Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale av 30. november 1998 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta (PA) og erklæring i samsvar med protokoll E.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale av 30. november 1998 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta (PA) og erklæring i samsvar med protokoll E, i samsvar med eit framlagt forslag.
Tilråding frå Utanriksdepartementet ligg ved.