9 Ytingar til yrkesretta attføring
Løyvinga for 2002 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring er på 7 754 mill. kroner fordelt med 5 697 mill. kroner til attføringspengar og 2 057 mill. kroner til attføringsstønader. I tillegg er løyvinga til attføringspengar i 2002 foreslått auka med 200 til mill. kroner i St.prp. nr. 63 (2001 - 2002) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2002.
Attføringspengar
Med utgangspunkt i eksisterande informasjon om utbetalingane hittil i år og anslag på utbetalingane ut året vert det rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 224 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det vert derfor foreslått at løyvinga for 2002 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 70 attføringspengar aukast med 224 mill. kroner.
Attføringsstønader
Det er i første rekke stønad til hushaldsutgifter som vert berørt av endringa i G. Den sentrale faktoren i ordninga med stønad til hushaldsutgifter er ein sjablonberekna levekostnadsfaktor som skal dekke andre utgifter enn buutgifter. Dersom ein attføringssøkjar og eventuell ektefelle har samla nettoinntekter som er lågare enn levekostnadsfaktoren og buutgiftene til saman, skal det gjevast månadlege tilskott for å dekke differansen.
Levekostnadsfaktoren sjablonbereknast. Per 1.9.02 vert satsane i levekostnadsfaktoren auka til:
kr 5 030 per månad for trygda, ein auke på kr 30, kr 3 020 per månad for ektefelle, ein auke på kr 20, kr 1 800 per månad for kvart barn, ein auke på kr 10.
Tilskottet kan maksimalt utgjere kr 5 610 pr. månad, ein auke på kr 40. Stønadsbeløp på under kr 100 per månad vert ikkje utbetalt.
Ein reknar med at endra grunnbeløp og justering av levekostnadsfaktoren isolert sett vil føre til eit meirbehov på om lag 10 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2002.
På bakgrunn av dette vert løyvinga for 2002 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 71 attføringsstønad foreslått auka med 10 mill. kroner.