29)
Artikkel 29 opnar for at tvistar mellom partane om tolkinga av rettar og plikter etter avtalen som ikkje er løyste ved samråd eller i Den blanda komitéen innan seks månader, kan leggjast fram for skilsdom av ein part i tvisten. Korleis skilsdomstolen skal opprettast og arbeide er regulert av føresegnene i vedlegg VI. Skilsdomstolen skal avgjere tvisten i samsvar med føresegnene i avtalen og gjeldande reglar og prinsipp i folkeretten. Skilsdomstolen si avgjerd skal vere endeleg og bindande for partane i tvisten.
4.31 Oppfylling av plikter (artikkel 30)
Artikkel 30 inneber at partane forpliktar seg til å gjere dei tiltaka som trengst for å sikre at måla med avtalen vert nådde, og at partane oppfyller pliktene sine i samsvar med avtalen. Dersom ein EFTA-stat meiner at PLO/PA ikkje har oppfylt pliktene sine, eller PLO/PA meiner at ein EFTA-stat ikkje har oppfylt pliktene sine etter avtalen, kan den aktuelle avtaleparten setje i verk høvelege tiltak i samsvar med artikkel 23 (Framgangsmåte ved bruk av tryggingstiltak).
4.32 Vedlegg og protokollar (artikkel 31)
Artikkel 31 slår fast at vedlegga og protokollane til avtalen utgjer ein integrert del av avtalen. Vedlegga og protokollane kan endrast med vedtak i Den blanda komitéen.
4.33 Handelssamkvem som vert regulert av denne avtalen (artikkel 32)
Artikkel 32 slår fast at avtalen gjeld for handelssamkvem mellom dei ulike EFTA-statane på den eine sida og PLO/PA på den andre, men ikkje for handelssamkvem mellom dei einskilde EFTA-statane, med mindre anna er fastsett i avtalen.
4.34 Territoriell rekkevidd (artikkel 33)
Artikkel 33 slår fast at frihandelsavtalen gjeld på avtalepartane sine territorium, med dei unntaka som framgår av protokoll E. Protokoll E gjev Noreg rett til ved ratifikasjon å halde Svalbard utanom det geografiske verkeområdet for avtalen, med unntak av dei føresegnene som gjeld handelen med varer. Noreg vil nytte seg av denne retten.
Likehandsamingsprinsippet i Svalbardtraktaten inneber at dersom frihandelsavtalen skulle gjelde på Svalbard, ville dette i prinsippet kunne få utilsikta følgjer for dei rettane som Noreg må tilkjenne partane i Svalbardtraktaten.
Ein ser det slik at frihandelsavtalen ikkje gjev partane meir omfattande rettar med omsyn til import og eksport av varer enn dei rettane Svalbardtraktaten gjev partane i denne. På bakgrunn av dette vart det under forhandlingane med PLO/PA ikkje rekna for nødvendig å be om unntak frå bruken av frihandelsavtalen på Svalbard når det gjeld handelen med varer. Unntaket får dermed berre verknad for rettar som følgjer av andre delar av frihandelsavtalen, i første rekkje regelverket for offentlege innkjøp og handel med tenester, som etter føresetnaden skal utviklast innanfor ramma av artikkel 14 (Offentlege innkjøp) og artikkel 25 (Tenester og investeringar) i frihandelsavtalen. Unntaka vil òg kunne få verknad dersom verkeområdet for avtalen vert utvida til andre område i samsvar med evalueringsklausulen (artikkel 37 i avtalen).
Dei same vurderingane som vart gjorde under forhandlingane om frihandelsavtalen når det gjeld tilhøvet til partane i Svalbardtraktaten, ligg òg til grunn for at EØS-avtalen, som mellom anna omfattar føresegner om offentlege innkjøp og handel med tenester, ikkje får verknad for Svalbard. I samsvar med dette er det EFTA-avtalen (Stockholmskonvensjonen) og frihandelsavtalen mellom Noreg og EU som gjeld for handelen mellom EØS-land og denne delen av norsk territorium.
4.35 Tollunionar, frihandelsområde og grensehandel (artikkel 34)
Artikkel 34 slår fast at frihandelsavtalen ikkje skal vere til hinder for vidareføring og oppretting av tollunionar, frihandelsområde eller grensehandelsordningar, så sant dei ikkje verkar negativt inn på handelssystemet som er fastsett i denne avtalen.
4.36 Endringar (artikkel 35)
Artikkel 35 slår fast at endringar i avtalen utover endringar som er omtala i artikkel 31 (Vedlegg og protokollar), skal leggjast fram for avtalepartane til godkjenning og tre i kraft når dei er godkjende av alle partar. Både teksta til endringane og godkjenningsdokumenta skal deponerast hos depositaren, som er den norske regjeringa.
