1 Innleiing
Det vert fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2002 som følgje av dette.
Den 12. april 2002 kom partane i trygdeoppgjeret - staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg - saman for å gå gjennom rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Føremålet med møtet var å kartleggje utviklinga i løningar og grunnbeløp.
Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet føregjekk 15. og 16. mai 2002. Møta førte ikkje fram til semje.
Regjeringa gjer framlegg om at grunnbeløpet aukar med kr 2 810 frå 1. mai i år, frå kr 51 360 til kr 54 170. Dette er i samsvar med det som vart lagt fram for organisasjonane under drøftingane.
Meirutgiftene for 2002 av auken i grunnbeløpet vert omlag 4 887 mill. kroner, inkludert reguleringa av statspensjonane per 1. mai 2002, jf. St.prp. nr. 70 (2001-2002).