4.37 Tiltreding (artikkel 36)
I artikkel 36 går det fram at alle statar som er medlemmer av EFTA, kan tiltre frihandelsavtalen etter godkjenning av Den blanda komitéen. Tiltredingsdokument skal deponerast hos depositaren. For ein stat som tiltrer frihandelsavtalen, skal han tre i kraft første dagen i tredje månaden etter at staten har deponert tiltredingsdokumentet sitt.
4.38 Evalueringsklausul (artikkel 37)
I artikkel 37 opnar avtalen for at samarbeidet kan utdjupast på eksisterande område, eller utvidast til å gjelde område som ikkje er omfatta av avtalen. Med sikte på å etablere ein endeleg frihandelsavtale mellom EFTA og PLO/PA skal den mellombelse avtalen gjennomgåast i lys av vidare utvikling i dei internasjonale økonomiske relasjonane og i fredsprosessen i Midtausten.
4.39 Oppseiing og opphør (artikkel 38)
Artikkel 38 slår fast at kvar part kan seie opp avtalen med seks månaders skriftleg varsel til depositaren. Dersom PLO/PA seier opp avtalen, skal avtalen slutte å gjelde når oppseiingstida går ut, og dersom alle EFTA-statane seier opp avtalen, skal han slutte å gjelde når den siste oppseiingstida går ut. Dersom ein EFTA-stat trekkjer seg frå konvensjonen om oppretting av EFTA, er ikkje staten lenger part i frihandelsavtalen frå den dagen oppseiinga trer i kraft.
4.40 Iverksetjing (artikkel 39)
Artikkel 39 slår fast at denne avtalen krev ratifikasjon, og at ratifikasjonsdokumenta skal deponerast hos depositaren. Avtalen trer i kraft første dagen i andre månaden etter at alle partane har deponert ratifikasjonsdokumenta sine.
4.41 Depositar (artikkel 40)
Artikkel 40 slår fast at regjeringa i Noreg er depositar for avtalen. Dette inneber at Noreg har ansvaret for å oppbevare avtalen og orientere alle avtalepartane om deponering av alle dokument om ratifikasjon, tiltreding og godtaking av endringar etter artikkel 35, og om iverksetjing av avtalen og om endringar i avtalen som vert gjorde etter framgangsmåten fastsett i artikkel 38, om opphøyr og om alle oppseiingar av avtalen.
Avtalen er utferda i ein engelsk original.
4.42 Tilleggsprotokollen («Record of Understanding»)
Ein eigen tilleggsprotokoll er avtala mellom avtalepartane og teken inn i vedlegg 2. Protokollen inneheld presiseringar frå ein eller fleire avtalepartar si side når det gjeld gjennomføringa av avtalen, og ein erklært vilje til å utvide avtalen på visse område.
Partane er samde om at Den palestinske sjølvstyresmakta i oppfyllinga av pliktene sine mot EU etter den mellombelse assosieringsavtalen og ein framtidig assosieringsavtale ikkje skal stille EFTA-statane mindre gunstig.
Full frihandel med fisk og andre marine produkter er rekna som eit integrert mål i avtalen. Den palestinske sjølvstyresmakta skal liberalisere all import av slike varer så snart forholda tillèt det. I dag har Den palestinske sjølvstyresmakta avgrensa kompetanse på området fisk og marine produkter etter Paris-protokollen. Førebels vil endringar i avtalen mellom EFTA og Israel om fisk og andre marine produkter også bli gjort gjeldande for handelsrelasjonar mellom EFTA-statane og Vestbreidda og Gaza. Referansen til «så snart forholda tillèt det» inneber så snart Den palestinske sjølvstyresmakta har fått full kompetanse på dette området.
Vidare skal EFTA-statane og Den palestinske sjølvstyresmakta undersøkje om det lèt seg gjere å utvide og forbetre opphavsreglane ytterlegare, med sikte på å etablere diagonal kumulasjon med varer med opphav i Egypt, Israel og Jordan, med tanke på å utvide og fremje produksjon og handel mellom europeiske land og land i Middelhavsområdet.
4.43 Den bilaterale landbruksprotokollen (vedlegg 3)
Landbruksprotokollen mellom Noreg og PLO/PA er teken inn i vedlegg 3. Protokollen inneheld ei liste over einsidige tollkonsesjonar frå norsk side og opphavsreglar for handelen med landbruksvarer. Protokollen inneheld vidare ein klausul som forpliktar partane til å søkje å få til ei utvikling i handelen med landbruksvarer.